Kvar turist må ut med 100 kroner i cruiseavgift ved kvart anløp, om eit forslag frå regjeringa blir ståande.
Det kan gje millionar i slukne kommunekassar.
Men også den rutegåande trafikken til Hurtigruten og Havila Kystruten er ramma av forslaget.
– Det er sjokkerande og fornærmande å behandle rutegåande trafikk på lik linje med store cruiseskip, seier konsernsjef Hedda Felin i Hurtigruten.
På ferda frå Bergen til Kirkenes er skipa innom 34 hamner. Eit vanleg cruiseskip er typisk innom 4 til 6 hamner.
Forslaget vil ramme Hurtigruten hardt, om det blir ståande, ifølge konsernsjef Hedda Felin.
Foto: Berit Roald / NTBBåde Hurtigruten og Havila Kystruten segler den faste ruta på kontrakt med staten, og dei må innom alle dei 34 stadene.
– Kvar turist kan måtte betale 100 kroner per hamn med stopp over éin time. Då kan ein byrje å gonge opp, seier Felin i Hurtigruten.
Departementet vurderer om berre stopp over éin time skal utløyse avgift. Det er under halvparten av anløpa på ruta.
Det er opp til kommunane å innføre cruiseavgift, ifølge forslaget.
Foto: Oskar Rennedal / NRKForsvarar forslaget
Ifølge Havila Kystruten kan dei få ekstrautgifter på 55 millionar kroner viss forslaget blir ståande, og viss aktuelle kommunar innfører avgifta.
Slikt er det verken betalingsvilje eller marginar til, ifølge reiarlaget.
Hurtigruten er innom 34 stader. Her i Honningsvåg.
Foto: Erlend Hykkerud / NRKMen Næringsdepartementet tek til motmæle.
Dei vil nemleg ikkje gi avgift til reisande som tek kystruta som kollektivtransport – som har kjøpt billett på ei særskild strekning.
– Denne gruppa utgjer rundt 60 prosent av passasjerane, seier statssekretær Siri Martinsen (Ap).
Statssekretær Siri Martinsen (høgre) forsvarar forslaget, men seier departementet er ope for høyringssvar.
Foto: Thomas Andersen / NTBResten av passasjerane er å rekne som «opplevingsreisande». Dei må bla opp.
Reiarlaga meiner inndelinga til regjeringa er som å prøve å skilje mellom saltvatn og ferskvatn i same fjord.
– Til dømes frå Bodø over til Svolvær, så er det både lokale og turistar som reiser. Korleis skal ein definere dette? spør konsernsjef Bent Martini i Havila Kystruten.
Bent Martini seier forslaget kan koste dei 55 millionar, i verste fall.
Foto: Agnieszka Iwanska / NRKVil ikkje gi Hurtigruten fortrinn
Målet til regjeringa er at det ikkje skal bli urettferdig for andre reiarlag.
– For departementet er det eit sentralt prinsipp at aktørane blir likebehandla. I forslaget blir dette ivaretatt gjennom objektive kriteria for kven som fell innanfor eller utanfor avgiftsplikta. Unntak for enkelte typar cruiseverksemd vil vere konkurransevridande.
Ruta blir drifta av Havila Kystruten i tillegg til Hurtigruten.
Foto: Allan Klo / NRKHurtigrute-sjefen meiner utgangspunktet allereie er heilt ulikt mellom dei og andre reiarlag.
– Vi har norske lønningar og norske skattar på alle plan. Vi har norske leverandørar og norsk mat, seier Felin.
– Er Hurtigruten først og fremst turisme eller transport?
– Begge deler, og det har Hurtigruten vore heilt frå start. Den kombinasjonen er kjempeviktig.
Blanda ordførar-respons
Forslaget til cruiseavgift er no på høyring. Det gjeld for kommunar med særleg stor belastning frå cruiseturisme, og det skal vere frivillig for lokalpolitikarane å innføre avgifta. Pengane skal gå til å dekke inn utgifter knytt til turismen.
Start og slutt for ruta er i Bergen.
Foto: Oskar Rennedal / NRKForslaget har fått blanda respons frå ordførarkorpset langs kysten. Nokon meiner 100 kroner er altfor mykje. Andre er glad for eit verktøy som kan avgrense trafikken.
Kinn kommune i Vestland er einaste kommune med to hurtigrute-anløp. Ordførar Bengt Solheim-Olsen (H) blir mindre begeistra for cruiseavgift når han får høyre at Hurtigruten og Havila Kystruten blir råka av forslaget.
– Hurtigruten er ein institusjon i både Måløy og Florø. Vi er veldig glade i at både Hurtigruten og Havila Kystruten kjem til oss. Det er ikkje rimeleg at dei skal bli behandla likt med utanlandske cruisereiarlag, seier Solheim-Olsen.
I 2025 var det 6,3 millionar dagscruisebesøk i Noreg. Dersom kvar og ein av desse betaler 100 kroner, kling meir enn 600 millionar kroner i felleskassa.
Senterpartiet vil mobilisere for at Hurtigruten og Havila Kystruten ikkje skal få cruiseavgift.
– Dette er eit skrivebordsprodukt som ikkje tar omsyn til realitetane, seier Geir Pollestad (Sp).
Publisert 28.03.2026, kl. 14.30















English (US)