Ove Sveinung Tennfjord
Stavanger
Publisert: Publisert:
For mindre enn 20 minutter siden
Debatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.
DEBATT: Viss viljen er til stades, er det utruleg mykje du kan få med deg på ein sykkel.
Det skjer mykje fint i Stavanger-regionen for tida – i alle fall dersom du sit på ein sykkel.
Siste etappe av Sykkelstamvegen mellom Sandnes og Stavanger er under bygging og skal opne sommaren 2026. Tretten kilometer høgstandard sykkelveg for pendling, søndagsturar og handleturar. Ein slags motorveg for syklistar – berre utan kø og tuting.
I tillegg veks det fram eit solid sykkeltilbod langs bussveien, med eigne sykkelfelt på 1,8 meter og fortau på kvar side. Allereie i dag kan du her sykle samanhengande mellom Kvadrat og Stavanger sentrum, med god flyt og høveleg fart.
Og ja: Med trøsykkel eller elsykkel – gjerne med vogn bak – går det fint å kombinere pendling og handleturar til Ikea, Kvadrat eller Tvedt-senteret, for det er overraskande mykje som får plass bak ein sykkel når viljen er til stades.
Det einaste som manglar no, er ein skikkeleg sykkelveg til IVAR sitt anlegg på Forus dersom du kjem frå Stavangersida. Men kanskje kjem den òg – når dei oppdagar at boss faktisk kan fraktast på sykkel.
Det går rette vegen. Bokstaveleg talt.
Publisert:
Publisert: 2. april 2026 10:15

3 days ago
18




English (US)