Idrettslegenda hudfletta etter omstridd reklame: – Ei skam

6 days ago 20



– Det var veldig frustrerande å gjere alle dei same tinga (som før eg blei mor), utan at det endra talet på vekta eller måten kroppen såg ut på.

Det uttalte tobarnsmor og tennisikon Serena Williams til People Magazine før helga.

I same intervju opna ho opp om bruken av slankemedisin – som ho meiner har løyst «problema».

– Eg kjenner meg bra og sunn. Eg kjenner meg lett fysisk og lett til sinns, forklarte ho, og la til at ho begynte på medisinane da hennar yngste dotter var seks månader gammal.

I dagane etter intervjuet har Williams reklamert aktivt for slankemedisin til sine over 18 millionar følgarar på Instagram. Ho har nemleg inngått eit kommersielt samarbeid med selskapet bak medisinen ho går på.

Det vekker eit veldig engasjement.

– Veldig bekymra

«For ein frykteleg bodskap til dei unge».

«Farleg for samfunnet».

«Det er ei skam at du bidrar til narrativet om at ein må ta medisinar for å vere sunn, og for å leve opp til skjønnheitsideala».

Slik lyder nokre av kommentarane under eitt av dei fleire reklameinnlegga.

Også i Noreg ristar mange på hovudet.

– Eg er veldig bekymra for ei utvikling der ein skal bruke medikament for å forbetre utsjånaden, seier Marte Kvittum Tangen, leiar i Norsk foreining for allmennmedisin.

Marte Kvittum Tangen

OPPGITT: Marte Kvittum Tangen.

Foto: NRK

Nordmenn bruker milliardar på slankemedisinar årleg, ifølge Dagens Medisin, men Tangen er klar på at det aldri skal bli brukt kosmetisk.

– Dette er medisinar som har biverknader, og som berre skal bli gitt når helsegevinsten er større enn risikoen, seier Tangen engasjert, og legg til:

– Dette er ei verd som utviklar seg på ein heilt merkeleg måte.

Ho meiner det er openbert at kroppen forandrar seg etter å ha bore fram barn, og at det ikkje er noko feil med det.

– Eg ønsker meg ei verd der vi er fornøgde og stolte av dei kroppane vi har. Og ein blir ikkje lykkelegare sjølv om ein går ned nokre kilo i vekt, seier Tangen.

Sunn idrett meiner denne type reklame kan vere skadeleg for idrettsungdom.

– Ungdom i dag blir utsett for eit stort kroppsfokus og -press. Å promotere slankemedisin kan bidra til å gi inntrykk av at det er naudsynt å bruke slike produkt for å oppnå ein akseptabel kropp eller for å oppnå suksess i idrett, seier seniorrådgjevar i Sunn idrett Katja Smith Ødegaard til NRK.

– Sikkert vant til å vere stjerne

Ho får støtte av Gro Nylander, spesialist i fødselshjelp og kvinnesjukdommar, og tidlegare overlege ved kvinneklinikken til Oslo universitetssjukehus.

– Først og fremst vil eg seie at alle nybakte mødrer skal akseptere kroppen sin med stoltheit.

– Williams er sikkert vande til å vere stjerne og forbilde, men eg synest ikkje ho er det i dette tilfellet, seier Nylander.

David Beckham et al. poserer for et bilde på en fotballbane

STOR STJERNE: Williams, her avbilda med David Beckham, er ein enorm profil i internasjonal idrett.

Foto: MEGAN BRIGGS / AFP / NTB

Legen rår mødrer til å vere rause med seg sjølve, leve eit aktivt liv med barna, og ho meiner at dei ikkje bør trenge å tenke på korleis dei ser ut.

– Tenk å ha klart å få fram eit heilt nytt menneske til verda. Og skulle kroppen vere litt forandra, så er det jo verdt det, samanfattar ho.

Ødegaard i Sunn idrett ser på kroppspress både som eit samfunnsproblem og eit idrettsproblem.

– For nokon kan idrett fungere som ein beskyttande faktor i livet, men dersom idrettsprestasjonar blir kopla for tett mot kropp og utsjåande er det uheldig. Ungdom samanliknar seg også i stor grad med andre og kan fort få mykje negativ påverknad frå sosiale medium. Det er viktig at ungdom lærer kva som er normalt og ikkje, og øver seg på å vere kritiske til det dei ser.

Williams sjølv uttaler at ho aldri har kjent på eit press om å sjå ut på ein viss måte.

– Det var ikkje noko feil med størrelsen eg var før, men det var berre ikkje den størrelsen eg ønskte å vere, sa ho i intervjuet.

Serena Williams i uniform

VINNAR: Williams vann 23 Grand Slam-titlar i løpet av karrieren. Ho var også verdseinar i singletennis i totalt 319 veker.

Foto: Frank Franklin II / AP / NTB

– Eit spørsmål om pengar

Aslak Paulsen, generalsekretær i Norges tennisforbund, er tydeleg på at unge tennisspelarar ikkje må la seg inspirere av Williams’ slankereklame.

– På ingen måte, seier han.

Paulsen

OPPGITT: Aslak Paulsen.

Foto: Halvor Ekeland / NRK

Paulsen påpeikar at Williams er eit flott eksempel på at ulike kroppstypar kan levere store prestasjonar, og han er overraska over at ho vel å marknadsføre medisinsk slanking.

– At ho vel å reklamere for dette no, er vel berre eit spørsmål om kor mykje pengar folk har vore villige til å betale, og den mangelfulle forståinga hennar av kva forbilde ho er for mange andre, trur Paulsen.

Er dette verdens søteste hundeløp? 00:40

Publisert 26.08.2025, kl. 07.49 Oppdatert 26.08.2025, kl. 08.48

Read Entire Article