Innfører ketamin til behandling mot depresjon

6 hours ago 1



– Det er ein gledeleg dag for pasientar med behandlingsresistent depresjon. Endeleg har vi eit nytt verktøy i verktøykassa vår, seier Lars Lien, leiar for Norsk psykiatrisk foreining.

Dei regionale helseføretaka tok måndag stilling til innføring av behandling av intravenøs ketamin ved behandlingsresistent depresjon på norske sjukehus.

Det vart vedteke at norske sjukehus kan ta i bruk behandlingsmetoden. I Noreg blir ketamin no brukt «off label» for behandlingsresistent depresjon.

– Dette er ei pasientgruppe som har lidd over lang tid, som er sjuke lenge, og som endeleg får eit nytt behandlingstilbod, seier Lien.

– Akkurat som forventa

Legemiddelet ketamin er smertestillande, og ein kan oppleve ein behageleg rus av ketamin. Det gjer at det kan bli misbrukt.

Men legemiddelet har også vist lovande resultat for alvorleg deprimerte personar med og utan sjølvmordstankar.

Lowan Stewart er medisinsk direktør for Axonklinikken i Noreg, ein privatklinikk som gir ketaminbehandling mot depresjon. Private klinikkar har gitt slik behandling i fleire år. Stewart er nøgd med at offentlege sjukehus no også vil ta det i bruk:

– Det er veldig bra. Det er akkurat som vi forventa. Vi er veldig fornøgde, seier han.

NRK har tidlegare fortalt om Kenneth Worpvik, som seier at behandlinga blei redninga for han.

– Meir effektivt enn elektrosjokkbehandling

I juli kom ei metodevurdering frå Direktoratet for medisinske produkt (DMP). Metodevurderinga peikte på at ketamin kan vere rimelegare, meir effektivt og meir skånsamt enn dagens anbefalte behandling – elektrosjokkbehandling (ECT).

– Ketamin er ei av dei mest effektive behandlingane mot depresjon. Biverknadane er milde og går fort over. Det er meir risiko for pasientane å få elektrosjokkbehandling. Det kan føre til hukommelsestap. Nokon gonger går det over, andre gonger ikkje, seier Stewart og held fram:

– Dei fleste pasientar vil føretrekke å gjennomgå ei ketaminbehandling framfor elektrosjokkbehandling. Kostnaden for sjukehusa er også berre halvparten av ECT-behandling.

Lien i Norsk psykiatrisk foreining seier ketaminbehandlinga vil fungere for folk som har «prøvd alt» av behandling for alvorleg depresjon.

– Dette er ofte pasientar som har gått i årevis til ulike type behandlingar, men som ikkje har kome i mål, og som får fleire depresjonar. Vi har sett effekten av dette den tida det har vore brukt utan at vi har hatt godkjenning for det, at dette har god verknad på den pasientgruppa der.

Lars Lien er psykiatier og faglig rådgiver for Nasjonal kompetansetjeneste for samtidig rusmisbruk og psykisk lidelse (NKROP). Han har kort grått hår, lys hud og mørke øyne. På bildet ser man ham fra brystet og opp. Han har på seg en mørkeblå skjorte med grå t-skjorte under og ser rett i kameraet.

Lars Lien er psykiater i Norsk psykiatrisk foreining seier at ketaminbehandling vil fungere for pasientar med alvorleg depresjon som har «prøvd alt».

Foto: Thomas B Eckhoff / Den norske legeforening

Einaste sjukehus som har gitt behandlinga

Sidan 2020 har Sjukehuset Østfold, og etter kvart Sjukehuset Innlandet og Stavanger universitetssjukehus også gitt behandlinga.

Sjukehuset Østfold Kalnes har vore det einaste offentlege sjukehuset i landet der dei har behandla deprimerte pasientar med ketamin intravenøst dei siste fem åra.

– Det var overveldande til å begynne med. Vi fekk pasientar frå heile landet, fortel Ingmar Clausen, avdelingssjef for DPS i Nordre Østfold.

Avdelingssjef Ingmar Clausen, DPS Nordre Østfold. Psykisk helse, voksen.

Ingmar Clausen er avdelingssjef hos DPS Nordre Østfold. Han trur mange sjukehus raskt vil ta i bruk ketamin mot alvorleg depresjon.

Foto: Rahand Bazaz / NRK

Beslutninga som kom måndag føremiddag er noko han har venta lenge på.

– Det vil framleis vere kontroversielt. Samtidig har dei siste åra vist at dette er ei behandling som er ei ekte nyvinning, og som truleg vil adopterast av mange sjukehus raskt, seier han.

Avgjerda som vart teken måndag vil bli revurdert innan utgangen av 2028.

Publisert 25.08.2025, kl. 11.31 Oppdatert 25.08.2025, kl. 11.54

Read Entire Article