Gunnar O. Hæreid
Assisterande statsforvaltar, Statsforvaltaren i Vestland
Publisert: Publisert:
For mindre enn 10 minutter siden
Debatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.
DEBATT: Stavanger Aftenblad skriv 18. mars om at Ikea ikkje får dispensasjon for å etablere fleire parkeringsplassar for bil, under den misvisande overskrifta «Ikea tapte igjen: Må ha minst 1099 p-plassar for sykkel».
Men denne saka handlar om biltrafikk, ikkje om sykkelparkering. Ho handlar om at Kommunal- og distriktsdepartementet i Interkommunal delplan for Forus har fastsett ei parkeringsnorm for bilar som er bindande for kommunane i området.
Ikea søkte om å dispensasjon for å kunne etablere opp til 590 plassar, i staden for dei 183 som ligg inne i parkeringsnorma, men lovvilkåra for å gje dispensasjon er ikkje oppfylte.
Stavanger kommune kan ikkje bryte parkeringsnorma utan å gå vegen om å endre reguleringsplanen i ein prosess der alle konsekvensar av endringa skal opplysast og høyrast.
Plan- og bygningslova er tydeleg på at dispensasjon ikkje kan nyttast til å setje vesentleg til side regelen det blir dispensert frå, i dette tilfellet parkeringsnorma. Og det veit alle som driv planarbeid.
Parkeringsnorma har støtte i Byvekstavtalen for Nord-Jæren, der staten har lagt inn over 1,6 milliardar kroner i avtalen, og kommunane har slutta seg til.
Krava til sykkelparkering per kvadratmeter bygg følgjer av den interkommunale delplanen for Forus, og er ikkje vurdert i vedtaket vårt.
Publisert:
Publisert: 18. mars 2026 11:51

1 day ago
7








English (US)