– Eg meiner vi fortener lønna. Vi er på jobb 14 dagar i strekk. Då jobbar vi som regel meir enn 12 timar per dag. I tillegg er vi borte frå barn og familie, seier Victoria Rummelhoff.
Ho er blant om lag 35.000 oljearbeidarar som i fjor tente over ein million kroner.
Rummelhoff jobbar i Nordsjøen for Equinor, og har i fleire år brukt Instagram som ei plattform for å vise fram arbeidskvardagen sin.
– Lønna speglar ikkje berre timane eg er på jobb, men også belastninga, risikoen og fråværet, meiner oljearbeidaren.
Oljearbeidarar på topp
Høgare lønnsvekst har ført til fleire millionlønningar dei siste åra.
I november 2025 hadde i overkant av 15 prosent av alle heiltidsjobbar ei månadslønn tilsvarande millionlønn i løpet av året, viser ferske tal frå SSB.
Det er mest vanleg med millionlønn innanfor oljenæringa.
Litt over halvparten, eller i overkant av 35.000 heiltidsjobbar innanfor oljenæringa hadde i 2025 ei månadslønn over 84.000 kroner, som ville gitt ein million eller meir i løpet av heile året.
– Meir enn kvar tiande heiltidsjobb hadde millionlønn i november 2025. I oljenæringa tener over halvparten over ein million i året, seier Tonje Køber, seksjonssjef i Statistisk sentralbyrå.
Oljearbeidar og influensar Rummelhoff merkar at folk flest har sterke meiningar om lønna til oljearbeidarane.
– Folk trur at vi berre reiser vekk i 14 dagar og tener masse pengar og et god mat, og så har dei ikkje sett heilskapen og belastninga bak det. Det handlar om risiko, mange reisedøgn og eit utruleg stort ansvar.
Rummelhoff opplever ein del negativitet mot både lønna og miljøet i oljenæringa til havs.
– Eg skal ikkje legga skjul på at eg har ei god lønn, og er takksam for det. Men eg ser ikkje berre på kva vi tener, men også kva vi går glipp av som jul, påske, bryllaup og konfirmasjonar. Det er jo ein livsstil.
Oljearbeidar Victoria Rummelhoff legg ikkje skjul på at ho tener bra, men meiner lønna til oljearbeidarane er fortent.
Foto: privatFagforeining: – Vi fortener lønna
Oljenæringa består hovudsakleg av olje- og gassprodusentar, og tilbydarar av tenester knytt til olje- og gassutvinning.
Bjørn Asle Teige er leiar for fagforbundet SAFE i Equinor. Dei har opp mot 3.000 medlemmer både på land og offshoreanlegg til havs.
– Grunnlønna er ofte ikkje millionlønn. Men fleire element trekker lønna opp, forklarer Teige.
Større nedbemanningar og problem med helikoptertrafikken gjer at fleire tilsette blir verande lenger på jobb på oljeplattformene. Da blir det meir overtid.
– Vi har beordring om å stå igjen fordi det er for lite folk i forhold til sikkerheita. Det er med på å trekka lønna opp, og gjer at fleire tener med enn ein million.
– Er det fortent at over halvparten i bransjen din har over millionen i lønn?
– Ja, vi måler jo dette opp mot risiko. Det han handla om risikoen i helikoptertrafikken ut til oljeinstallasjonane og kjemisk eksponering. Det er viktig at du får betalt for at du han ein høgare risiko i jobben din.
Bjørn Asle Teige er leiar for fagforbundet SAFE i Equinor.
Foto: NRKStor etterspørsel
Teige i SAFE påpeikar også at dei tilsette i oljebransjen skaper enorme verdiar for samfunnet.
Equinor betaler ein samla skatt på 78 prosent av overskotet frå olje- og gassverksemda på norsk sokkel.
Det gir igjen fleire hundre milliardar kroner til fellesskapet.
Fagforbundsleiaren håpar også folk får auga opp for at dette framleis er ein viktig bransjen for både Noreg og resten av verda.
– Vi har dei siste vekene sett at behaldninga for produkta våre, som bensin, diesel og flydrivstoff, plutseleg er i minus og prisane går opp. Vi ser jo at dette er viktig og håpar at unge folk ser at dette kjem til å vare i nokre tiår til, og har lyst til å jobba i bransjen vår.
NHO påpeikar overfor NRK at når det gjeld lønnsutviklinga i oljenæringa, så har utviklinga dei siste ti åra vore relativt lik utviklinga generelt i Noreg.
Vanlegare med millionlønn
Etter 2020 har høgare lønnsvekst ført til at det har blitt langt vanlegare med millionlønn.
Justert for lønnsveksten har derimot andelen berre bevega seg mellom 4,2 og 4,4 prosent.
– Etter pandemien har det blitt vanlegare med millionlønningar fordi lønnsveksten har vore høgare enn åra før. Andelen med millionlønn har derimot vore stabil i overkant av 4 prosent dei siste ti åra når vi justerer for lønnsveksten, seier Tonje Køber i SSB.
Etter oljenæringa er det som venta også vanleg med millionlønn i næringane med høgt lønnsnivå.
Meir enn 35 prosent av heiltidsjobbane i finans og forsikring, og informasjon og kommunikasjon hadde millionlønn.
Det er minst vanleg med millionlønn i overnattings- og serveringsbransjen og undervisning, med berre 2,8 og 4,3 prosent av heiltidsjobbane.
Tysdag startar lønnsoppgjeret for tilsette på flyttbare offshoreinnretningar på norsk kontinentalsokkel (Sokkeloverenskomsten), og i år er det hovudoppgjer.
Overeinskomsten skal sikra at lønnsutviklinga er tilnærma lik gjennomsnittleg lønnsutvikling elles.
Publisert 27.04.2026, kl. 18.42 Oppdatert 27.04.2026, kl. 18.56








.jpg)




English (US)