– Eg elskar det, seier Jan Thomas om den veksande trenden i NBA.
Spelar-tunnelen har nemleg blitt ein catwalk. Dei største stjernene i ligaen markerer seg allereie på veg inn til banen.
– Det er eit fashionshow utan like både før og etter kamp, seier moteekspert og stylist Marianne Jemtegård.
Joggedressen er for mange bytt ut med store vesker, jakker og hovudplagg.
– Noko er sjølvsagt meir vellykka enn anna, det er ikkje alt som treffer like godt, men heilskapen er utruleg inspirerande, legg Jan Thomas til.
Ta ein kikk sjølv:
BUSINESS CASUAL? Tyrese Haliburton ikledd ein blå kåpe med detaljar.
Foto: Trevor Ruszkowski / Reuters / NTBAV MED MASKA! Klarer du å gjette kven denne høge skikkelsen er? Det er Victor Wembanyama som gøymer seg bak maska.
Foto: COLE BURSTON / AFP / NTBSKINN: Jalen Williams i lang skinnfrakk og stor veske
Foto: Skjermdump Instagram / @okctthunderBØ! Klarer du å sjå kven som gøymer seg bak denne maska? LeBron James brukte denne maska i høve Halloween.
Foto: COLE BURSTON / AFP / NTBPELSKRAGE: Basket-stjernene har ein favoritt. Jordan Clarkson har tatt på seg ein pelskrage.
Foto: Kamil Krzaczynski / Reuters / NTBDETALJAR: Jalen Green går med glitterbelte.
Foto: MARK BLINCH / AFP / NTB
«NBA tunnel fits»
For dei store basketklubbane har det blitt meir og meir vanleg å leggje ut innlegg med bilete av antrekka til spelarane i tunnelen inn til arenaen.
Ein Instagram-konto med namnet nbafashionfits, som berre legg ut bilete av spelarane sine antrekk, har 528 000 følgjarar.
MARKERER SEG: Oklahoma City Thunder-spelar Jalen Williams er ikkje framand for å vise seg fram.
Foto: Matthew Hinton / FR170690 AP,NTB– Sport i dag har blitt ein av dei mest spennande arenaene for personleg uttrykk, og spesielt i basketball ser me ei leikenheit og fridom som er ganske unik, seier Jan Thomas.
Yay or nay? Kva synes du om antrekka?
Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.
Den kjende stylisten har jobba i motebransjen i over 40 år. Han meiner basketstjernene brukar klede til å fortelje kven dei er, både som utøvarar og som individ.
– Mange av desse gutane kjem frå heilt andre kår, og går frå lite til ekstrem rikdom på kort tid. Da blir klede, smykke og stil ein naturleg måte å uttrykkje både identitet og suksess på, forklarar han.
HYLLAR DET: Jan Thomas hyllar at utøvarane uttrykkjer seg med klede og mote.
Foto: Mia YtrebergMangeårige moteekspert for TV 2, Marianne Jemtegård, har også fått auga opp for basketball – iallfall før kampane startar:
– Kor herleg er ikkje det? Denne stilen er litt gøy å sjå på fleire måtar: Enten så kan du beundre og drøyme om å bli sånn sjølv, eller så er det litt som å sjå eit fashionshow og du får litt sånn «reality show»-kjensle av å sjå på det.
DIGGAR MOTEN: Moteekspert og stylist Marianne Jemtegård likar at NBA-stjernene viser seg fram utanfor bana.
Foto: Lise Åserud / NTBJemtegård meiner dei store stjernene har mykje å tene på korleis dei står fram også utanfor bana:
– I aller høgste grad er dette merkevarebygging. Vi har sett andre utøvarar som David Beckham og Cristiano Ronaldo ha suksess med det, og man blir ein attraktiv reklamepakke for fleire merkevarer, seier Jemtegård.
– Resultat av eit team rundt seg
Shai Gilgeous-Alexander er kanskje den stjerna som tør å dra på aller mest. Han leverer ikkje berre på banen for Oklahoma City Thunder, men også utanfor.
I 2025 fekk han prisen NBA Style of the Year – som blir kåra av fansen.
PRISVINNAR: Shai Gilgeous-Alexander fekk prisen NBA Style of the Year i 2025. Her avbilda i kamp mot Los Angeles Lakers i april i år.
Foto: Gary A. Vasquez / Imagn Images,NTBDet er ikkje uvanleg å sjå han i ein stor pelsjakke og matchande sko. Han har fått kallenamnet «NBAs motekonge», og det har blitt skrive ei rekkje artiklar om stilen hans.
I mars fekk han hovud til å snu seg då han møtte opp til kamp i ei enorm pelsjakke.
WOW: Shai Gilgeous-Alexander fekk mykje merksemd for denne jakka før kampen mot New York Knicks i mars.
Foto: Skjermdump / @okcthunder– Han gjer jo verkeleg alvor ut av det å «gjere verda til si eiga catwalk». Han fortel veldig tydeleg kven han er og han har eit godt grep om stilen. Det er jo openbert ikkje for å vere varm at han vel den rosa pelsjakka, ler Jemtegård.
– Det er modig, det er personleg, og det bryt med ein del av dei tradisjonelle rammene me har vore vande til, spesielt i mannsdominerte miljø, seier Jan Thomas.
TV2s moteeksperten meiner at augeblikka er nøye planlagd.
– Det er sjølvsagt resultatet av et team han har rundt seg. Han har ikkje tatt seg ein tur på næraste butikk og henta noko. Det har blitt ein del av rituala før kamp: At man startar nokon veker i forkant og planlegg potensielle antrekk.
Og stilen til Gilgeous-Alexander verkar å ha gitt avkastning når det gjeld å gjere seg populær blant store merkevarer: Han har avtalar med fleire store merker.
ROSA: Jakke og sko matchar perfekt.
Foto: Skjermdump / @okcthunderGLAD I PELS: Same mann iført brun skinnjakke og pels.
Foto: ALLEN BEREZOVSKY / AFP / NTBFRYSEPINNE? Shai Gilgeous-Alexander valde å dra fram pelsjakka då Oklahoma City Thunder møtte New York Knicks i mars.
Foto: Skjermdump / @okcthunderLEOPARD: Jakke i dyremønster.
Foto: Alonzo Adams / Reuters / NTBLOGO: Shai Gilgeous-Alexander er ikkje sjenert i klesvegen.
Foto: Trevor Ruszkowski / Reuters / NTB
Har allereie «vunne»
Jan Thomas er klar på kor viktig han meiner mote har blitt for dei store basketstjernene:
– Det har blitt svært viktig. Klede har eit eige språk, og det påverkar korleis du blir oppfatta, men òg korleis du føler deg, forklarar stylisten og held fram:
– Det er godt dokumentert at det å kle seg bra kan auke sjølvtilliten og gje ei kjensle av kontroll og makt. Når desse spelarane kjem til arenaen i gjennomførte antrekk, så går dei ikkje berre inn i ein kamp, dei går inn i ei rolle der dei allereie har «vunne» noko mentalt.
Publisert 17.04.2026, kl. 20.11












.jpg)





English (US)