Julelysa splittar folket: – No bør folk slå av

2 hours ago 2



Heime hos Dagrun Reiakvam i Førde heng julelysa framleis oppe utanfor huset.

– Hadde me vore dei einaste som hadde lysa oppe, hadde eg teke dei ned for lengst. Eg trur ikkje halvparten har teke det ned eingong. Dei fleste har det hengande.

Reiakvam er eigentleg oppteken av at ting skal gjerast slik som ein pleier.

Adventspynten skal vera lilla. Juletreet skal ikkje opp før vesle julaftan.

Men med julelysa skeiar ho ut.

– Eg har teke ned adventsstjerna og det som er veldig julete. Men nokre lyslenker på altanen treng jo på ein måte ikkje vera jul.

Kvinne står fframfor eit hus med julelys iført ein gul vinterjakke og grønt skjerf og lue

Altanen til Dagrun Reiakvam er framleis opplyst av julelyslenker

Foto: Henrik Storm Henriksen / NRK

Tradisjonar i endring

Kulturhistorikar Ida Tolgensbakk jobbar ved Norsk Folkemuseum og har mellom anna forska på korleis me pyntar med lys til jul.

Ho trur tilgangen på billige lyslenker som brukar lite straum har mykje av skulda.

Balkongar med julelys

Mange lyser opp blokkene sine med julelys på balkongane

Foto: Henrik Storm Henriksen / NRK

– Då eg var liten var det jo berre rikingar på vestkanten som hadde sånn pynt utanpå huset sitt.

Ho meiner julelysa er eit teikn på at tradisjonane er i endring.

– Eg trur folk tenker på det som vinterpynt som ikkje treng å vera så avgrensa til jula.

Biletet viser ei adventsstjerne som står i vindauget medan det er mørkt ute

Her har visst ikkje dei tre vise menn dukka opp enda

Foto: Henrik Storm Henriksen / NRK

– Men eg ser jo at det er nokon som faktisk har adventsstjerner hengande i vindauget framleis. Det kan henda dei berre har gløymt å ta ho ned, men eg ville tenkt på stjerna som veldig spesifikt knytt til jula.

Folk me har spurt på gata synest det er nok julelys no:

  • Eldre kvinne med lue og mørk blå jakke

    Henrik Storm Henriksen / NRK

    Bjørg Helle

    – Det begynner å bli litt seint, fordi no viser sola seg meir og meir. Då vil eg ha sol i staden for julelys. Viss ein reiser tidleg på jobb, så er det jo mørkt. Då er det litt koseleg, det må eg seia. Men no vil eg heller ha sol.

  • Man med beige frakk står framfor nokre bilar

    Henrik Storm Henriksen / NRK

    Ingolf Leikanger

    – Det er litt koseleg med lys, men eg tenker at når februar startar, då er ein eigentleg litt ferdig med jul. Eg forstår at det kanskje er litt koseleg med lys dersom ein bur på ein avsidesliggande stad, men midt i eit byggefelt eller ein by tenker eg det bør vera ferdig no.

  • Eldre mann med briller, sixpence og dunjakke

    Henrik Storm Henriksen / NRK

    Erik Kvamme

    – Eg synest at no bør folk slå av. Dei bør iallfall ta ut stikkontakten. Det er mi konkrete meining. Men det må jo vere opp til den enkelte. Eg går ikkje rundt og irriterer meg. Det er så mykje som er verre i denne verda.

Ein ny vintertradisjon

Reiakvam trur at julelysa gjer meir nytte av seg i dei mørke vintermånadane enn før jul sidan ein då treng noko å gleda seg over.

– I år har det vore veldig fint vêr, men andre vintrar er det berre regn og kaldt og mørkt. Då treng me det lyset me kan få.

Ho synest vinterlys kan vera ein passande beskriving på lysa me har oppe utover vintermånadane.

– No er det jo ikkje jul lenger. Då tenker eg det kan vere fint å tenka sånn.

Kva synest du om vinterlys?

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

Kan motverka stress

Psykolog Ragnhild Bang Nes har forska mykje på lykke og kvardagsglede. Ho seier små lommer av glede i kvardagen kan ha verkeleg stor tyding for oss.

– Dei gjer at me senkar skuldrene og skil ut signalstoff i kroppen som motverkar stress.

Julelys kan vere eitt døme på slike kvardagsgleder.

Julelys er dessutan sterkt knytt til høgtid og tradisjonane me forbind med dei. Det kan gjere at ikkje alle er like positive til nye lystrendar.

– Nokon er jo mykje meir nysgjerrige og opne for å endra vanar og rutinar og å prøva noko nytt.

– Tradisjonar endrar seg jo heile tida

Kulturhistorikaren trur juletradisjonar skapar mykje kjensler fordi dei er knytt til noko vi gjer saman.

– Det er jo ikkje berre det eg gjer heime hos meg sjølv på julaftan som skapar julestemning, det er jo òg det at eg ser butikken har begynt å pynta og at naboane har sett opp julelys.

Eit halvtak med julelys hengande. På sida ser vi eit lysande skilt kor det står Førde

Det er mange i Førde som framleis har julelysa oppe

Foto: Henrik Storm Henriksen / NRK

Ho trur likevel det er rom for nye tradisjonar.

– Tradisjonar endrar seg jo heile tida. For det første hadde ein vel ikkje så mange verandaer på 1800-talet, men elektrisk belysning er jo òg ein veldig moderne ting.

– Korleis me ordnar med det er jo noko me er nøydd til å finna opp no.

Ei opplyst stjerne hengande ute på ein husvegg i mørket

Stjerner og hjarte på husveggar og balkongar har blitt eit vanleg syn

Foto: Henrik Storm Henriksen / NRK

Publisert 14.02.2026, kl. 16.15

Read Entire Article