– Eg kjende Bodø allereie lenge før eg kom. På grunn av Bodø/Glimt, seier Andrea Paolini.
Mens laget hans reiste heim til Milano etter det forsmedelege tapet på Aspmyra og Bodø/Glimt stakk på treningsleir i Spania, vart den italienske fotballsupporteren igjen i Bodø nokre dagar.
Han er nyfiken på byen som har fostra fotballaget som har herja med storleikar som Roma, Manchester City og Atlético Madrid.
– Eg er verkeleg ikkje ofte nord for polarsirkelen. Så når eg skal beskrive det for venane mine i Italia høyrest det uverkeleg ut, men eg er her, så det er verkeleg, seier Paolini.
Foto: Marius Eriksen Guttormsen / NRKEtter Glimt-sigrar mot Inter skreiv det den italienske sportsavisa Gazzetta dello Sport at «Bodø er eit helvete».
Avisa viste både til kulde, vind og kunstgras, og dessutan at fleire italienske lag har reist slukøyra heim frå Bodø.
Men italienaren som var på kampen onsdag er ikkje einig i skildringa om byen.
– Det er noko mytologisk med Bodø. Generelt er det ikkje så gode lag frå slike byer. Det er jo som eit lite eventyr. Det er vakkert, men det er sant.
«Bodø er eit helvete» skreiv den italienske sportsavisen Gazzetta dello Sport og viste til både vêr, grastype og konkurrent.
Faksimile: Skjermdump fra gazzetta.itMerker auka interesse
Og fotballsupporteren er ikkje den einaste som ser på den nordnorske byen med interessert blikk.
Bodø/Glimt sin suksess vekker merksemd i heile verda. Til dømes via ein av dei største amerikanske tv-kanalane, CBS Sport, kor laget frå nord fikk mykje sendetid.
I dag var glade Glimt-spelarar på veg frå Bodø til Spania for å førebu seg på returkampen som skjer førkommande onsdag.
Foto: NRKReiselivsorganisasjonen Visit Bodø seier dei merker forskjellen etter at Glimt begynte å gjere det stort i Europa.
Marknadsverdien til både Bodø, Nordland og Noreg har auka ifølge Kristin Konradsen, salsdirektør i Visit Bodø.
– Det er enormt mykje. Det ser eg som er mykje ute i Europa. Mange seier at det som skjer er fantastisk og heier på Bodø/Glimt.
Kristin Konradsen, salsdirektør i Visit Bodø og resten av delegasjonen frå Visit Noreg poserer saman ikledd gule Glimt-skjerf.
Foto: Kristin Konradsen / Visit BodøTrefte den spanske kongen
Ho trenger ikkje lenger å forklare kor Bodø er, når ho reiser rundt for å selje reiselivsopplevingar i regionen.
– Det hjelper på å identifisere kva Bodø er. Det viser at Bodø/Glimt har sat byen på kartet.
Då ho og dei andre i Visit Bodø reiste til Madrid for å følge Bodø/Glimt i kampen mot Atlético Madrid, hadde ho med seg gule og svarte skjerf som ho kunne dele ut.
Slik hamna eit Bodø/Glimt-skjerf i eit ganske kongeleg selskap; hos den spanske kong Felipe.
Den norske ambassadøren til Spania fekk era av å gi eit Bodø/Glimt-skjerf til den spanske kongen, Felipe VI, då Visit Noreg var i Madrid og Glimt spelte mot Atletico.
Foto: Kristin Konradsen / Visit Bodø– Hadde han høyrt om Bodø/Glimt?
– Det hadde han. Han er uoffisielt Atletico-fan, seier Konradsen
No skal ein stor delegasjon frå Nordland til Milano i regi av Visit Noreg for å lokke også andre turistar til Nordland.
160 prosent auke i google-søk på Bodø
PR-sjefen i Visit Norway, Nina Kjønigsen, seier fotballaget til og med får reiselivet i nord til å stå sterkare saman.
– Det har skapt ein utruleg lagånd i reiselivet. Dette gjør at enda fleire reiser til både Lofoten, Tromsø og helgeland,
Dei siste dagane har det vore hundrevis av italienarar i Bodø.
Foto: NRKTal frå Innovasjon Noreg viser at søk på google med søkeordet Bodø har hatt ein auke på 160 prosent sidan seinhausten 2025.
I tillegg har det vore 72 prosent auke i artiklar og sidar om Bodø på Visit Norway sine nettstader. 30.000 engasjerte handlingar på innlegga deira på Bodø/Glimt og tre millionar har sett videoene dei har lagt ut om fotballaget på sosiale medier.
Men kjem det fleire turistar til Bodø sjølv om Visit Bodø sender delegasjonar til Spania og Italia eller legg ut innlegg på nett og sosiale medier?
Reiselivsforskar: – Avgrensa effekt
Tvilsamt, meiner reiselivsforskar.
Gaute Emil Svensson er førsteamanuensis ved Handelshøgskolen på UiT.
Han trur prestasjonane til Glimt i Europa har lite å si for folks ønske til å reise til Bodø.
– Eg trur effekten av prestasjonar som det Glimt har gjort er avgrensa som attraksjonskraft, seier han og forklarar
– Rosenborg har ein liknande historier utan at det har blitt det vi kallar pull-faktor.
Gaute Emil Svensson
- Førsteamanuensis, Handelsøgskolen ved UiT
– Kva er det som faktisk får folk til å velje reisemål om dagen?
– Attraksjonskrafta i Noreg generelt og Nord-Norge spesielt er natur. Reiselivet sine råvarer er nordlys, kval, fjord og fjell.
Sjølv om Glimt sine prestasjonar er nærast ufattelege, trur han det har avgrensa verdi i ein reiselivssamanheng.
Kven som kjem hit har større betydning for marknadsføringa av Bodø og Nordland.
– Eg trur marknadsføringseffekten av at Manchester City trener Pep Guardiola drog privat til Lofoten er mykje større enn at Glimt vinnar kampar i Meisterligaen.
Kjenner laget betre enn byen
Inter-supporteren Paolini reiser både på turar for å følge laget sitt, men òg fordi han er interessert i å oppdaga nye stader.
– Kor godt kjent trur du Bodø er i Italia generelt?
– Eg trur ikkje særleg mange kjenner til Bodø. Og viss dei har høyrt om Bodø er det på grunn av Bodø/Glimt, seier Paolini.
Ein Inter-supporter skryter av Bodø og klubben sin.
– Er du opptatt av fotball veit du nok at dei ikkje berre slo Inter på onsdag, men at dei har slått Roma 6-1, slo ut Lazio frå Europaligaen, vann over Manchester City 3–1 og at dei vann i Madrid.
Fleire Inter-supportarar syntest det var stat å kome til eit snødekt Aspmyra stadion når dei skulle
Foto: NRKSom mange andre turistar håper Inter-supporteren å sjå nordlyset.
– Eg har verkeleg sat stor pris på Bodø. Folk er opne og eg likar at mange har spurt om å ta bilde med meg, seier Paolini
Publisert 21.02.2026, kl. 08.12















English (US)