Søndag gjekk det av ein eksplosjon utanfor den amerikanske ambassaden i Oslo. Tre dagar seinare blei tre brør pågripne og sikta for terrorbombing.
Fredag ble også mora sikta, og nå er alle varetektsfengsla.
Politiadvokat Christian Hatlo sa på ein pressekonferanse onsdag at politiet jobbar ut ifrå fleire hypotesar. Motivet er foreløpig ikkje kjent.
– Ein av dei er om dette er bestilling frå ein statleg aktør, sa Hatlo.
Ein 20-åring har innrømt i avhøyr å ha plassert bomba, og seier han var aleine om det, opplyste forsvarar Øystein Storrvik til NRK.
Dei andre stiller seg uforstående til siktinga.
Følg utviklinga i saka her:
Denne saka tar opp spørsmåla:
- Kva kan det bety at ein statleg aktør kan stå bak?
- Kan eksplosjonen koplast til Foxtrot-nettverket?
- Er det vanleg å handle aleine?
- Kor ofte skjer tilsvarande angrep?
Se hva forsvarerane svarar nederst i saka.
Kva kan det bety at ein statleg aktør kan stå bak?
– Det er ein av to plausible hypotesar, fordi det går inn i eit mønster vi ser i trusselbiletet no, seier Cathrine Thorleifsson, ekstremismeforskar ved Universitetet i Oslo.
Thorleifsson peiker på to hypotesar:
- Kriminelle nettverk med Iran som oppdragsgivar
- Radikalisering i kontekst av krigen i Midtausten
Tom Røseth, hovudlærar i etterretning ved Forsvarets forskingsinstitutt (FFI), understrekar at det kan vere vanskeleg å finne ut kven som står bak dersom ein statleg aktør er involvert.
– Frå eit etterretningsperspektiv vil det bety at ein stat har rekruttert dei til handlinga, gjerne gjennom tredjepersonar, seier Røseth.
– Å finne ut kven som står bak blir dermed vanskeleg, legg han til.
Krimteknikarar var utanfor ambassaden etter eksplosjonen.
Foto: Nadir Alam / NRKMagnus Ranstorp, terrorforskar ved Försvarshögskolan i Stockholm, forklarer at Iran har einingar som «trener, planlegg, finansierer og er kontaktpersonar» for å kople dei med terrorgrupper over heile Midtausten.
– Quds-styrken, det står for Jerusalem-styrken, er ei lita spesialoperasjonseining som har omtrent 10.000 til 15.000 mann. Dei utkjempar ikkje krig, men formar dei, seier Ranstorp.
– Innanfor Quds-styrken finst eining 840. Det er Quds-styrken si mest løyndomsfulle eining med global rekkevidd. Dei har ansvar for å opprette kontaktar til kriminelle nettverk eller operative celler i utlandet.
Det er ofte folk frå land som Irak, Aserbajdsjan, Tyrkia og Iran busett i europeiske land som blir brukt av eining 840, ifølge Ranstorp.
Mojtaba Khamenei blei utpeikt som ny leiar i Iran etter at tidlegare leiar ayatollah Ali Khamenei blei drepen. Her deltar han på den årlege Quds-dagen i 2019.
Foto: Vahid Salemi / AP,NTBKan eksplosjonen koplast til Foxtrot-nettverket?
Foxtrot er eit kriminelt nettverk med base i Sverige under Rawa Majid, også kjent som «Den kurdiske reven», forklarer terrorforskaren.
– Majid er i Iran og har også vore i Irak, og han blir pressa til å utføre operasjonar i Norden – hovudsakeleg i Sverige.
Ranstorp forklarer at Majid ringer sine underordna i Foxtrot, som bestiller operasjonar som Iran har gitt ordre om. Då kan personar innanfor det kriminelle nettverket bestille handlingar gjennomført av ungdommar ned i 15-årsalderen.
– Iran har eit ganske omfattande terrornettverk. Dei har verkeleg globale tentaklar, seier Ranstorp.
Politiet var på plass utanfor den amerikanske ambassaden i Oslo søndag etter eksplosjonen.
Foto: Fredrik Varfjell / NTBTerrorforskaren peiker på tre ulike nivå Iran jobbar på:
- Dei sender inn agentar for å eliminere eksiliranarar
- Dei sender inn og har kontakt med proxy-gruppene som kan gjere operasjonar mot mål
- Den tredje kategorien er bruk av kriminelle nettverk som finst rundt omkring i verda
Ranstorp seier at dei sikta brørne ikkje treng å ha hatt noko kontakt med Foxtrot, men at det er ei moglegheit.
