I november stod han på brua – denne veka blei den knust

1 month ago 42



Så mykje har regn- og vindbonanzaen denne veka kosta.

 Ole Ebbesen / TV 2 / Politiet
FØR OG ETTER: Energiminister Terje Aasland vitja Ullensvang kommune etter ekstremvêret i haust. Denne veka forsvann også brua. Foto: Ole Ebbesen / TV 2 / Politiet

Publisert 07.03.2025 15:35

– Det gjer inntrykk å sjå bileta frå Eitrheim. Dette viser kor sterke naturkreftene kan vera, seier energiminister Terje Aasland til TV 2.

I november besøkte han Ullensvang kommune i Hardanger, i kjølvatnet av ekstremvêret «Jakob»

Der fekk han sjå korleis naturkreftene hadde herja med landskapet i det sjølverklærte «episenteret for naturkatastrofar».

Ein av plassane han besøkte var Eitrheimelva. 

Frå ei bru fekk han forklart korleis elva hadde grave seg farleg nært eit bustadfelt som difor måtte evakuerast den gongen.

 Ole Enes Ebbesen / TV 2
FORKLARING: Rådmann Ole-Jørgen Jondal viser energiministeren skadane etter ekstremvêret «Jakob». Her kan dei ikkje stå neste gang. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2

Knust

Skal han besøke Ullensvang på nytt, må han velje seg ein anna plass å stå.

For no er brua knust. 

Denne veka hølja det ned over Vestlandet. Nokre stader kom det godt over 200 millimeter nedbør frå tysdag til torsdag morgon. 

Slikt får konsekvensar. Stein og jord kom sklidande ned elveløpet på Eitrheim og trefte brua. 

– Vi får stadig meir ekstremt vêr. Dette er ei ny påminning om at vi må vera godt førebudd på flaum og skred framover. Det er ei krevjande situasjon med stengde vegar og evakueringar, som denne gongen råka mange, seier Aasland.

 Politiet

IKKJE LENGER EI BRU: Stein og jord har gjort sitt med brua over Eitrheimelva. Foto: Politiet

 Statens vegvesen

SKRED: Her frå riksveg 13. Foto: Statens vegvesen

– ER DU LIVE?: Eigaren av bilen i botnen av raset fekk ein spesiell telefon frå politiet torsdag morgon. Foto: Ture Haugen

– ER DU LIVE?: Eigaren av bilen i botnen av raset fekk ein spesiell telefon frå politiet torsdag morgon. Foto: Ture Haugen

– ER DU LIVE?: Eigaren av bilen i botnen av raset fekk ein spesiell telefon frå politiet torsdag morgon. Foto: Ture Haugen

– ER DU LIVE?: Eigaren av bilen i botnen av raset fekk ein spesiell telefon frå politiet torsdag morgon. Foto: Ture Haugen

Så mange skadar er meldt inn

Det vart åtvara på førehand med farevarsel i sterkare og sterkare fargar, men ein veit aldri heilt kor det treff.

Det som begynte som eit enormt regnvêr på Vestlandet utvikla seg til å bli vindfullt uvêr då det bevega seg lenger nordover frå Møre og Romsdal til Trøndelag.

Resultatet har blitt «ein straum med skademeldingar», ifølge Finans Norge. 

Til TV 2 seier dei at dei reknar med at uvêret har ført til rundt 2000 skadar på bygningar og innbu.

– Det er enkeltpersonar som er svært hardt råka no. Dei som har fått skader må kontakte forsikringsselskapet sitt, seier administrerande direktør Ståle Solem Ingebrigtsen i Norsk Naturskadepool.

Mistet taket: – Det ble ikke mye søvn

Mange har gjort det allereie. Dette var status fredag klokka 10.00 hjå eit utval forsikringsselskap:

Frende: Rundt 90 skademeldingar

Tryg: 58 skademeldingar

If: 70–80 skademeldingar

Gjensidige: 352 skademeldingar

– Av desse er det rundt 200 flaum- og vasskadar og 150 stormskadar, oppdaterer kommunikasjonssjef Pål Rune Eklo i Gjensidige til TV 2.

Trondheim, Sunnfjord og Dovre toppar skademeldingslista hjå dei. Hjå Finans Norge er det Trøndelag som har fått flest bygningsskader.

Ble vekket av politiet: – Er du i live?

Skader for millionar

Snittkostnaden på bygningsskadane meldt inn til Gjensidige er på 70.000 kroner. 

Ein treng ikkje kalkulator for å skjøne at det blir ein del samla sett. 

Utrekningar frå Norsk Naturskadepool viser erstatningar på totalt 300 millionar kroner. Og då er ikkje skader på bil og båt teken med.

– Tek vi utgangspunkt i vår marknadsdel og det som er meldt inn til oss, vil eit grovt estimat syne at stormen så langt har øydelagt for nærare 100 millionar kroner. Så kjem skader på køyretøy og båtar i tillegg, forklarer Eklo i Gjensidige.

I If omtalar ein likevel skadetala for deira del som moderate.

– Dei som bur på Vestlandet og enkelte stader i Trøndelag og Nord-Norge kjenner veldig god til klimaet og korleis vêret er gjennom året. Så dei har god rutine på å gjere skadeforebyggande tiltak, seier pressesjef Sigmund Clementz i If.

Alle forsikringsselskapa reknar med at tala vil stige ytterlegare gjennom helga, etter kvart som kundane får oversikt.

Read Entire Article