– For meg har det vore eit eventyrleg sal. Det går unna. Eg får førespurnader kvar dag under VM, seier Julia Michelet (34).
Ho er barnebarnet til ein av Noregs mest kjende forfattarar, avdøde Jon Michelet.
Frå 1982 til 1998 gav han saman med ven og forfattar-kollega Dag Solstad, som døde i 2025, ut fem bøker frå fotball-VM.
Dei to forfattarane reiste til VM, såg kampane og skreiv om opplevingane og inntrykka i etterkant.
LEGENDARISK DUO: Jon Michelet (til venstre) og Dag Solstad under VM i Spania i 1982. Duoen har nettopp sett Brasil slå Skottland 4–1.
Foto: Tore Kristiansen– Veldig overraskande
Etter Jon Michelets død i 2018 overtok barnebarnet eit opplag frå forlaget av VM-pakken med fem utgjevingar.
Etter at bøkene låg og støva ned i kjellaren heime ei stund bestemte Julia Michelet for å legge bokpakkane ut for sal på nettet under sommarens VM.
Bøkene er vanskeleg å få fatt i bokhandlane.
Responsen har vore enorm, ifølge Michelet.
BESTEFAR: Julia Michelet saman med bestefar Jon Michelet.
Foto: Privat / Privat– Det har vore koseleg og veldig overraskande. Eg har selt om lag 60 pakkar så langt i sommar. Det opplever eg som mykje, seier Julia Michelet.
– Kva seier dei som kjøper?
– Det var ein som begynte å gråte når han snakka om bøkene fordi dei hadde betydd så mykje for han og for hans oppleving rundt fotball.
– Ein annan fortalde at det var dei første bøkene han leste i sitt liv frå perm til perm. Nokre kjøper det som samleobjekt. Andre vil berre «nørde». Medan nokre har brukt det til å varme opp til VM, seier Julia Michelet.
– Blant topp-ti i verda
PROGRAMLEIAR: Thomas Aune har kåra verdas ti beste VM-bøker.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTBFor programleiar i NRKs 4-4-2, Thomas Aune betydde det litterære verket mykje i oppveksten.
– Det var dei første fotballbøkene eg leste. Eg synest forfattarane hadde ein fasinerande måte å sjå fotball på. Språket var unikt. Men begge hadde også eit ulikt syn på VM og fotball, meiner Aune.
Under VM i Russland i 2018 kåra Aune bøkene til Michelet og Solstad blant verdas ti beste fotballbøker. Og plukka spesielt ut boka frå VM i Spania i 1982.
– Eg kunne eigentleg nesten vald kva som helst av Michelet & Solstads VM-bøker, men denne var den som gav meg smaken på fotballbøker i ung alder, skreiv Aune i meldinga den gangen.
Begeistra Stenvold
NRK ringjer vår eigen bokmeldar Knut Hoem for ein kommentar. Han jobbar også for NRK Sport under VM.
FRELST: NRKs bokmeldar Knut Hoem manglar ei bok i VM-serien til Michelet og Solstad, den har han gjeve bort til NRK-kollega Ingerid Stenvold.
Foto: Knut Hoem / NRK– Eg har akkurat kjøpt ein av desse boksane frå barnebarnet til Michelet, sa ho ikkje det! Men no manglar eg boka frå 1994 fordi eg lånte den bort til Ingerid Stenvold, ler Hoem når vi er på tråden.
Stenvold som er programleiar under NRKs VM-sendingar forklarar:
– Då Knut kom forbi VM-kroken med 94-boka i handa, blei eg så begeistra – og dagen etter låg den på pulten min.
– Eg har vakse opp med bøkene frå 82 og 86, som er dei første VM eg hugsar. Boka frå 1982 var den reinaste eventyrboka då eg var liten, med dramatiske bilete og eit myteomspunne Brasil-lag, som fekk solid draghjelp av Jon Michelet, seier Stenvold.
EKSEMPLAR: Ingerid Stenvold fekk låne VM-boka frå 1994 av kollega Knut Hoem.
Foto: Jørn Lien / NRK– Høgdepunkt i norsk litteratur
Hoem meiner utgjevingane er unike.
– Ingen har nokosinne skrevet så godt om fotball. Det er eit høgdepunkt i norsk litteratur. Og dei er laga av kyniske årsaker, fordi det var to norske forfattarar som ville til fotball-VM, humrar Hoem og meiner dei to forfattarane passa godt saman.
– Solstad var berre oppteken av England og Michelet var ellevilt begeistra for Brasil, så dei utfylte kvarandre perfekt.
Nasjonal forteljing
Hoem meiner bøkene også er med på å teikne forteljinga om Noreg. Og ser parallellar mellom boka frå 1994 og dagens norske landslag.
– Eg har nettopp lest 94-boka fordi det er førre gang det var VM i USA. Noreg var med. Og det er heilt vilt å lese. Den gangen heitte også spelarane Haaland, Sørloth og Thorstvedt. Og i dag spelar sønene i VM. Samtidig går Dag Solstad i boka og kjederøyker på dei same stadionane som i 2026, seier Hoem.
FEM BØKER: Dag Solstad og Jon Michelet gav ut den siste boka etter VM i 1998 då Noreg sist var med i turneringa.
Foto: Scanpix– Solstad og Michelet dokumenterte «Drillos» på 90-talet. Ved store nasjonale forteljingar er det viktig at dei som fortel er proffe. Dei fortalde det frå sitt kommunistiske kjederøykande perspektiv, med ein djup kjærleik til fotball, held Hoem fram.
Under VM har Julia Michelet starta å lese bøkene til bestefaren.
– Han blir jo levande i dei sidene. Han hadde så store følelsar. Medan Dag Solstad var meir systematisk. Bøkene viser skilnaden mellom dei to, meiner ho.
Ho trur den avdøde forfattaren hadde vore euforisk over Noregs innsats i VM så langt. Og at Brasil ventar på søndag i åttedelsfinalen.
– Han hadde vore i ekstase. Banna, hoppa og hylt av glede. Eg er sikker på at han ville holdt med Norge. Eg les også delkapittelet Norge-Brasil frå 98-boka, der han skreiv at Drillo måtte «legge fra seg kuleramma» og «satse på høy og dristig poker» for å vinne mot Brasil, så også der heldt han med Norge, smiler Julia Michelet.
Publisert 02.07.2026, kl. 11.34












English (US)