Ingebrigtsen-agenten vil endre regelverket etter startnekt: – Han ville jo berre springe

6 days ago 17



– Eg synest det er synd. Om ein tenker på kva som hadde vore det beste for idretten, kva som hadde vore best for Diamond League, kva hadde vore best for Jakob? Jo, det hadde vore best å la han få komme og gjere det han kjenner seg klar for, seier Wessfeldt til NRK.

Måndag blei det kjent at Jakob Ingebrigtsen ønskte å delta under den NRK-sende Diamond League-finalen i Zürich torsdag.

Men reglane til Diamond League seier at ein utøvar må ha deltatt i ein Diamond League-konkurranse i løpet av sesongen for å kunne få ein friplass til finalestemnet.

Ingebrigtsen har ikkje konkurrert i utandørssesongen på grunn av ein skade i akillesen, og fekk dermed nei.

Agent Wessfeldt fortel til NRK at dei hadde eit håp om å få Ingebrigtsen med, sjølv om regelverket var klart.

– Han ville jo berre springe, så det er klart at han blei litt skuffa, men eg hadde jo førebudd han på at det her kjem å bli vanskeleg.

Wessfeldt Duplantis

STJERNEAGENT: Daniel Wessfeldt (til høgre) representerer også den beste stavhopparen i historia Armand Duplantis (til venstre).

Foto: BILDBYRÅN

Vil endre regelverket

Pressesjefen for stemnet i Zürich, Elisabeth Walden, sa til VG måndag at dei søkte om ein friplass for Ingebrigtsen, men at søknaden ikkje blei godkjent av Diamond League-styret. Ho la da til at reglane er tydelege.

– Sjølvsagt ville vi gjerne hatt Jakob i Zürich i år, han er ei av dei største stjernene i sporten vår og ein publikumsfavoritt i Zürich. Men samtidig respekterer og følger vi reglane som gjeld for alle utøvarar, sa Walden til VG.

Wessfeldt meiner at Ingebrigtsen burde ha fått delta på grunn av historikken hans i Diamond League.

Ingebrigtsen har stilt til start i 42 Diamond League-løp totalt, og Wessfeldt meiner at styret burde ha gjort eit unntak.

– Det er jo sånn at når vi har nokon som alltid spring Diamond League, og vil vere med, og er lojale mot dei, så skulle ein vel kanskje hatt ein unntaksregel.

Wessfeldt trur at eit unntak i regelverket kan komme på plass til neste år.

– Ein regel som seier at dersom ein har vore skadd, ein er ein utøvar som betyr mykje for Diamond League og idretten, så skal ein kunne gjere dette unntaket. Eg trur det kan bli skrive inn i nye reglar som vil gjelde for det kommande året, seier han og fortset:

– Men det kunne dei ikkje gjere, så det blei som det blei. Det får vi vel berre akseptere.

NRK har kontakta Diamond League og spurt om eit slikt unntak er noko som blir vurdert til neste år, men har foreløpig ikkje fått svar.

Får ekspertstøtte

NRKs friidrettsekspert, Vebjørn Rodal, meiner det hadde vore bra for Diamond League om Ingebrigtsen hadde konkurrert i stemnet.

– Eg er eigentleg einig med Daniel her, skriv Rodal i ei melding, med tilvising til den svenske agenten.

Han legg til:

– Men eg ser at det kan bli krevjande å etablere dette i eit føreseieleg regelverk. Eit alternativ kan jo vere å alltid ha ein friplass tilgjengeleg i kvar øving i Diamond League-finalen.

Vebjørn Rodal

EKSPERT: Vebjørn Rodal.

Foto: Tor Erik Schrøder / NTB

Blei annonsert og nekta

Under Diamond League-finalen i Brussel i fjor, så blei regjerande OL-meister på 400 meter hekk Sydney McLaughlin-Levrone annonsert til stemnet, sjølv om ho ikkje hadde deltatt i nokon konkurransar i Diamond League tidlegare i sesongen.

Men i etterkant gjekk Diamond League ut og sa at ho ikkje fekk delta i nokon av dei offisielle finaleøvingane. Det enda med at stemnet sette opp to ekstrakonkurransar utanom det ordinære programmet, der OL-meisteren fekk springe.

AqiK9WI8Dlk

BLEI NEKTA: Sydney McLaughlin-Levrone blei annonsert med friplass, men fekk sidan ikkje lov til å delta i sjølve finaleøvingane.

Foto: AP

Wessfeldt er klar på at Ingebrigtsen ikkje ønskte å vere med på eit ekstraløp. Han ønskte berre å springe i det offisielle Diamond League-programmet.

– Men det som er forskjellen no, det er jo at Sydney McLaughlin-Levrone ikkje er nokon stor fan av å i det heile tatt dra til Europa for å vere med på Diamond League.

McLaughlin-Levrone har berre stått på startstreken under åtte DL-konkurransar i løpet av karrieren.

– Men dei sa vel nei for å unngå at det som skjedde i Brussel i fjor, skulle skje igjen, seier agenten.

Kan dukke opp i konkurranse

Wessfeldt seier at det er fleire moglege konkurransar før VM der Ingebrigtsen kan melde seg på.

Men det er foreløpig ikkje aktuelt, ifølge agenten.

– Det finst ein del moglegheiter om han vil det, og vi har diskutert det kort. Men det verkar som han ikkje er så interessert i det, seier han.

– Han kjente seg klar til å delta. Andre eventualitetar må vi komme tilbake til, skreiv presserådgivaren til Ingebrigtsen-brørne Espen Skoland til NRK måndag om Ingebrigtsens moglege VM-deltaking.

Wessfeldt poengterer at Ingebrigtsens ønske var å springe i Zürich, og at den foreløpige planen er at han blir i St. Moritz og trenar i høgda.

– Så får vi berre sjå kva han vel. Han blir oppe i høgda og trenar, så drar han nok truleg berre til Japan. Men om han ombestemmer seg, så er det moglegheiter. Om han ønsker seg ein test før ein viktig konkurranse.

Han understrekar at Ingebrigtsen er i god form.

– Akkurat no, så kjenner han seg bra. Han er lettrent og vil ut for å teste vengene sine nå.

Publisert 26.08.2025, kl. 10.57

Read Entire Article