Irans stjernespelar avslørte Infantino-besøk i garderoben: – Det mest undertrykte laget i VM

3 hours ago 3



Natt til tysdag norsk tid blei det 2–2 i Irans første kamp i meisterskapet. Det blei ein kamp med mykje knirking, både på og utanfor banen.

Fleire i det iranske støtteapparatet sleppte ikkje inn i USA. Landslaget fekk berre opphalde seg i USA på kampdag, og fekk beskjed om å returnere til basen i Mexico direkte etter kampen.

Før heimreisa stoppa dei for å snakke med pressa, som lurte på korleis det var å stå i denne situasjonen som iransk fotballspelar i VM.

– Vi har ein del problem. Det skal vere trening i morgon tidleg, men vi må forlate byen no. Det er ikkje bra for oss. Det er ikkje bra for fotballen, seier Mehdi Taremi til NRK og anna presse på plass i Los Angeles.

FEIRING: Mehdi Taremi (i midten) feirar målet til Ramin Rezaeian (til høgre) saman med Saeid Ezatolahi.

Foto: Matthew Childs / REUTERS,NTB

Sendt rett ut av USA

Kampen tysdag blei spelt i Los Angeles. Etter kampen skulle Iran reise rett sørover og til Mexico.

– Det er ein kjip situasjon. Vi er leie av det. Det har vore så mykje problem. Det påverkar laget vårt. Vi ønsker berre fred, seier Taremi.

Det harmonerer dårleg med å lade opp til ny kamp.

I VM er du nøydd til å vere godt førebudd til kampane. For oss er det mykje stress for spelarane og støtteapparat. Vi har ikkje den støtta. Så eg synest Fifa må hjelpe oss meir enn dei har gjort. Vi får sjå kva som skjer framover, seier Mehdi Taremi.

 Amir Ghalenoei (L) and assistant coach Saeed Alhoei (R)

TRENARAR: Amir Ghalenoei (hovudtrenar, til venstre) saman med assistenttrenar Saeed Alhoei før kampen i natt.

Foto: FREDERIC J. BROWN / AFP,NTB

Dei mange problema har ført til eit stort press på dei iranske i støtteapparatet som faktisk får innreise til USA.

– Vi har ikkje mediekontakt, vi har ikkje fotballpresidenten her. Vi har ikkje støtteapparat. Det er viktig for oss. Vi har ikkje noko kommunikasjon med Fifa. Analyse-mannen vår må komme hit og vere mediekontakt, seier Taremi oppgitt og peikar rundt seg.

– Alt er som ein katastrofe for oss.

Også Iran-trenaren Amir Ghalenoei er mør av alt bråket rundt det iranske landslaget.

– Andre tar avgjerdene for oss. Vi skulle komme til Los Angeles to dagar før kampen, men dei tillét oss ikkje det. Og vi skulle vere her i kveld og dra heim i morgon ved lunsjtider. Men dei har ikkje gitt oss lov til det, og for å vere ærleg, så har eg inga aning om kvifor, seier Ghalenoei og legg til:

– Eg trur laget vårt kanskje er det mest undertrykte i heile VM.

infantino og weah

PRESIDENT: Gianni Infantino, her avbilda på tribunen under kampen mellom New Zealand og Iran.

Foto: Matthew Childs / REUTERS,NTB

Fifa-presidenten i garderoben

I samband med kampen mot New Zealand var Gianni Infantino på plass. Ifølge Taremi kom han inn i garderoben.

– Kva vil du seie til Infantino?

– Han var i garderoben, vi spurde han om desse tinga.

– Prøvde han å hjelpe dykk?

– Ja, han prøver. Men det handlar om andre ting òg.

– Trur du på han?

– Ja, kvifor ikkje. Vi trur på alt. Vi er her for freden.

– Kva sa han?

– Han ville berre hjelpe oss. Han sa at dette er starten på VM, og at han vil hjelpe oss.

NRK har kontakta Fifa for å svare på kritikken, men dei har foreløpig ikkje svart på førespurnaden.

Publisert 16.06.2026, kl. 08.08

Read Entire Article