I framtida må folk truleg ha sjuke og gamle foreldre liggjande i ei seng i stova. Slik grandtante Alma hadde

1 month ago 16



KOMMENTAR: Eldreomsorga i Norge er ikkje perfekt, men ho blir truleg aldri betre enn dette. I framtida må barn truleg ha sjuke og gamle foreldre liggjande i ei seng i stova. Slik grandtante Alma hadde.

Sjukeheimen som snart står ferdig i Suldal, liknar til forveksling på eit hotell. Eldreomsorga i Norge blir truleg aldri betre enn no. Foto: Heidi Hjorteland Wigestrand
  • Heidi Hjorteland Wigestrand

Publisert: Publisert:

Nå nettopp

iconKommentar

Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Alma Hjorteland (1908–1991) var ugift. Den sivilstanden for ei kvinne før var ofte synonymt med å driva privat sjukeheim for gamle slektningar.

Ho betalte lite skatt, men var likevel ei samfunnsøkonomisk suksesshistorie for landet. Alma stelte mora heime til ho døydde. Etterpå tok ho faren med seg og blei styrar på ein liten gamleheim i Suldal. For å ikkje bruka fleire rom enn naudsynt, delte dottera rom med faren. Alma og dei andre tilsette slakta, sylta, safta, vaska, kokte, bakte og stelte for dei heldige som fekk bu her, då organisert eldreomsorg var i sin spede start.

Dette skulle Alma sett

Eldreomsorga før velferdsstaten var nesten utelukkande basert på pårørandeomsorg. Eldre utan nær slekt blei sende rundt frå heim til heim, slik at husmødrene tok kvar sin tørn. I tillegg til store barneflokkar skulle dei tømma tissepotter, snu Rakel på kammerset ein gong i timen og syta for at tannlause svigerfar på divanen fekk i seg vellingen.

I Suldal står snart eit monumentalt bygg ferdig, bygd på kraftrikdom og omsorg for dei som bygde landet, gjengen som i mai skal flytta inn i nye Suldal sjukeheim. Eit eldretempel, om du vil, til forveksling likt eit lekkert hotell, ein oase av blomar og lys, proppa med velferdsteknologi og velvære.

Eg skulle tatt Alma ved handa og geleida henne inn i herlegdomen der nevøen hennar skal bu. Historias Alma-er hadde alle fortent å ha blitt borne inn på gullstol i ein moderne sjukeheim.

Ho ville ha kikka seg undrande rundt i dei breie korridorane med lyse og lune panelvegger, sett på alt lyset som flaumar inn frå glastaket i atriet. Ho ville sikkert likt synet av alle hagane, både utanfor, inni og oppe på taket, der pasientane kan trillast rett ut i sengene sine og pusta inn den første sommarlufta over bølgene som kreppar seg i Sandsfjorden.

Den nye sjukeheimen har store luftige og lyse rom, der dei fleste har panoramautsikt mot fjorden og fjella. Foto: Heidi Hjorteland Wigestrand

Eldreomsorg på flyttefot

Alma ville kanskje trudd ho var komen til det himmelriket som ho for heim til julaftan 1991. Snart kan det bli trong for pårørande av Alma sitt kaliber igjen. Mor Norge vil framover trenga svært oppofrande pårørande. Spørsmålet er kor mange som greier å henta fram si indre Alma?

Pårørande er ikkje arbeidslause i dagens velferdsstat heller. Spesielt ikkje kvinner som står for 70 prosent av pårørandeomsorga. 800.000 personar i Norge er aktivt pårørande. Dei yter 136.000 årsverk. Helsetilsette står for 142.000 årsverk for sjuke og eldre.

Etter Alma og dei døydde, letta trykket mot pårørande gradvis i takt med oppbygginga av velferdsstaten. Nå må me alle bu oss på ei framtid der staten må lena seg tyngre på frivillige og skubba stadig fleire sjukesenger inn i private heimar. Ei seng på sjukehus eller institusjon kostar for mykje. Di eiga seng er mykje billegare for samfunnet, skriv generalsekretær Anita Vatland i Pårørendealliansen.

Dei som er gamle no lever truleg i den aller beste tida å vera gammal på, i alle fall dersom du treng sjukeheim og bur i ein rik kommune på bygda.  Dette er eit rom på  Nye Suldal sjukeheim som snart står ferdig.

Går tom for omsorgsarbeidarar

Ho åtvarar mot at munnhellet om at pårørande er ein ressurs, ikkje må bli ei kvilepute for eit samfunn der pårørande, og då spesielt kvinner, blir ståande i ein umogleg spagat mellom arbeidsliv og tunge pårørandeoppgåver. For det vil vera for mange pleietrengjande og for få pleiande hender i framtida.

I 2024 gjekk det fire seniorar ut for kvar nytilsett i arbeidslivet, ifølge Kommunenes Sentralforbund. I 2050 vil det gå ut 24 seniorar for kvar nye arbeidstakar som kjem inn. Om fem år er me fleire eldre enn unge i Norge. Ifølge Perspektivmeldinga vil me i 2060 leva seks år lenger, og bli 700.000 fleire eldre.

Det blir stadig færre femti- og sekstiåringar i omsorgsberande alder, samanlikna med dei på åttifem pluss, som treng omsorg. Talet på dei som er i arbeidsdyktig alder, og som betaler skatt, samanlikna med dei som treng velferdstenester, er også fallande, ifølge SSB sine framskrivingar. Talet på 20–64-åringar per person over 65 år vil bli redusert frå 3,1 til 2,1 i løpet av dei neste 15 åra.

Før velferdsstaten trong landet slike som grandtante Alma som tok fullt ansvar for gamle og sjuke foreldre til dei døydde. Kanskje me snart treng Alma igjen? Foto: Privat

Ei villa utvikling

Eldrebølga er noko dei fleste på min alder har høyrt om sidan me var små, og det er me som er bølga. Ordet har ein negativ klang, men er jo eigentleg noko positivt. Eldrebølga er jo eit resultat av at den norske velferdsstaten har nådd sitt mål om auka levealder blant innbyggarane. Men det er truleg foreldra våre som er dei siste kongane og dronningane. Dei får oppleva eldreomsorga på sitt beste, for betre enn det er nå, kan det aldri meir bli, for det blir ikkje nok folk til å jobba i eldreomsorga.

Den danske feministen og aktivisten Emma Holten er blant dei som er uroa for nedbygginga av velferdsstaten. Ho spør om me har akseptert at menneskehetens største kollektive framskritt, dei nordiske velferdsstatane, ligg bak oss? Frå no av handlar det ifølge Holten berre om å seinka nedbygginga, ikkje å vidareutvikla velferdsstaten.

Den som lever, får sjå. Vil framtidas eldre kunne nyta sjøutsikt og døgnregulert lys på sjukeheimshotell, eller enda opp i ei seng på roterommet til avkommet, der dei gjennom tynne vegger høyrer dei litt motvillige drivarane av den private minisjukeheimen, kjekla om kven sin tur det er til å følga gamlemor eller gamlefar på do?

I så fall får ein falda hendene og senda ein tanke opp til Alma. For Alma ville tøfla inn til deg natt og dag med eit mildt smil om munnen. Ho ville varsamt tatt handa under nakken din mens ho forsiktig mata deg med havresuppe.

Eldreomsorga er på flyttefot i åra som kjem. Frå praktsjukeheim til gjesterom. Foto: Heidi Hjorteland Wigestrand

Publisert:

Publisert: 28. mars 2025 12:46

Read Entire Article