Sidan krigen braut ut 7. oktober 2023, har palestinarane på Gazastripa mista mange.
Førre veke bikka det offisielle dødstalet 50.000.
Men nye små har også kome til. 155.000 kvinner er gravide eller nybakte mødrer.
Folket i Gaza følger eit viktig prinsipp, fortel jordmor Yasmin El-Shaeer:
– Nye barnefødslar skal kompensere for barna vi har mista i krigen.
Som jordmor på Røde Kors sitt feltsjukehus i Rafah, ein by heilt sør i Gaza som no er invadert av israelske bakkestyrkar, er ho tett på både død og nytt liv.
Tettare enn ein kanskje skulle tru.
Jordmor Yasmin el-Shaeer på veg til jobb.
Foto: PrivatFødeteltet ho jobbar i, tar ikkje berre imot kvinner som skal føde. Også dei som blir så skadde i eit angrep at dei ikkje kjem til å overleve, blir sende dit.
Helsepersonalet gir dei smertestillande, så dei får ein litt meir fredfull død. Samstundes ligg kvinner og føder på den andre sida av gardina.
– I same augneblink som eg høyrer eit barns aller første gråt, kan eg sjå eit menneskeliv ta slutt. Ingen annan situasjon kan gå så sterkt inn på deg, fortel El-Shaeer.
Fødeteltet på feltsjukehuset i Rafah. Sengene er skilde av tynne gardiner. I den eine kan det ligge ein døyande, skadd person, i den andre ei fødande kvinne.
Foto: Hanna Oommen / NRKAuke i premature fødslar
Stadig fleire palestinske kvinner må føde under uhygieniske og farlege forhold, viser rapportar frå organisasjonar som Human Rights Watch og Oxfam.
Helsevesenet er i kneståande og sjukehus er mål for angrep. Mangel på mat og reint drikkevatn gjer kvinnene sårbare for sjukdommar under graviditeten.
Israel har blokkert all naudhjelp inn til Gazastripa i over tre veker.
Onsdag 26. mars rapporterte FN at 54 ultralydmaskinar, ni kuvøser og 350 jordmorskrin blir halde igjen på grensa.
Premature fødslar og komplikasjonar har auka dei siste månadane, og legar har rapportert om ei tredobling av spontanabortar sidan oktober 2023, ifølge Human Rights Watch.
– Stress, vald og infeksjonar grunna dårleg hygiene er dei vanlegaste årsakene til premature fødslar i konfliktområde, seier jordmor Hanna Oommen, som jobba på ICRC-sjukehuset i Rafah i januar og februar.
Hanna Oommen fortel om krevjande forhold for fødande og jordmødrer på Gazastripa.
Foto: Privat / NRKHo trekk også fram manglande tilgang på helsehjelp og kvalifisert helsehjelp, øydelagd infrastruktur og mangel på mat, reint vatn og medisinar som årsaker.
Manglar pledd til nyfødde
– Det er enormt krevjande forhold å vere på jobb i, fortel Oommen om fødeteltet i Rafah.
Dei har ikkje smertestillande å gi til dei som føder, sjølv ikkje dei som får akutte komplikasjonar.
– Det er heller ikkje lett å få tak i blod no. Om du får ei stor bløding, er det ein alvorleg livstruande situasjon, fortel Oommen.
Til og med pledd som kan varme eit nyfødt barn i den kalde Gaza-natta, er det mangel på. Det gjeld også reine handklede til å tørke av barnet når det først kjem ut.
Likevel ønsker mange foreldre som har mista fleire av barna sine i krigen, å få nye, fortel Oommen.
– Men det er også mange uønskte graviditetar, grunna mangel på prevensjonsmiddel. Vi ser også ei auke i seksuell vald, som diverre er ein kjend tendens i konfliktområde.
Fleire barn har blitt drepne i krigen på Gazastripa. Her ber imam Islam Abu Suaied for to spedbarn før dei blei gravlagde i Deir el-Balah i desember i fjor.
Foto: Abdel Kareem Hana / AP / NTBHåp i barnegråt
No som våpenkvila mellom Israel og Hamas er broten, kan El-Shaeer og pasientane hennar igjen høyre lyden av bomber gjennom teltveggen på feltsjukehuset.
Det israelske militæret har også gått inn i Rafah med bakkestyrkar, nok ein gong.
– Eg må halde meg roleg under fødslar, men bombinga skremmer meg. Eg tenker på familien min, på barna mine, og ber om at dei er der når eg kjem heim frå jobb, seier ho.
Feltsjukehuset til Røde Kors i Rafah.
Foto: Røde Kors / NRK– Dette livet er så fælt at folk i Gaza har begynt å seie at vi heller berre vil døy saman, heile familien, legg ho til.
No er lyden av barnegråt det einaste som gir jordmora håp.
– Det er det vakraste du kan høyre under bombinga. Barnefødslane held fram, trass i alt.
Publisert 29.03.2025, kl. 20.35