Interpellasjon fra Anne Grethe Hauan (FrP) til helse- og omsorgsministeren. Til behandling

1 day ago 2



Interpellasjon nr. 21 (2025-2026)
Om lag éin av tre nordmenn lever med langvarige smerter som påverkar både livskvalitet og arbeidsevne. Når vanleg behandling ikkje gir god nok lindring, endar mange opp på sterke smertestillande legemiddel, opioidar, som kan gi alvorlege biverknader og risiko for avhengigheit. I Noreg er berre to cannabisbaserte legemiddel godkjende: mot spastisitet ved multippel sklerose og mot enkelte sjeldne epilepsiformer. For dei fleste andre pasientar må behandling skje gjennom unntaksordningar, ofte utan refusjon. Samtidig blir slike legemiddel brukte i fleire land, mellom anna Danmark, som etter fleire års forsøksordning har valt å vidareføre ordninga for å samle kunnskap og erfaring. Vil statsråden ta initiativ til ein gjennomgang av regelverk, kunnskapsgrunnlag og praksis for medisinske cannabispreparat i Noreg, og i den samanhengen vurdere å nytte erfaringane og kunnskapsgrunnlaget frå Danmark?
Oversendt regjeringen: 11.03.2026
Til behandling

Anne Grethe Hauan (FrP)

Spørsmål

Anne Grethe Hauan (FrP): Om lag éin av tre nordmenn lever med langvarige smerter som påverkar både livskvalitet og arbeidsevne. Når vanleg behandling ikkje gir god nok lindring, endar mange opp på sterke smertestillande legemiddel, opioidar, som kan gi alvorlege biverknader og risiko for avhengigheit. I Noreg er berre to cannabisbaserte legemiddel godkjende: mot spastisitet ved multippel sklerose og mot enkelte sjeldne epilepsiformer. For dei fleste andre pasientar må behandling skje gjennom unntaksordningar, ofte utan refusjon. Samtidig blir slike legemiddel brukte i fleire land, mellom anna Danmark, som etter fleire års forsøksordning har valt å vidareføre ordninga for å samle kunnskap og erfaring.
Vil statsråden ta initiativ til ein gjennomgang av regelverk, kunnskapsgrunnlag og praksis for medisinske cannabispreparat i Noreg, og i den samanhengen vurdere å nytte erfaringane og kunnskapsgrunnlaget frå Danmark?

Read Entire Article