Oppdatert:2 minutter siden
Nedlegging av offentlege tannklinikkar utan at det vert etablert reelle privat-offentlege alternativ, er problematisk for beredskapen. Når klinikkar vert lagde ned utan plan for korleis kapasitet og kompetanse skal takast vare på lokalt, svekkar det samfunnets evne til å handtere uventa situasjonar. I tida framover vil over halvparten av dei offentlege tannklinikkane i Agder leggast ned, og det meiner me er eit beredskapsproblem.
Fylkeskommunen er ansvarleg for den offentlege tannehsletenesta, og har plikt til å utarbeide beredskapsplanar som gjer tannklinikkane i stand til å tilby naudsynte tenester under krig og kriser. Akutte tannhelsetenester har ein samfunnskritisk funksjon. Beredskap krev planlegging, nærleik og forutsigbarheit. Erfaringar frå land som tek totalberedskap på alvor, viser at ein ikkje kan overlate kritiske helsetenester til marknaden utan klare rammer. Skal ein leggje ned offentlege tilbod, må ein samtidig byggje opp robuste private alternativ som er ein del av totalberedskapen. Elles risikerer vi å stå svakare rusta når neste krise kjem.
I Agder har over halvparten av dei offentlege tannklinikkane vorte vedteken avvikla, samstundes som ein ikkje har sikra forpliktande samarbeid med private aktørar i desse kommunane no mistar sin offentlege klinikk. I praksis betyr dette færre behandlingsplassar, lengre reiseavstandar og mindre kontroll for det offentlege i ein beredskapssituasjon. Private tilbod kan vere eit godt supplement, men utan avtalar som sikrar deltaking i beredskap og krisehandtering, står ein i fare for å mista viktig kapasitet når ein treng henne mest.
Beredskap handlar ikkje berre om sjukehus og ambulanse, men om heile helsetenesta, også tannhelse. Skal ein tillate nedlegging av offentlege tilbod, må det stillast krav om gode alternativ som er integrerte i det offentlege ansvaret. Elles risikerer vi å byggje ned ein beredskap som er vanskeleg og kostbar å byggje opp att.
Kristin Ljosland, Thor-Jørgen Tjørhom og Margit Dale
Fylkestingsgruppa i Agder Senterparti










English (US)