Han understrekar at eksplosiva som blei brukt utanfor den amerikanske ambassaden ikkje var «kraftfulle nok» og at det ikkje er vanleg å gjennomføre slike operasjonar om natta.
– Det har vel også noko å gjere med at dei ville flykte. Det er litt amatørmessig, seier han.
Ifølge Ranstorp kan dei sikta i Oslo vere individ som blei inspirert til å gjennomføre ein aksjon på eiga hand, eller kopla til Iran eller kriminelle nettverk.
Er det vanleg å handle aleine?
Soloterrorisme er «relativt vanleg», særleg i Vesten og Europa, og har auka sidan 2014, ifølge Tanja Ellingsen, førsteamanuensis i statsvitskap ved Nord universitetet.
– Soloterrorisme eller leiarlaus terrorisme blir også bevisst brukt som strategi frå ulike terrororganisasjonar, då det er vanskeleg å avdekke og dermed forhindre for myndigheitene, seier Ellingsen.
Ellingsen fortel at radikaliseringa ofte skjer via internett.
– Sjølv om soloterroristar er aleine om angrepet, så kan dei ha vore i kontakt med andre aktørar eller blitt inspirert via ulike digitale flater, legg ho til.
Politisperring ved den amerikanske ambassaden søndag etter eksplosjonen.
Foto: Nadir Alam / NRKDet er låg terskel for kriminelle nettverk å rekruttere unge personar som er ukjent for politiet. Det kan vere personar utan ideologisk motiv som kan gjennomføre oppdrag for pengar, gjeld eller press, ifølge Thorleifsson.
– Ambassadar er klassiske mål i internasjonale konfliktar, seier ho.
Ho peikar på at den amerikanske ambassaden i Oslo er eit «symboltungt mål», som kan vere aktuelt for personar som er radikalisert i kontekst av krigen i Midtausten.
Ingen blei skadd som følge av eksplosjonen, men knust glas var synleg søndagsmorgon.
Foto: Javad Parsa / NTBKor ofte skjer tilsvarande angrep?
– Terrorangrep mot ambassadar i Norden er veldig uvanleg, seier Ellingsen.
Men trenden er aukande, ifølge Ranstorp.
– Det er ein generell trend at Iran senkar krava og tar i bruk heilt ulike aktørar, som er meir uføreseielege enn kva ein tradisjonelt sett har gjort når det gjeld å forsøke å planlegge og gjennomføre angrep, seier Ranstorp.
I 2024 var det angrep mot den israelske ambassaden i Stockholm og København. Då var Foxtrot involvert.
– Bruk av avløysar-vald er eit kjerneelement i iransk utanrikspolitikk og ikkje eit fenomen, seier Thorleifsson.
Ambassaden har vore på Huseby i Oslo sidan 2017. Før det låg han i nærleiken av Det kongelege slott.
Foto: Fredrik Varfjell / NTBEllingsen understrekar hendingar slik som terrorbombinga som fann stad i Oslo ikkje er uventa.
– I årets trusselvurderingar både for Noreg og i Europa kjem det fram at det er forventa auka angrepsfare mot israelske og jødiske mål, seier ho.
– Sjølv om dette var den amerikanske ambassaden så er det ikkje uventa gitt amerikansk støtte til Israel, legg ho til.
Ellingsen understrekar at dersom det viser seg at Foxtrot er involvert og på oppdrag for Iran, krev det «kompetanseheving og felles situasjonsforståing» på tvers av etatar som E-tenesta, PST og politiet.
– Mykje har skjedd dei siste åra og vi er eit stykke på veg, men no hastar det om vi skal ha moglegheit til å stoppe denne utviklinga.
Ingen kommentar
Øystein Storrvik forsvarer ein 20-åring som har erkjent at han plasserte bomba ved ambassaden. Han har ingen kommentar til denne saka.
NRK har også vore i kontakt med dei andre forsvararane. Ingen av dei har nokon kommentar til denne saka.
Følg utviklinga i Midtausten her:
Publisert 15.03.2026, kl. 22.58


















English (US)