USAs president Donald Trump sin frustrasjon over Iran var synleg søndag ettermiddag.
– Opne det jævla sundet, galne jævlar, elles kjem dykk til å leve i helvete – berre vent og sjå! Lova vere Allah.
Det skreiv presidenten på Truth Social på den viktigaste høgtidsdagen til kristne som feira Jesu oppstode.
Dette innlegget har fått fleire til å reagere.
Faksimile: Donald J. Trump / Truth SocialTrump har tidlegare gitt Iran ein tidsfrist på ti dagar på å opne Hormuzsundet eller å inngå ei våpenkvile, om dette ikkje skjer vil «helvete bryte laus».
Fristen har fleire gongar blitt utvida, men går ut tysdag kveld amerikansk tid, ifølge presidenten.
Iran har avvist USA sitt forslag til ei midlertidig våpenkvile. Dei godtar ikkje å bli pressa til å overhalde tidsfristar eller til å ta avgjerder.
Iran hevdar at trugslane frå Trump er eit klart brot på krigens folkerett.
Dette må du vite om Hormuzsundet
- Kva er Hormuzsundet og kvar ligg det?
Hormuzsundet er ei av dei viktigaste skipsrutene i verda for transport av olje. Sundet går mellom Iran og Oman, og skil Persiabukta frå resten av Arabiahavet.
Gjennom sundet, som på det smalaste er i underkant av fem mil breitt, blir ein femtedel av olja og gassen i verda frakta.
I 2025 vart rundt 20 millionar fat olje frakta gjennom Hormuzsundet kvar dag, ifølgje det amerikanske energidepartementet. Det svarer til ein energihandel for nær 600 milliardar dollar i året.
Olja kjem ikkje berre frå Iran, men også frå Irak, Kuwait, Qatar, Saudi-Arabia og Dei sameinte arabiske emirata.
- Kvifor er Hormuzsundet viktig i krigen mellom USA, Israel og Iran?
– Hormuzsundet er ein av dei stadene der det er enklast for Iran å påverke militært, noko som har stor effekt på verdsøkonomien. Dette kan igjen påverke USA ved å skape uro i verdsmarknadene, fortel Kyrre Tromm Lindvig.
Han er hovudlærar ved seksjon for strategi og fellesoperasjonar ved Forsvarets høgskole.
Kort tid etter at USA og Israel gjekk til angrep mot Iran, truga Iran med å «stenge» Hormuzsundet og setje fyr på alle skip som prøvde å passere.
USAs president Donald Trump har åtvara om at Washington vil slå endå hardare tilbake dersom Iran blokkerer oljeeksporten. Iran ein tidsfrist for å opne sundet, elles vil USA angripe med stor kraft, ifølge Trump.
- Kva er konsekvensen av å stenge Hormuzsundet?
Sidan krigen starta, har så godt som all skipstrafikk gjennom Hormuzsundet stått på pause. Det fører til at transporten av olje og gass stoppar opp.
Når trafikken blir forstyrra, hoppar olje- og gassprisane kraftig, noko som igjen har stor effekt på aksjemarknadene i verda, forklarer Lindvig.
Analysebyrået Wood Mackenzie åtvarar om at prisen kan stige til 200 dollar fatet i løpet av 2026. Før krigen låg prisane på omkring 70 dollar per fat.
I tillegg må fleire produsentar redusere produksjonen fordi lagera deira blir fylte opp når eksporten stoppar opp, forklarer Lindvig. Irak, Qatar og Kuwait er nokre av landa som har bestemt seg for å redusere produksjonen av olje og gass.
Dersom situasjonen i Hormuzsundet varer ved, vil det vere 20 prosent mindre olje og gass i verda enn vi er vande med. Asia og Europa er dei mest sårbare regionane for forstyrringar i forsyninga, og er meir avhengige av import av råolje, gass og drivstoff frå Midtausten enn andre delar av verda.
Trugar med krigsbrotsverk
Iran har halde Hormuzsundet stengt sidan krigen braut ut. Det er upopulært hos den amerikanske presidenten som i likskap med resten av verda har opplevd svingande og høge oljeprisar.
– Tysdag vil bli kraftverksdagen og bru-dagen, alt i eitt, i Iran. Det vil ikkje finnast maken til det, står det i presidenten sitt innlegg.
Dersom trugselen frå Trump mot iransk infrastruktur er reell, vil det kunne få store konsekvensar for den iranske sivilbefolkninga.
