– Jonas Lovv får svare akkurat det han vil

19 hours ago 5



– Jonas Lovv får svare akkurat det han vil, seier MGP-sjef i NRK, Mads Tørklep.

Dette er aktualisert etter at den svenske vinnaren av Melodifestivalen, Felicia, sa at ho meiner at Israel ikkje burde få lov å delta i finalen.

– Vi har ulike meiningar, eg og EBU, seier Mello-vinnaren til svenske medium.

Bodskapen frå NRK er klar: Norske artistar i Eurovision skal ikkje få munnkorg.

NRK er opptekne av ytringsfridomen. Artistane må få svare på dei spørsmåla dei blir stilte, seier prosjektleiar for MGP, Mads Tørklep.

Ingen konsekvensar for artisten

Sjølv om EBU har eit regelverk som skal halde konkurransen så upolitisk som mogleg, meiner MGP-sjef Mads Tørklep at norske interesser veg tyngre enn EBUs frykt for politiske ytringar.

På spørsmål om korleis NRK vil handtere det dersom den norske deltakaren, Jonas Lovv, vel å vere ærleg om Israels deltaking eller andre politiske tema, svarer Tørklep kontant:

– Det er så enkelt. Jonas Lovv får svare akkurat det han vil, til kven han vil. Vi skal i alle fall ikkje avgrense han.

Han legg til at NRK ikkje kjem til å kaste ut artistar eller gi bøter dersom nokon vel å bruke ytringsfridomen sin, sjølv om det skulle bryte med EBUs ønske.

– Vi har forståing for at EBU ønskjer å gjere konkurransen så lite politisk som mogleg, men ytringsfridomen er uansett viktigast for oss.

Mads Tørklep, MGP

Mads Tørklep er prosjektleiar for Eurovision i NRK.

Foto: Tom Ivar Øverlie / NRK

– Sensur

Den kjende Aftonbladet-journalisten Tobbe Ek meiner EBU driv med direkte sensur når dei prøver å nekte artistar å svare på politiske spørsmål.

– Dei set munnkorg på fri journalistikk, meiner han.

Han sparar ikkje på krutet.

– Eg har vorte så opprørt at eg ikkje veit kva eg skal seie. Det EBU gjer no, er å stille krav til artistar med ein underliggjande trussel om diskvalifikasjon, seier Ek.

Tok kontakt med SVT

EBU skriv i ein e-post til NRK at dei har vore i kontakt med SVT for å sikre at artisten deira har fått ei tydeleg påminning om reglane om å ikkje ytre seg politisk.

– Vi vil halde fram dialogen med alle involverte for å sikre at reglane vert respekterte, og for å verne om integriteten og nøytraliteten til arrangementet, skriv EBU.

I ein kommentar til Kulturnyheitene i SVT skriv kanalens eigen kommunikasjonssjef at svenske artistar som deltek i Eurovision, har rett til å uttrykke eigne meiningar.

Sjølv om Mads Tørklep og NRK vel å ignorere EBUs forsøk på å styre ordskiftet, trur han ikkje leiinga i Eurovision handlar i vond tru.

Han trur heller det handlar om manglande forståing for journalistiske prinsipp.

Kontrast til idretten

I idrettsverda har dei lenge stått i liknande spenningsfelt.

NRKs sportskommentator Jan Petter Saltvedt peikar på at store meisterskap som OL har landa på ein modell som Eurovision no kjempar med.

– I OL kan du seie akkurat kva du meiner om Palestina, Russland eller andre ting, så lenge du er utanfor sjølve konkurransen eller sigerspallen, forklarer Saltvedt.

Han meiner IOC (Den internasjonale olympiske komité) har funne ut at det er betre å late utøvarane stå inne for egne meiningar i intervjusonen, så lenge det ikkje forstyrrar sjølve TV-bileta av idretten.

– Med ein gong du går i intervjusonen, kan du eigentleg seie akkurat kva du vil utan at det får konsekvensar for det du har prestert sportsleg, seier Saltvedt.

Carl Espen og Tobbe Ek (innfelt)

Tobbe Ek er ein av Skandinavias fremste ekspertar på Eurovision og journalist i Aftonbladet.

Foto: NRK

Publisert 24.03.2026, kl. 05.44 Oppdatert 24.03.2026, kl. 05.59

Read Entire Article