Johannessen imponerte igjen - nummer to i Milano-Torino

3 hours ago 2



18. mars 2026 kl. 13:54

Møter truleg Marokko i VM-generalprøve

Det norske herrelandslaget i fotball møter truleg Marokko i den siste offisielle landskampen før VM i sommar.

Det røpte landslagssjef Ståle Solbakken då han presenterte troppen som skal møte Nederland 27. mars og Sveits fire dagar seinare.

Under pressekonferansen kviskra han eit land til medieansvarleg. Fleire spekulerte i at det kunne vore Marokko. Då han fekk spørsmål frå NRK svarte han:

– Det var nokon som påstod det. Kanskje.

Landslagssjefen var meir open om det i prat med NTB:

– Me håpar på det. Det har vore klart ei stund, sjølv om det ikkje er heilt på plass. Eg føler at det er ein dårleg bevart løyndom, og eg har fått det spørsmålet ganske mange gonger om kven me skal møte.

– Kor viktig er det at Noreg ikkje møter eit lag frå Europa i ein slik kamp?

– Det passar bra, i og med at me møter Senegal i kamp to i gruppespelet i VM, sa Solbakken.

Marokko tapte finalen i Afrikameisterskapen mot VM-motstandaren til Noreg, Senegal, men blei denne veka tilkjend sigeren. (NRK/NTB)

Read Entire Article