«Himmelsk»

17 hours ago 5



Nokre samarbeidsprosjekt innanfor elektronisk musikk må nærast ha blitt velsigna av ei høgare makt.

Da det mot slutten av 2025 blei annonsert at Tomora i år skal spele på festivalar som Coachella, Down The Rabbit Hole og Øyafestivalen var det enda uvisst kven eller kva Tomora faktisk var.

Med låten «RING THE ALARM» fekk vi vite at gruppa er ei forlenging av det allereie sterke samarbeidet mellom britiske Tom Rowlands (55), frå ikoniske The Chemical Brothers, og heile Noregs Aurora Aksnes (29).

  •  Aurora har engasjert seg for jordklodens ve og vel.

    Tomora består av Aurora Aksnes

    Foto: Markus Indrebø Langlo / NRK
  • Mann med briller ser mot et tastatur. Mannen har på seg en mørk t-skjorte. I bakgrunnen er det et hvitt lys. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    ...og Tom Rowlands fra The Chemical Brothers.

    Foto: AP Alberto Pezzali

Debutalbumet «Come Closer» er Rowlands og Aksnes si overgivinga til eit lydbilde som på fleire måtar utfordrar kjensleregisteret til menneske.

Berre eit spørsmål om tid

«Come Closer» er ikkje det første samarbeidet mellom artistane. Briten hadde nemleg ein finger med i spelet på Aurora sitt 2024-album «What Happened To The Heart».

Før det medverka Aksnes på The Chemical Brothers sitt «No Geography» (2019).

Sjølv om verken The Chemical Brothers eller Aurora har vore beskjedne når det gjeld å eksperimentere, er det først nå at dei har fått heilt fritt spelerom. Tomora er ikkje «The Chemical Brothers feat. Aurora» eller vice versa.

Dette er det uunngåelege samarbeidet mellom nokre av moderne musikks største snålingar.

To personer sitter på trappen i et svakt opplyst rom. Den ene er iført mørke klær, mens den andre har på seg en lys lilla drakt. Begge ser fremover, med en av dem som holder den andres hånd. Bakgrunnen viser en enkel, avskåret scene med taklamper og en trevegg. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Tomora

Foto: Dan Lowe / promo

Albumet opnar med «Please», der det einaste ein høyrer er vrengd vokal som maner setninga «Please come closer».

Der «Please» gir ei uhyggeleg kjensle av at ein har vekt noko urgammalt og heidensk, er neste låt, «Come Closer», noko slikt gjetarane på marka truleg høyrde da dei blei forkynte den store gleda.

I to minutt blir låten bygd sakte, men sikkert opp av langsamt trommespel, ulike synttonar og Aksnes sin havfrue-aktige vokal.

Så eksploderer det. I ein maksimalisme av elektronisk musikk og Aurora si evne til å halde lange og høge tonar, når låten eit nivå som ein ikkje kan gjere anna enn å bøye seg for.

Som mykje av musikken på «Come Closer» er låten himmelsk.

Eit gigantisk minus

Frå å sveve i skyene og leve i ein eufori av sus og dus, blir ein raskt dratt ned til den djupaste avgrunnen med oppfølgingslåten, «A Boy Like You».

Kva som er tenkt her, er heilt ærleg ikkje lett å vite. Å kalle låten for eit mareritt av sjangrane industrial og noise er ei underdriving.

Den er rotete og skitten og ein sit igjen med ei kjensle av full panikk. Frå start til slutt blir alle sansane utsette for eit åtte minutts langt overgrep.

To artister står bak et miksebord på scenen under en konsert. Bak dem projiseres et stort bilde av en person med hendene utstrakt. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

The Chemical Brothers på Britain Field Day Festival i 2022.

Foto: AP

Det som gir størst avsmak for «A Boy Like You» er at ingen av andre låtane til albumet er i nærleiken av å høyrast like ut.

Dermed kjennest desse åtte minutta med tortur som totalt unødvendig – og som noko som berre skal vere sjokkerande.

Heldigvis er dette det einaste eksempelet av ein direkte forferdeleg låt på eit album som elles er stappa av dansbar elektronisk musikk i toppklasse. Samtidig som det også har vakre og fredfulle stunder.

Plass til alt

For dei heldige som skal oppleve «Come Closer» i liveformat, er det berre å gle seg til ei unik sansereise.

Det er rom for både dans og ettertanke.

 Kim Erlandsen, NRK P3

Aurora på Øyafestivalen 2022.

Foto: Kim Erlandsen

«My Baby Just Cares For Me» er ei slags blanding av breakbeat og roleg UKG som tvingar føtene til å bevege seg. Ved neste låt, «Have You Seen Me Dance Alone», er det umogleg å unngå at heile kroppen lèt seg rive med.

På den andre sida lener låtane «Side By Side» og «The Thing» litt meir mot trip hop og lèt verkeleg Aknes vokalen sin skine.

Det har vel aldri vore tvil om at Aurora har ei fantastisk stemme, men det er så herleg å få det bekrefta enda ein gong.

Video: Ingrid Simensen, Marte Gravem Isaksen. Lyd: Bjarne Dankel Dy. Høyr «P3 Live» i appen NRK Radio!

Av dei meir rolege låtane er «Wavelengths» den desidert vakraste.

I elektronisk folk-stil er låten prega av fleire vokalteksturar, samtidig som lange og vakre tonar frå ulike instrument gjer at låten blir opplevd heimekoseleg og trygg.

Gråtefaktoren under Øya i år er sikra.

Le, gråte, danse, tenke. Kva som helst

Det er faktisk berre éin merknad som gjer at «Come Closer» ikkje når seksaren. «A Boy Like You» er ei så smertefull og upolert lytteoppleving at ein vil vegre seg kvar gong forgjengarlåten nærmar seg slutten.

Utanom denne fadesen så er «Come Closer» eit album i flott dynamikk mellom det handterlege og det abstrakte.

Det er dansbart, men det lèt ein også stoppe litt opp. Samla sett kan «Come Closer» gi deg noko intellektuelt, men om du heller berre vil riste frå deg og leve i nået: Ver så god.

Publisert 16.04.2026, kl. 21.30

Read Entire Article