Debatt: Eg såg mine venner omringa av familie rundt seg. Tenkte stadig at ting skulle bli annleis når eg fekk barn sjølv. Men slik blei det ikkje.
Jeswanthiny P. Mayooran
Mor
Publisert: Publisert:
Nå nettopp
Debatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.
Ukjend
«Eg ønskjer vi hadde familie rundt oss,» seier sonen min. Eg set meg ned på huk. Ser han djupt inn i augo, og gjev han ein lang og varm klem. Eg kjenner noko stikke inni meg.
Ein snakkar ofte om «the village» når ein oppdrar barn. Besteforeldre, tanter og onklar. Eg har sjølv sakna mykje av dette i mi oppvekst. Einsemda var påtrengjande og stor, som andregenerasjonsinnvandrar. Eg såg mine venner omringa av familie rundt seg. Tenkte stadig at ting skulle bli annleis når eg fekk barn sjølv. Men slik blei det ikkje.
Sliten, men heldig
Lenge hadde eg ein offermentalitet; syntest synd på meg sjølv, som ikkje kunne ha ein kveld åleine med mannen min. Eller fann meg ofte sjølv sutrande og gretten over situasjonar der eg ønskja eg hadde ein ekstra vaksen for å avlaste meg fysisk og psykisk. Men perspektiva mine har endra seg mykje det siste året.
«Date night» med mannen min, er noko eg har forstått må skje innanfor huset sine rammer. Det kan vere like fint det. Barnefri laurdag, har eg innsett at eg og mannen min må bytte på, for å halde psyken god.
Karriere, trening, sosialt liv og eigne ambisjonar, er kanskje ting ein må jobbe litt hardare for å få til, når ein ikkje har den landsbyen ein gjerne skulle hatt. Dei 24 timane i eit døgn, blir fort knappe. Så påstanden om at alle har dei same 24 timane, er eg nok ikkje samd i.
Barna mine er rundt meg heile vegen. Små skygger som følger meg overalt. Det er rikt, følelseslada og fult av fargar. Eg er sliten, men heldig. Heldig som kan vere sliten for noko eg alltid har drøymt om.
Det er verdt det
Når alderdommen tek meg, veit eg i alle fall at eg har dedikert alt av tid og energi, på mine små. Teke nokon omvegar for å realisere mine draumar, men at livet eg har forma, aldri har vore eit hinder for å ta det neste steget.
Eg håpar barna mine ein dag forstår dette. Så håpar eg at dei vil ha det lettare i framtida, med den støtta dei forhåpentlegvis vil få … for den landsbyen, tenkjer eg er viktig. Særleg for nye foreldre og småbarnsforeldre.
Essensen av å kunne ta vare på dine små, krev jo at du har det godt med deg sjølv. Avlastning i eit samfunn som stadig krev. Ekstra armar, som ikkje er ein like så trøytt partnar som deg, tenkjer eg gjer det lettare.
«Når eg blir stor, skal eg passe på deg mamma. Slik som du passar på meg.» Midt i alt tankekøyret, er alt verdt det.
Publisert:
Publisert: 3. april 2026 14:39

4 hours ago
2




English (US)