Israel er i full gang med å lage det dei kallar buffersoner innanfor Gazas grenser.
Dette er soner som Israel kontrollerer med sitt militære, og som sivile palestinarar ikkje får vere i.
No skal denne sona bli utvida med 75 kvadratkilometer i sør.
Laurdag seier nemleg den israelske hæren at dei har omringa byen Rafah og tatt kontroll over ein korridor nord for byen.
Området i sør utgjer til saman ein femtedel av Gazas areal.
To tredjedelar av Gazastripa er frå før av under israelsk kontroll, anten som evakueringssoner eller buffersoner.
Samstundes seier Israels forsvarsminister, Israel Katz, at militæret skal utvide bakkeoffensiven sin til «mesteparten av Gaza», melder AFP.
Kartet viser områder i Gaza under israelsk militær kontroll, og områder som skal bli lagt til i buffersonen. Koordinatene for områdene er hentet fra avisen Haaretz. De er ikke verifisert av NRK.
Grafikk: NRKEnklave
Med dette har IDF også sørga for at heile Gazastripa ligg innanfor israelsk-kontrollert territorium.
Rafah ligg heilt sør, inntil grensa til Egypt. Denne delen av Gaza har vore den einaste som er i kontakt med eit anna land enn Israel.
Grenseovergangen mellom Rafah og Egypt har vore den viktigaste passasjen for naudhjelp inn til Gaza, fram til Israel blokkerte for dette for seks veker sidan.
Fryktar permanent fordriving
Fleire internt fordrivne palestinarar søkte ly i Rafah fram til IDF sende ut evakueringsordrar for byen 31. mars. Då hadde dei allereie retta fleire angrep mot byen.
Det var ein av over 20 evakueringsordrar som har blitt sendt ut etter at våpenkvila blei broten 18. mars.
Ifølge Genèvekonvensjonane, kan Israel som okkupasjonsmakt evakuere sivile mellombels om det er heilt uunngåeleg.
Men Israels forsvarsminister Israel Katz truar med å gjere dei evakuerte områda om til permanente buffersoner, i alle fall til Hamas er nedkjempa.
Palestinarar ankjem Khan Younis etter å ha fått beskjed om å forlate Rafah.
Foto: EYAD BABA / AFP / NTB– Store område blir kapra og lagt til Israel sine sikkerheitssoner. Gaza blir mindre og isolert, sa han då han besøkte Rafah på torsdag.
Dei siste vekene har IDF gjennomført ei rekke intense angrep mot Rafah, både frå lufta og på bakken.
No er området så øydelagt at det blir umogleg for palestinarane å vende tilbake dit, ifølge FNs kontor for menneskerettar.
Dei meiner Israels evakueringsordrar til palestinarar i praksis er fordrivingsordrar.
– Omfanget og måten evakueringane blir gjennomførte på, er grunn til bekymring for at Israel planlegg å fjerne den sivile befolkninga frå desse områda på permanent basis, skriv dei i ei utsegn.
Områda palestinarar kan opphalde seg på, blir stadig mindre. Katz seier at Israel si løysing på dette er «frivillig utvandring».
Folkeretten krev også at okkupanten sikrar hygieniske, trygge og humane forhold under evakueringa, medan Israel har blokkert all naudhjelp inn til Gaza i seks veker.
NRK har bedt IDF om ein kommentar til dette, men ikkje fått noko svar. Katz seier at kontroll over Rafah er viktig for å auke presset på Hamas og strupe forsyningar til gruppa utanfrå.
– Skyt alle som nærmar seg
Dei som måtte flykte frå Rafah, fekk beskjed om å reise til Khan Younis og Mawasi-området ved kysten. Dette skulle vere humanitære soner.
Men sidan har Israel angripe Khan Younis, og fleire av desse trygge sonene inngår no i det som skal bli Israels buffersone i sør.
Norwac-lege Oliver Grundnes.
Foto: Privat– Vi opplever at vi ligg veldig nært det som er definert som raud sone, altså der folk ikkje får lov til å opphalde seg. Alle som er i nærleiken av den, blir skotne, seier Oliver Grundnes.
Han er kirurg og feltarbeidar for Norwac, på plass i Khan Younis no.
– Det er mykje kampar, og mange drepne og skadde. Men det er eit problem å få dei inn til sjukehuset, fordi sivile og redningsmannskap rett og slett ikkje tør å bevege seg rundt i området, seier han.
Bygger ny korridor
Israelske styrkar har også tatt kontroll over ei stripe på tvers av Sør-Gaza, som skil storbyane Rafah og Khan Younis frå kvarandre.
Der skal det dei kallar Morag-korridoren gå, og skilje storbyane Rafah og Gaza frå kvarandre. Slik sikrar dei seg full kontroll over Rafah.
Ein israelsk soldat kontrollerer palestinarar ved det som var Morag-busettinga, 19. mai 2005.
Foto: BAZ RATNER / AP / NTBFor omtrent eit år sidan tok Israel kontroll over elvedalen Wadi Gaza i nord, der dei bygde Netzarim-korridoren.
Korridoren har sidan isolert Nord-Gaza.
Under våpenkvila på starten av året, kunne fleire titals tusen palestinarar krysse han og vende heim til nord.
Interessert i utanriksstoff? Høyr vår dagsferske Urix-sending:
Publisert 12.04.2025, kl. 17.30