No må dei to austeuropeiske mennene møte i Hordaland tingrett. Dei er tiltalte for heile ti innbrot i einebustadar på Vestlandet.
Politiet meiner mennene har stole verdiar for totalt 2,66 millionar kroner. Mellom anna alkohol, bunadssølv, smykke og klokker.
– Det er kjempebra at dei er tiltalte, seier Bjørn Ove Heggland i Bergen, ein av dei som vart ramma.
– Dei rota ikkje mykje
Ifølge tiltalen fjerna mennene ei vindaugsrute på soverommet og stal smykke og klokker til ein samla verdi av 255.666 kroner hjå Heggland og kona medan dei var på helgetur.
– Vi kom inn i huset etter å ha vore borte i to dagar i helga. Ute på balkongen såg vi at det stod ei glasrute der.
Dei såg at det var vindaugsglaset på soverommet som var fjerna, og ringte til politiet.
– Dei sa vi ikkje måtte gå inn att i huset. Så kom dei raskt, med hundar. Vi er svært nøgde med politiets innsats. Dei var grundige med å samle spor, seier Heggland.
Han fortel at tjuvane berre hadde vore i soveromsfløya, ikkje kjøkken og stove.
– Dei hadde ikkje rota mykje.
– Korleis reagerte de?
– Vi var forbausa og overraska. Eg blei ikkje engsteleg, men kona litt.
Dei to tiltalte er i 40-åra. Foto frå overvakingskamera.
Grafikk: Politiet1,8 millionar frå eitt hus
Det første tjuveriet skal ha skjedd i Stavanger andre juledag 2024.
Her forsvann smykke og verdiar for over 144.000 kroner.
Så gjekk det ti månadar før dei neste innbrota.
Først i ein einebustad i Sola. Der skal det ha forsvunne verdiar for heile 1,8 millionar kroner.
Deretter følgde åtte innbrot i Bergen og Ålesund i løpet av tre veker i november-desember i fjor.
Politiet: – Profesjonelt utført
NRK har vore i kontakt med forsvararane til mennene, Victor Drosu og Ann Turid Bugge. Ingen av dei vil kommentere saka.
Dei tiltalte har tidlegare nekta for innbrota, men har sidan nekta å la seg avhøyre, fortel politiadvokat Elise Mjølhus Kleiven.
Ho seier innbrota var profesjonelt utførte og nøye planlagde.
– Dei veit kva dei har drive på med, og dei har nok vore flinke til å ikkje etterlate seg for mykje spor undervegs, seier Kleiven.
I to av innbrota fekk dei ikkje med seg verdiar.
Dei to skal ha gjort innbrota ilag, men ein av dei må svare for to tjuveri på eiga hand.
Mennene skal i fleire tilfelle ha demontert i staden for å knuse vindaugsruter, og på denne måten unngått å utløyse husalarmen.
Foto: PolitietFjerna karmar og vindauge
Ifølge tiltalen braut mennene seg inn ved å fjerne karmar på vindauge, terrassedører eller ved å knuse ruter.
Noko av same metoden blei også brukt i ei tjuveribølge i bergensområdet i fjor haust. Men dei to mennene er berre tiltalte for fire innbrot i Bergen.
For nokre år sidan opplevde fleire huseigarar å bli utsette for innbrot medan dei var i gravferder.
Men ifølge politiadvokaten er ikkje dette ein fellesnemnar her.
Etterlyst på «Åsted Norge»
Etter at mennene skal ha brote seg inn i ti hus, vart dei oppdaga og arresterte i Stavanger 18. desember 2025.
Det skjedde etter mange undersøkingar, samt at dei blei etterlyste gjennom TV-bilete i programmet «Åsted Norge» på TV 2, fortel politiadvokaten.
– Vi fekk inn tips, og så balla det på seg. Til slutt fant vi dei.
Men tjuvegodset mennene skal ha fått med seg, har politiet ikkje funne.
Mennene har sete varetektsfengsla sidan 20. desember i fjor.
Mobile vinningskriminelle
Det har vore eit lengre opphald mellom innbrota som politiet meiner mennene står bak.
– Har de noko forklaring på kvifor det var eit opphald?
– Ja, vi har nokre tankar om det, men ikkje som eg kan dele no, seier ho.
Politiet omtalar dei to som mobile vinningskriminelle.
Politiadvokaten vil ikkje kommentere om mennene er etterlyste for andre lovbrot i heimlandet.
Rettssaka startar 20. april og går over ti dagar.
Publisert 08.04.2026, kl. 20.28









English (US)