Kan Europa bli involvert i krigen i Midtausten?

2 hours ago 3



Angrepa i Iran held fram søndag. No har også Iran svart med å angripe Israel.

Iranske ballistiske missil skal vere «avfyrt i retning av Kypros», seier Storbritannias forsvarsminister John Healey til BBC. Healey trur ikkje missila var retta mot øya.

Kypros sin president Nikos Christodoulides har vore i kontakt med Storbritannia sin statsminister Keir Starmer.

– Han stadfesta klart og utvitydig at Kypros ikkje var eit mål. Alle relevante myndigheiter er fullt operative og overvaker utviklinga tett, skriv Christodoulides i eit innlegg på X.

Sebastian Langvad, hovudlærar ved Krigsskolen, trur ikkje at hendinga vil ha stor militær betydning.

– Det dette kjem til å sette på prøve er den politiske haldninga i Europa. Om dette fører til krav til USA, til dømes at dei må avslutte kamphandlingane.

Langvad peikar også på at statar som blir angripe kan reagere med motangrep, men at det er lite truleg at Kypros vil svare slik.

Langtrekkande iranske missil

Til no har Iran gjennomført missilangrep retta mot mål i regionen, fleire har lurt på om dei er villige til å angripe mål lenger borte.

– Det er alltid ein fare, seier Langvad.

– Dei har ikkje eit ønske om å trekke andre eksterne aktørar inn i dette, legg han til.

Langvad peiker på to hovudårsaker:

  • Iran har lågare kapasitet til å treffe mål lenger unna
  • Iran ønsker ikkje at europeiske land aktivt skal gå inn i kamphandlingar mot dei

USAs president Donald Trump hevdar i ein åtte minutt lang video publisert på Truth Social, at Iran sitt forsøk på gjenoppbygging av atomprogrammet kan vere ein fare for Europa.

– Dei har forsøkt å bygge opp igjen atomprogrammet og dei har halde fram med å utvikle langtrekkande missil, som no kan true våre gode vennar og allierte i Europa, seier Trump i videoen.

En person står bak et podium med det amerikanske presidentsetet, iført en caps med teksten "USA". Bak personen henger det amerikanske flagget og et offisielt segl. Sceneinnstillingen tyder på en talefremføring eller pressemelding. Det er en mørk bakgrunn som gir fokus til personen og det offisielle utstyret. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Donald Trump fortalde om angrepet mot Iran i ein åtte minutt lang video på Truth Social.

Foto: HANDOUT / AFP / NTB

Presidenten hevda også at missila snart vil kunne nå amerikansk fastland.

Ole Jørgen Maaø, historikar og førsteamanuensis ved Luftkrigsskolen, meiner at eit iransk angrep mot USA ikkje er sannsynleg, og at påstanden er ei svak grunngjeving for krigen no.

– Det er ingen indikasjonar på at dei er i ferd med å utvikle missil som kan angripe USA, seier Maaø.

Følg utviklinga i Iran her:

– Europa er på sidelinja

At Iran kjem til å gjennomføre angrep mot Europa er lite truleg, ifølge Langvad.

– I samanheng med iranske motangrep, så er det ingenting som tyder på at dei vil byrje å skyte mot Europa, seier Langvad.

– Slik som krigen går for seg no, så er det innanfor dei veldig forventa rammene.

Røyk stiger opp fra bygninger i en by med fjell i bakgrunnen. Omgivelsene består av tettbebygde områder med varierte bygninger. En sky av grå røyk dominerer himmelen, noe som indikerer en mulig brann eller eksplosjon i området. Flere kommunikasjonsmaster er synlige i landskapet. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Ei stor røyksky dekte Irans hovudstad Teheran søndag, etter eit angrep mot byen.

Foto: NTB

Maaø understrekar at Iran har moglegheit til å gjennomføre angrep mot mål søraust i Europa, men at dette er «veldig lite sannsynleg».

– Det Trump hinta til er at Iran har den kapasiteten, ein kapasitet dei har hatt nokså lenge, seier Maaø.

– Det er ikkje spesielt sannsynleg at Europa blir involvert, legg han til.

Det er også lite truleg at Europa er i stand til å påverke USA i særleg stor grad slik situasjonen er no.

– Mitt klare inntrykk er at Europa i stor grad er på sidelinja, seier Maaø.

– Eg trur at Europa si evne til å påverke konflikten akkurat no er nokså avgrensa, legg han til.

Interessert i det som skjer i verda? Høyr siste podkast-episode frå Urix:

Publisert 01.03.2026, kl. 17.34

Read Entire Article