– Det som har utspilt seg i Minneapolis denne månaden sviktar våre mest grunnleggande verdiar som amerikanarar, skriv USAs tidlegare president Joe Biden på X.
– Vi er ikkje ein nasjon som skyt våre eigne borgarar på gata, skriv han vidare.
Biden går hardt ut mot Trump-administrasjonen etter at to personar er drepne under demonstrasjonar i Minneapolis dei siste vekene.
Biden krev ei «full, rettferdig og open etterforsking» av dødsfalla til Alex Pretti og Renee Good, og seier han og kona Jill tenker på familiane, og andre som er glade i Pretti og Good.






English (US)