– Det må vere noko som gjer at folk faktisk ser seg tent med å slå seg saman. Både at ein ser viktigheita av det, men òg at ein blir honorert for å gjere det.
Det seier Hanne Alstrup Velure, leiar av Innlandet Høgre.
Høgre vil nemleg gjere meir for å slå saman kommunane. Det bestemte dei på landsmøtet nyleg.
Grete Ellingsen, ordførar i Sortland, har nyleg blitt med i arbeidsutvalet i Høgre. Ellingsen meiner hennar erfaring med lokaldemokrati gjer at ho har ein del å bidra med på dette spørsmålet.
Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK– Det er viktig at kommunane ser at det vil vere nokre fordeler med å snakke samen.
Det seier Grete Ellingsen, Høgre-ordførar i Sortland og nyleg valt medlem i arbeidsutvalet til Høgre til.
Og gulrota skal vere økonomisk.
– Blir det ikkje dyrt å gi kommunane pengar for å slå seg saman?
– På kort sikt kan det koste, men eg trur det vil føre Noreg til ein mykje sterkare struktur på kommunesida, som eg trur vil lønne seg.
– Slik det er no er det i alle fall ikkje berekraftig økonomisk. Dei aller fleste kommunane, særleg dei små, slit både med økonomien og rett og slett å fylle krava frå Staten.
Vil bytte pisk med gulrot
Etter Schei-komiteen i 1962 seier Velure frå Innlandet Høgre at det har vore seks statleg oppnemnde komitear som har prøvd å finne ut korleis dei kan betre kommuneøkonomien.
– Alle seier det same. Ein treng større, kraftfulle kommunar som kan sikre ein berekraftig tenesteproduksjon.
Hanne Alstrup Velure, leiar av Innlandet Høgre, er lei av utreiingar om å endre kommunestrukturen. Meir pengar, fleire oppgåver og ei tydleg tidsfrist trur ho vil hjelpe.
Foto: William Jobling / NRKVelure meiner det ikkje gir meining å gjere fleire utreiingar, når det uansett skal vere frivillig for kommunane om dei vil slå seg saman.
– Då vil vi heller få dei i gang med å prate om samanslåing, slik at vi endeleg får større kommunar.
Målet er at dei nye, store kommunane skal få ta over oppgåvene til fylkeskommunen, som Høgre vil legge ned.
Så korleis skal dei få dette til?
Legge bort pisken, meiner Velure. På bordet legg ho i staden pengar med ein tidsfrist.
– Kor mykje pengar er det snakk om?
– Det kjem heilt an på kva kommune det er, kva som trengst og kor det er i landet. Her trengst det litt skreddarsøm, tenkjer eg.
Vil ikkje gi eit tal på kommunar
Kommuneekspertar NRK har snakka med har tidlegare råda til å fjerne tre fjerdedelar av kommunane i Nord-Noreg.
Men Ellingsen har ikkje eit tal på kor mange kommunar Høgre meiner det bør vere.
– Det eg har ein meining er at det er mange kommunar som har like mange oppgåver som dei store bykommunane, seier ho.
Ho meiner fordelane ein vil oppnå med sterkare fagmiljø må bli løna slik at kommunane faktisk vil snakke om mogelegheitene.
– Det skal noko til å klare å rekruttere til stillingar i administrasjon, ha plankompetanse og kompetanse til helse, omsorg og oppvekst.
Meiner Statsforvaltaren er ein propp
Men Høgre vil gjere meir med dei etablerte strukturane.
Dei vil òg legge ned fylkeskommunen og flytte oppgåver derfrå til stat og kommunar. Og dei vil ta oppgåver frå Statsforvalteren.
Om dei får det som dei vil, skal det bli vesentleg vanskelegare for Statsforvalteren og andre statlege organ å kome med innvendingar mot kommunale arealplanar.
– Statsforvalteren bruker veldig lang tid på sakene, både for næringsliv og kommunar og pålegg ofte aktørane mange kostbare og tidkrevjande krav, samstundes som dei sit med stor makt til å avgjerd, seier Grete Ellingsen og legg til:
– For mange blir den institusjonen oppfatta som ein propp i systemet.
– Korleis kan ein ivareta til dømes miljøinteresser om kommunane berre får dure på?
– Det er difor vi har eit lokaldemokrati og mykje regelverk som vi lokale politikarar er omfatta av.
KS: – Insentiv åleine er sjeldan nok
Gunn Marit Helgesen er styreleiar i KS. Også ho meiner at økonomiske gulrøter ein god idé.
Spesielt i dei minste må kommunane må kostnader til prosessen med å bli samanslått bli dekt, meiner ho.
Samstundes viser erfaringane i KS at økonomiske insentiv åleine sjeldan er nok.
Gunn Marit Helgesen, styreleiar i KS, meiner det er ein god idé å gi kommunane pengar for å slå seg saman, men at kommunane må sjå nytten og kome med initiativet sjølv.
Foto: William Jobling / NRK– Lokaldemokrati, identitet og nærleik til avgjerda veg tungt, seier Helgesen.
For at samanslåing skal vere aktuelt, må kommunane oppleve at det gir betre føresetnader for å løyse oppgåvene framover, ifølge ho.
– Økonomiske verkemiddel kan vere eit bidrag, men kan ikkje erstatte behovet for lokal forankring og reell opplevd gevinst for innbyggarane.
Slike prosessar seier ho må bli støtta både politisk og økonomisk frå staten.
Ho minner om at alle kommunar – både små og store – står framfor store endringar i åra som kjem.
– Delen av dei eldste innbyggarane aukar kraftig, samstundes som veksten i arbeidsstyrken stoppar opp. Dette gir aukande press på helse- og omsorgstenestene over hele landet.
Men utfordringane vil arter seg ulikt. Små kommunar blir meir sårbare på kapasitet og tilgang på kompetanse. Større kommunar får problem med kompleksitet og samordning,
– Samanslåing i seg sjølv løyser ikkje disse utfordringane. Tenestene skal uansett bli gitt der folk bor.
Publisert 23.02.2026, kl. 06.46













English (US)