– No føler eg at eg har komme riktig. Så er veldig glad for at eg har fått læreplass, seier han.
Kato Gjermund Aasheim (26), elev på VG3 automasjon på Bømlo vidaregåande skule, er no på rett hylle i livet. Han har prøvd seg i fleire yrke og i fleire utdanningsløp.
Men først då han kom inn på automasjon, fall brikkene på plass.
Til hausten ventar nemleg lærlingplass i elektrokonsernet LOS-gruppen for 26-åringen.
Ein annan som også har fått lærlingplass i same verksemd er Håkon Teigland.
– Eg gler meg masse. No er eg lei av å sitja på skulebenken og ha teori, forklarar han.
Håkon Teigland (18) er klar for å komma seg ut i arbeidslivet. Han valte yrkesfag sidan fleire i familien dreiv med det same.
Foto: Olav Røli / NRKMeiner dei er garantert jobb
Aasheim og Teigland bur i den delen av Noreg der søkinga til yrkesfag er blant dei aller høgaste.
For medan så få som 25 prosent i Oslo gjer som 16 år gamle Albana Malaj Onnagan, og vel yrkesfag, er biletet heilt annleis sør i Vestland.
I regionen Sunnhordland søkjer over 70 prosent seg til yrkesfag. I øykommunen Bømlo er talet nesten 80 prosent.
– Tek du yrkesfagleg utdanning i Sunnhordland, er du garantert læreplass. Det er fantastisk bra, seier fylkesordførar i Vestland, Jon Askeland (Sp), som forklaring.
Totalt i Vestland fylke søkjer over 60 prosent seg til yrkesfag, noko som er ein auke frå 2023.
Å gå yrkesfag sør i Vestland er veldig populært.
Foto: Olav Røli / NRKDeler lokale med fleire bedrifter
Både Teigland og Aasheim er elevar på Bømlo Vidaregåande skule på Rubbestadneset, der skulen er leigetakar i bygget Kunnskapssmia.
Skulen vart offisielt opna i fjor haust.
I same bygg held fleire verksemder til, mellom anna Zinus som lagar landstraumanlegg for skip, og LOS-gruppen, som jobbar innan t.d. elektro.
Elevar og tilsette deler blant anna kantine.
Det gjev store fordelar, spesielt når dei skal finna lærlingar.
I dette bygget ligg både vidaregåande skule og fleire verksemder.
Foto: Olav Røli / NRK– Me ser kvarandre kvar dag i kantina. Elevane får læra oss å kjenna, og ser på oss vaksne og korleis det er å gå på jobb kvar dag. Samstundes lærer me litt om elevane, seier Atle Knutsen, HR-sjef i LOS-gruppen.
Han meiner kjennskapen til kvarandre gjer det mindre skummelt når potensielle lærlingar skal på intervju.
– No er det første året me har prøvd dette etter at me flytta i lag. Det ser ut til å ha effekt, seier Knutsen.
Øvst i biletet ligg verksemda Zinus, som mellom anna produserer landstraumanlegg til skip. På andre sida av veggen har dei vidaregåande elevane sine klasserom.
Foto: Olav Røli / NRKMinisteren: – Dette bør fleire gjera
Sist veke var kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) på besøk på skulen. Ho meiner skule og næringsliv i same bygg er ei god løysing.
– Me ynskjer at arbeidslivet skal vera endå tettare kopla på utdanningsmoglegheitene. Og det gjer dei praksis med Bømlo-modellen, seier ho
Kari Nessa Nordtun meiner det bra at næringsliv og vidaregåande skule deler bygg. Her med rektor Tor Inge Kalstad i klasserommet til automasjonselevane.
Foto: Olav Røli / NRKRektor Tor Inge Kalstad trur det nye bygget spelar inn på søkjartala
– Omtalen skulen får frå elevane som går her, spelar inn på søkjartala. Me kunne ha starta fleire klassar, seier han, og legg til:
– Eg trur slik bygg som her på Bømlo er framtida. Den yrkesfaglege utdanning må gå føre seg i større grad etter næringslivet sine behov, seier han.
Også Kato Gjermund Aasheim er nøgd med å vera i same bygg.
– Det er veldig greitt om me vil ha tak i deler som ein slange eller liknande frå dei. Då kan me berre spørja, sidan dei har store lager, seier han.
Kari Nessa Nordtun ser på elevar på havbruk som fileterer laks.
Foto: Olav Røli / NRKPublisert 04.04.2025, kl. 12.14