Iversen og Vike får OL-billett

4 hours ago 2



Om knappe tre veker startar OL i Milano og Cortina. Tysdag kom Noregs idrettsforbund med den endelege lista over kva langrennsløparar som får reise.

Emil Iversen og Oskar Opstad Vike får dei siste herre-plassane, det bekreftar Noregs idrettsforbund i pressemelding.

På kvinnesida er Milla Grosberghaugen Andreassen, Ingrid Bergene Aabrekk, Julie Bjervig Drivenes og Kristin Austgulen Fosnæs tatt ut.

Kamp om plassane

Før tysdagens uttak, var seks herrar tatt ut, medan det på kvinnesida var tatt ut fire. Det var difor mange utøvarar som kjempa om dei ledige plassane.

– Under NM fekk eg spørsmålet, og eg landa på Ree og Opstad Vike. Det andre alternativet var Opstad Vike og Iversen. Det går ikkje an å seie at det vart feil, for det Iversen har levert, er veldig bra, seier NRKs langrennsekspert Pål Golberg etter at uttaket blei klart tysdag.

Emil Iversen er for tida i italienske Lavaze, for å leggje ned den siste treninga før meisterskapet.

Iversen har ikkje svart på NRK sine førespurnader.

I løpet av sesongen har Iversen tatt tre pallplassar i verdscupen. Han blei nummer tre på 20 kilometer fellesstart med skibyte i Trondheim i desember, og tok ein tredjeplass på 10 km intervallstart i Toblach, før han igjen kapra den siste pallplassen opp den avsluttande slalåmbakken.

To skiløpere omfavner hverandre etter en konkurranse. De har på seg fargerike skiklær med sponsorlogos. Bakgrunnen viser bannere fra et skirenn i Trondheim. Begge utøverne holder skistaver i hendene. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

PALLPLASS: Emil Iversen og Johannes Høsflot Klæbo etter målpassering i langrenn 20km med skibyte i Granåsen. Iversen kom på 3. plass, Klæbo vann rennet

Foto: Geir Olsen / NTB

Oskar Opstad Vike fekk den andre OL-plassen. Sjølv om han måtte trekkje seg frå Tour de Ski med skade, og stå over NM og verdscupen i Oberhof med sjukdom, heldt prestasjonane frå tidlegare i sesongen til ein OL-plass. Vike har tre pallplassar i verdscupen i sprint denne vinteren.

oskar opstad vike

Oskar Opstad Vike

Foto: Terje Pedersen / NTB

Størst grunn til å vere skuffa

Andreas Fjorden Ree er blant dei utøvarane som lukta på ein OL-plass.

– Min tanke på førehand var to alternativ, at Vike var den sikre og at det stod mellom Ree og Iversen. I mine vurderingar var Ree inne på 10 kilometer, medan Iversen var inne på femmila. Eg trur dei har vurdert at Nyenget er framfor Ree på 10 kilometer og at Iversen er inne på femmila, seier Golberg.

Anders Fjorden Ree

Andreas Fjorden Ree

Foto: Lise Åserud / NTB

Han held fram:

– Uansett korleis uttaket hadde blitt, så hadde det blitt feil for nokon. Ree er den som har størst grunn til å vere skuffa. Det er to løparar som fortener å vere i OL. No er det to eller tre som ikkje har fått plass som hadde fortent OL-plass.

På si side blei han nummer to på 10 km fristil og nummer åtte på 20 km fellesstart med skibyte i Trondheim. I Davos blei han nummer åtte på 20 km fristil. Han har også to sølvmedaljar i NM på Steinkjer, både på 10 kilometer fristil og 20 kilometer fellesstart med skibyte.

Kristin Austgulen Fosnæs har ikkje hatt den enklaste starten fekk det tøft og måtte bryte Tour de Ski, men fann forma igjen til NM på Steinkjer førre veke. Der gjekk det mykje betre, og ho vann gull både på 10 kilometer fristil og 20 kilometer skiathlon.

undefined (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

OPPTUR: Kristin Austgulen Fosnæs leverte bra på NM i Steinkjer førre veke.

Foto: Lise Åserud / NTB

Skal gå verdscup

Fleire OL-klare utøvarar stiller til alt start når dei siste konkurransane i verdscupen går i Goms til helga.

Erik Valnes, Oskar Opstad Vike, Johannes Høsflot Klæbo, Harald Østberg Amundsen og Emil Iversen skal gå. For kvinnene er Astrid Øyre Slind, Julie Bjervig Drivenes og Karoline Simpson-Larsen dei OL-klare utøvarane som reiser til Sveits.

Publisert 20.01.2026, kl. 13.31 Oppdatert 20.01.2026, kl. 13.50

Read Entire Article