Kald, tørr januar gir brannfare i deler av Sør-Noreg: – Svært uvanleg

1 hour ago 1



Ein uvanleg stabil, kald og tørr vêrsituasjon har ført til auka fare for lyng- og grasbrann i delar av Sør-Noreg.

I Rogaland er det no sendt ut farevarsel om skogbrannfare, og Meteorologisk institutt vurderer å utvide varselet til Vestland fylke.

– Det er svært uvanleg. Denne typen stabilt, tørt vintervêr skjer av og til, men det er sjeldan, seier vakthavande meteorolog Per Egil Haga ved Meteorologisk institutt.

Skjermbilde av Meteorologisk institutt sitt farevarsel mot gress- og lyngbrannfare i Rogaland

Foto: Skjermdump / Meteorologisk institutt

Ventar ikkje nedbør på mange veker

Norskekysten er vanlegvis våt og regnfull i vintermånadane. I fjor på denne tida rulla bombesyklonen «Éowyn» inn frå Nordsjøen. I 2022 herja ekstremvêret «Gyda», som på førehand var kategorisert som ei «atmosfærisk elv»

Kontrasten til årets første månad er stor. Her har nordlysjegerar over store deler av landet hatt gode vilkår.

Fekk du med deg desse blinkskota tidlegare i januar?

Og nedbøren har ikkje komme. 82 millimeter i Bergen er fasiten så langt. Det er knapt ein tredel av det som er vanleg i januar.

Og den ferske meldinga frå statsmeteorologen? Det er ikkje venta regn eller snø i store deler av landet på fleire veker.

Langtidsvarsel på Yr viser solskinn og minusgrader for store deler av landet i januar 2026.

Langtidsvarsel på Yr viser solskin og minusgrader for store deler av landet i januar 2026. Her er utsiktene for Trondheim.

Foto: Skjermdump / yr.no

– Slik det ser ut no, ventar vi ikkje nedbør denne veka. Det kan også bli tørt dei neste to vekene. Dette høgtrykket dekkjer store delar av Skandinavia, og det er lågt sannsyn for betydeleg nedbør dei neste to–tre vekene, seier Haga.

Han legg til at det er meldt litt snø i kyst- og fjordstroka i Nordland, Troms og Finnmark dei næraste dagane.

Statsmeteorolog Per Egil Haga står på et tak og peker utover Oslo.

STATSMETEOROLOG: Per Egil Haga ved Meteorologisk institutt ser ingen antydningar til regn i vekene som kjem.

Foto: Bjørn-Martin Bache Nordby

Lite snø og vind aukar brannfaren

Den stabile austavinden og lite snø i låglandet har gjort at gras og lyng fleire stader er uvanleg tørt. Vind aukar dessutan faren for rask spreiing dersom ein brann først får tak.

Brannvesenet i både Rogaland og Vestland har dei siste dagane vore ute på fleire utrykkingar til mindre brannar i gras og lyng. I fleire av tilfella har brannane starta som følge av bråtebrenning som har kome ut av kontroll.

I Sandnes måtte brannvesenet laurdag kjempa mot ein terrengbrann som kunne sjåast frå fleire stader i Rogaland.

Brannetatene advarer mot gress- og lyngbrann etter en uvanlig tørr start på 2026.

Foto: Skjermdump / X

Sundag måtte brannvesenet på ny rykka ut, denne gongen til Sola, etter at ein person hadde mista kontroll på eit bål. Også i Bergen hadde eit bål kome ut av kontroll i eit turområde.

– Dette er uvant for publikum. Det er naturleg å tenkje at ein kan gjere opp bål på denne tida av året utan at det er farleg. Då er det lett å bli uforsiktig, seier Haga.

Ifølgje Meteorologisk institutt er det først og fremst mangelen på nedbør som skapar situasjonen, ikkje kulda i seg sjølv.

– Nedbøren er det viktigaste parameteret. Temperaturen betyr mindre. Når luftfukta er låg over tid, tørkar vegetasjonen raskt ut, også midt på vinteren, forklarar Haga.

Brannvesenet fleire stader på Vestlandet ber no folk vere ekstra varsame, sjølv om det er midtvinters.

– Når det er lite snø og samtidig vind, aukar spreiingsfaren. Det er ein faktor som speler klart inn, seier statsmeteorologen.

Meteorologisk institutt vurderer no fortløpande situasjonen, og kan senda ut eit utvida farevarsel for Vestland fylke allereie sundag kveld eller måndag morgon, dersom dei tørre forholda held fram.

– Eit varsel får folk til å stoppa opp og tenkja seg om i ei årstid der me normalt ikkje er så obs på brannfaren.

Publisert 25.01.2026, kl. 18.55

Read Entire Article