Då ein russebuss tok fyr inne i Raudhammartunnelen i Sørfold natt til fredag blei E6 stengd.
Det førte til at mange påskereisande måtte køyre lange omvegar, anten via Sverige eller Lofoten, med ferje til Bodø. Sistnemnde er ein tur på 13 timar.
Det orka ikkje Jonny Aas.
Difor bestemte han seg på fredag morgon for å berre krysse fjellet over den stengde tunnelen.
– Det var ganske mykje snø over fjellet. Sikkert opp mot 40 centimeter fleire stader. Det var litt tungt å vasse i snøen, seier han.
Jonny Aas frå Korgen ville ikkje køyre lange omvegar da tunnelen stengde, han bestemte seg for å berre gå over fjellet.
Foto: privatAas fortel at han er fornøgd med valet, som viste seg å vere effektivt.
– Tunnelen er litt over ein kilometer så turen min blei omtrent to kilometer. Det tok ein time. Det var betre enn ei potensiell omkøyring på 13 timar, seier han.
Rana Blad omtalte saka først.
Tok sjansen
Aas var på jobb for Statkraft i Narvik-området og hadde overnatta på ei av hyttene deira frå torsdag til fredag.
Fredag var det endeleg påskeferie og han skulle køyre heim til Korgen på Helgeland, men det var ikkje like lett da ein russebuss delte Noreg i to.
Russebussen tok fyr natt til fredag. Dermed blei Raudhammartunnelen på E6 i Sørfold stengt. Laurdag opna vegen igjen med regulert trafikk og leigebil.
Foto: Nordland politidistrikt– Eg prata for så vidt med ein kar som bur i området, han meinte det skulle vere greitt å gå over fjellet. Då bestemte eg meg for å berre prøve meg fram med GPS, seier han.
På andre sida venta ein kollega med ein bil han kunne låne.
Her gjekk turen til Jonny Aas.
Men hadde Aas vore litt meir tolmodig og venta eit døgn, kunne han ha kome seg gjennom.
For laurdag formiddag opna Raudhammartunnelen.
Opnar E6 igjen
Avdelingsdirektør i drift og vedlikehald i Statens vegvesen, Oddbjørg Mikkelsen, seier til NRK at arbeidet har gått raskare enn først føresett.
– Dette er ei gledeleg nyheit. Det har vore mange aktørar som har gjort ein solid jobb for at vi skulle klare å opne tunnelen igjen, seier ho.
Ho påpeikar at det framleis er store skadar i tunnelen på teknisk utstyr og kablar, som skal reparerast framover.
Fredag danna det seg lang kø utanfor Raudhammartunnelen på E6 i Sørfold.
Foto: Thomas Fredrik Kristensen / NRKDifor vil det bli manuell dirigering i tunnelen med leigebil.
Ifølge Statens vegvesen blei det starta manuell dirigering frå klokka 13:45 laurdag.
Men vegen vil bli stengd igjen frå klokka 22:00 til 06:00 natt til søndag, med gjennomslepp ved midnatt, klokka 02:00 og klokka 04:00.
Hadde ikkje gyldig førarkort
Ein ung mann er pågripen etter bussbrannen.
– Han er sikta for å ha køyrt bussen, seier politiadvokat Eirik Blomli til NRK.
Han er sikta for å ha køyrt bussen utan gyldig førarkort, og for å ha køyrt eit køyretøy som ikkje var i teknisk stand.
Forsvarar til den pågripne sjåføren, Tor Haug stadfestar til NRK at det var ein russebuss som skulle fraktast frå Sørfold til Fauske.
– Han har vore i avhøyr og erkjent straffskuld, seier Haug.
Forsvarar til den unge-mannen, Tor Haug, fortel at klienten hans angrar.
Foto: Thomas Fredrik Kristensen / NRKForsvararen seier den unge mannen har forklart at han henta bussen og at han skulle bli ein russebuss.
– Han angrar veldig det som har skjedd, og dei konsekvensane det har fått, seier Haug.
Haug seier også at klienten hans har forklart at han ikkje bevist har prøvd å gøyme seg for politiet.
Årsaka til brannen er framleis ukjent.
Publisert 28.03.2026, kl. 15.41












English (US)