– USAs president, som landets øvste embetsmann, har offentleg trua med å gjere krigsbrotsverk, skriv Irans viseutanriksminister Kazem Gharibabadi på X.
Trump blir skulda for å truge med krigsbrotsverk.
Foto: Elizabeth Frantz / REUTERS,NTBFN-pakta er ein internasjonal avtale med grunnleggande reglar for internasjonal politikk.
Iran hevdar at trugslane frå Trump bryt med artikkel to punkt fire, som tar for seg trugslar om bruk av væpna makt mot ein stat.
Gharibabadi meiner at trugselen også bryt med artikkel 52 i Genévekonvensjonane.
Artikkelen seier at «sivile objekt skal ikkje vere gjenstand for angrep», då angrep skal vere «avgrensa strengt til militære mål».
Ei kvinne sit framfor ein øydelagt bygning etter eit angrep mot Irans hovudstad Teheran 12. mars.
Foto: Vahid Salemi / AP,NTB– Å bevisst rette angrep mot sivile objekt som ikkje er militære mål, er eit krigsbrotsverk.
Det seier Luis Moreno-Ocampo, sjefaktor ved Den internasjonale domstolen, til BBC.
Trump har ikkje komme med nye utsegn om eit mogleg angrep mot Iran, men han skal halde ein pressekonferanse i løpet av kvelden.
Følg utviklinga i Midtausten her:
«Utilrekneleg galning»
Innlegget har fått republikanarar og demokratar til å reagere.
– Alle i hans administrasjon som hevdar å vere kristne, må falle på kne og be Gud om tilgiving, slutte å dyrke presidenten og gripe inn mot Trumps galskap.
Det skriv republikanaren Marjorie Taylor Greene på X.
Marjorie Taylor Greene saman med Trump på eit arrangement i Georgia under valkampen i 2024.
Foto: ELIJAH NOUVELAGE / AFP,NTBHo er tidlegare støttespelar av Trump, men har dei siste åra tatt avstand. I november trakk ho seg som medlem av Representanthuset.
– Trump sine trugslar om å bombe kraftverk og bruer råkar det iranske folket, dei same menneska som Trump hevda han skulle frigjere, skriv ho vidare.
Ho peikar på at Trump si krigføring i Midtausten strir med lovnadane han gjekk til val på om «America First» og nei til nye krigar.
Også republikanaren Joe Walsh, tidlegare medlem i Representanthuset, er kritisk til Trump sitt bodskap.
– Han vil for alltid vere ein skamplett på dette landet, og verda, skriv Walsh på X.
Demokraten Chuck Schumer omtalar Trump som ein «utilrekneleg galning» som trugar med krigsbrotsverk og støyter frå seg allierte.
– Dette er den han er, men ikkje kven vi er. Landet vårt fortener så mykje betre, skriv han på X.
Hakeem Jeffries, demokratane sin minoritetsleiar i Representanthuset, meiner beskjeden frå presidenten er «avskyeleg» og at «noko er veldig feil med denne mannen», skriv han på X.
– Skremmer ikkje Iran
Zanny Minton Beddoes, sjefredaktør i The Economist, er sjokkert over retorikken til Trump.
– Eg trur vi alle har blitt noko nomen av presidenten sine fråsegn, men sjølv for hans standarar var dette sjokkerande, seier ho til CNN.
Fleire har vore usikker på om innlegga til presidenten har vore ekte, ifølge Beddoes.
– Eg trur dette var eit teikn på hans frustrasjon, ein frustrasjon over ein situasjon kor Iran openbert har det strategiske overtaket ettersom president Trump ikkje har nokon gode alternativ, legg ho til.
Richard Haass, tidlegare leiar for Rådet for utanriksrelasjonar (CFR), meiner at innlegget til Trump opnar opp for juridiske og politiske spørsmål.
Haass meiner at Trump svekker sitt eige truverd med eit slikt språk i innlegget sitt.
– Å oppfordre til slike angrep vil eg tru gjer det motsette av å trygge partnarar og allierte, og eg trur ikkje det skremmer Iran, seier han til CNN.
Fem moglege scenario i Iran, ifølge Midtausten-ekspertar:
Interessert i det som skjer i verda? Høyr Urix sin podkast her:
Publisert 06.04.2026, kl. 17.19 Oppdatert 07.04.2026, kl. 10.42









.jpg)






English (US)