Ivan (3) døde under operasjon – meiner ingen bør straffast

4 days ago 6



– Vi har ikkje anbefalt vidare etterforsking etter at informasjonen i saka gjer at vi vurderar at det ikkje er noko som indikerer noko straffbart, seier fylkesoverlege i Rogaland Andres Neset til NRK.

Statsforvaltaren har slått fast at helsehjelpa Ivan fekk, var uforsvarleg. Likevel meiner dei at sjukehuset ikkje skal straffast.

TV 2 omtala saka fyrst.

– Vi har ikkje anbefalt vidare etterforsking etter at informasjonen i saka gjer at vi vurderar at det er noko som indikerer noko straffbart, seier Neset til NRK.

I april i fjor døde Ivan (3) under ein operasjon der han vart lagt i narkose og fekk hjartestans.

Guten hadde ein underliggande sjukdom som gjorde at ein måtte ta særskilde omsyn ved bruk av narkose.

Sør-Vest politidistrikt bekreftar overfor NRK at saka er ferdig etterforska.

– Saka er oversendt statsadvokaten, seier politiadvokat Tove Marie Haver.

Ikkje grunnlag for straff

Statsforvaltaren konkluderte i mars med at Ivan ikkje fekk forsvarleg helsehjelp og at avvika samla sett var så store at dei blir sett på som uforsvarlege.

Men likevel meiner dei at det ikkje legg grunnlag for straff.

«Statsforvalteren vurderer at Helse Stavanger sitt i spesialisthelsetenestelova ikkje tilseier at involvert helsepersonell har handla grovt aktlaust, og er av ein slik karakter at dei bør reagerast strafferettsleg», står det i vurderinga som er oversendt til politiet.

Konklusjonen er gjort ut ifrå vurderinga av forholdet i tilsynssaka, på bakgrunn av mellom anna obduksjonsrapport, sakkyndigrapportar og pasientjournal.

– Terskelen er høg for at brot på helselovgjevinga er straffbart og det kjem etter vår vurdering ikkje opp til den terskelen i denne saka, seier fylkesoverlege Neset.

Reagerer sterkt på vurderinga

– For meg er dette ubegripeleg.

Bistandsadvokat for foreldra Anne Kroken, seier til NRK at domstolen bør ta stilling til saka.

Anne Kroken, advokat

Anne Kroken seier at saka ikkje er i mål etter vurderinga frå statsforvaltaren.

Foto: Øystein Otterdal / Øystein Otterdal

Dette er lokale aktørar som har konkludert og det er heldigvis andre som er kvalifiserte til å meine noko om dette, seier Kroken.

Ho påpeikar at vurderinga er eit råd der statsforvaltaren gir sitt syn på saka.

– Dei vurderer dette feil. Eg har sjeldan sett at det er påvist feil på så mange punkt som i denne saka, seier Kroken.

Her har vore svikt på så mange plan,

Fekk ikkje tolk

Foreldra til Ivan (3) seier dei bad om tolk fleire gonger, men blei avvist av sjukehuset.

Foreldra, som opphavleg kjem frå Syria og Norsk Tolkeforening meiner offentlege etatar ikkje kan lovverket godt nok og at dei manglar retningslinjer.

Bistandsadvokat for foreldra til Ivan, Anne Kroken meiner at kommunikasjonen med sjukehuset svikta.

– Dei bad om tolk, men blei fortalt at det ikkje var nødvendig, seier Kroken.

Publisert 27.06.2025, kl. 11.27 Oppdatert 27.06.2025, kl. 11.59

Read Entire Article