Her skulle det bli tusenvis av bustader – no er kommunen saksøkt for milliardbeløp

1 month ago 19



Etter at politikarane i 2019 bestemte at delar av jordet på Overvik i Trondheim kunne byggast ut, starta tre utbyggarfirma å planlegge bygging av bustader, skule og barnehagar.

Men i fjor snudde politikarane og bestemte at området ikkje skal brukast til utbygging likevel.

På grunn av dette har tre utbyggarselskap saksøkt Trondheim kommune for over 2,6 milliardar kroner.

Kommunen avviser kravet frå utbyggarane.

  • Kvifor er Trondheim kommune saksøkt?

    Tre selskap har saksøkt Trondheim kommune for over 2,6 milliardar kroner fordi dei ikkje får bygge bustader på eit jorde.

    Saksøkarane meiner dei med rette kunne forvente å få bygge ut området fordi politikarane i 2019 vedtok at det kunne brukast til utbygging.

    Derfor sette selskapa i gang med investeringar og planlegging av å bygge bustader, men i fjor haust vedtok politikarane at området ikkje kan byggast ut likevel.

  • Kven saksøker Trondheim kommune?

    Saksøkarane er Overvik Eiendom AS, Overvik Lokalsenter AS og Blekkan Utvikling AS. 

    Kolbjørn Opsahl Selmer er styreleiar i alle dei tre selskapa.

  • Kan politikarane berre omstemme seg for kva området skal brukast til?

    Det har lenge vore ueinigheit blant dei politiske partia i Trondheim om kva området skal brukast til. Enkelte parti ville at det skal byggast ut, medan andre ville at det skulle brukast til landbruk og fleirtalet har variert mellom desse to standpunkta.

    I fjor vedtok eit einstemmig bystyre i Trondheim kommune at området skulle definerast som landbruksareal.

    Men på torsdag skal politikarane stemme over om dei skal opne debatten for kva området skal brukast til igjen.

– Eg tenker at alle utbyggarar opererer med ein risiko, og ein må rekne med at det skjer endringar etter valet. Ein veit at det er skriftande politiske fleirtal.

Det seier byråd for byutvikling, Lars Viko Gaupset (MDG), til NRK.

– Folkevalde har i sin fulle rett til å endre eit arealføremål til eit anna arealføremål, poengterer han.

Både avisa Nidaros og Adresseavisen har omtalt søksmålet før.

Frå utbygging til matjord

Politikarane i Trondheim har lenge diskutert kva området skulle brukast til.

I 2005 vedtok politikarane at Overvik skulle brukast til landbruk-, natur og friluft.

Etter dette begynte grunneigarar å jobbe for at området skulle omdisponerast til bustadutbygging.

I 2019 vedtok bystyret at området aust i Trondheim skulle brukast til utbygging av bustader.

Planen mogeleggjorde utbygging av minst 2400 bustader, ein barneskule og to barnehagar.

Lars Viko Gaupset (MDG), byråd for byutvikling i Trondheim kommune ser på arealplan for Overvik.

Byråd for byutvikling, Lars Viko Gaupset (MDG), ser på den noverande områdeplanen for Overvik.

Foto: Morten Andersen / NRK

Men to år seinare blei det vedteke at det ikkje skal byggast ut på deler av området likevel. Det skulle førast tilbake til landbruk, natur og friluftsliv.

Så, i 2024, vedtok bystyret vern av delar av området.

Då gjekk Sentrum-høgre-byrådet til SV for å dra i land arealplanen til Trondheim kommune.

  • Områdeplan for Overvik i Trondheim kommune

    Opprinnelig vedtatt områdeplan for Overvik i Trondheim kommune fra 2019

  • Endret områdeplan for Overvik i Trondheim kommune

    Endret ommrådeplan for Overvik i Trondheim kommune fra 2024. De fire sørlegaste områda er no markert i grønt (NRK sine markeringar) for å illustrere at dei er sett av som landbruk-, natur- og friluftslivområde.

Vil ha ny vurdering i staden for å møte i retten

Det er førebels planlagt at Trondheim kommune skal møte utbyggarane i retten ein gong mellom 10. og 21. november i år.

