Herja med Curaçao - nå kan Noreg bli neste VM-motstandar

3 hours ago 1



Elfenbeinskysten vann 2-0 over Curaçao og sikra andreplassen i gruppe E. Det afrikanske laget kan difor bli Noregs motstandar i ein 16.-delsfinale i VM.

Allereie etter sju minutt spelt gjekk Elfenbeinskysten opp i leiinga og festa eit grep om andreplassen i gruppa.

Yan Diomande gjorde forarbeidet og fann Nicolas Pépé i feltet som sette ballen nedst i høgre hjørne. Med det fekk Pépé også si fyrste skåring i meisterskapet.

Curaçao hadde fleire gode overgangsmoglegheiter i fyrste omgang, men det skulle ikkje lukkast for VM-debutanten.

I andre omgang fekk Pépé ein sjanse til å doble leiinga. Han fekk ein pasning av Ibrahim Sangaré før han sette ballen opp i venstre hjørnet.

Elfenbeinskysten vann til slutt 2-0 og sikrar seg andreplass i gruppa. Det afrikanske laget kan møte Noreg i ein 16.-delsfinale, dersom Noreg tapar eller spelar uavgjort mot Frankrike på fredag.

Read Entire Article