Men på grunn av søksmålet vil Frp no ha ei ny vurdering av området.

Me meiner bystyret no bør diskutere om ein heller bør gå tilbake på områdereguleringa og tillate utbygging på Overvik, i staden for å møte utbyggarane i retten.

Det seier gruppeleiar i Trondheim Frp, Elin Marie Andreassen.

Og torsdag denne veka skal politikarane i Trondheim bestemme om områdebruken skal diskuterast på nytt.

Kommunen og bystyret kan vedta arealbruk. Spørsmålet er om ein har pådratt seg eit økonomisk erstatningsansvar gjennom dei vedtaka som har blitt gjort.

Elin Marie Andreassen avbildet utendørs, foran noen grønne trær iført en blå frp-trøye

Elin Marie Andreassen meiner bruken av området må vurderast på nytt i lys av milliardsøksmålet mot kommunen.

Foto: Kirsti Kringstad / NRK

Men dette er ikkje alle politikarane einige i at skal behandlast på nytt.

Kommuneadvokaten er jo trygg i si vurdering av at det står seg og det er behandla politisk før.

Det seier Jørn Arve Flått, gruppeleiar i Trondheim Ap.

Han påpeiker det i kommunelova står at når det først er fatta eit vedtak, så skal ikkje politikarane ta omkamp på det.

Er det rett at ein skal snu seg om no når det kjem eit søksmål?

Nei, det er jo ikkje det, svarar Ap-politikaren.

Jørn Arve Flått og Trude Basso på representantskapsmøte i Trondheim Ap.

Jørn Arve Flått beskriv søksmålet som både gigantisk og dramatisk for kommunen.

Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK

Byrådsleiar Kristian Dahlberg Hauge (H) seier at byrådet styrer etter vedtaket om at området skal brukast til landbruksføremål.

Det er opp til bystyret å eventuelt gjere nye vurderingar enn dei ein hadde i fjor haust.

Saksøker for over 2,6 milliardar kroner

Selskapa krev erstatning på 2.614.462.850 kroner for tapt forteneste, fordi området ikkje kan utviklast.

I tillegg krev dei 762.528.029 kroner for investeringar og utgreiingskostnader som selskapa meiner har vore forgjeves.

Saksøkarane meiner dei med rette kunne forvente å få bygge ut området. Dette grunngjev dei med vedtaket frå politikarane i 2019.

I tillegg meiner utbyggarane at dei har hatt eit omfattande og tett samarbeid med kommunen.

– Saksøkarane hadde ei sterkt grunngjeven forventning om at kommunen ville medverke til utbygginga partane hadde samarbeidd om i ei årrekke.

Det skriv saksøkarane sin advokat, Martin Bogstrand Sørensen, i stemninga mot Trondheim kommune.

Dei meiner politikarane etter lova ikkje kunne endre arealdisponeringa for området. Saksøkarane kallar framgangsmåten for både inkonsistent og uføreseieleg.

Til NRK seier Sørensen at dei ikkje ønsker å kommentere saka på det noverande stadiet.

«Tendensiøs, misvisande og ufullstendig»

Trondheim kommune avviser søksmålet frå dei tre utbyggarselskapa.

Kommuneadvokaten påpeiker at politikarane kan, og ofte må, endre framtidig arealbruk.

– Arealplanlegging er politikk, ikkje jus.

Det skriv kommuneadvokat Lars Marius Heggberget i kommunen sitt tilsvar. Kommunen meiner saksøkarane sin omgrepsbruk er tendensiøs.

– Stemninga si saksframstilling er på ei rekke punkt ufullstendig og misvisande, står det i tilsvaret.

Kommunen meiner dei tidlegare områdeplanane var eit signal om at ei mogleg utbygging kunne bli aktuell, men med tilhøyrande politisk risiko for nye føringar og endringar.

– Dei folkevalde sine skjønnsmessige arealpolitiske avvegingane kan ikkje overprøvast av domstolane.

I tillegg meiner kommunen at alle krava frå saksøkarane er forelda, men også dette er saksøkarane ueinige i.

NRK har ikkje fått svar frå kommuneadvokaten på spørsmål om søksmålet.

Publisert 26.03.2025, kl. 19.34

Read Entire Article