Kan me stola på USA

4 hours ago 1



Innsendaren har tru på to av Europas sterke kvinner som nyleg møttest, EU-sjef Ursula von der Leyen og Danmarks statsminister Mette Fredriksen. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Publisert: Publisert:

For mindre enn 20 minutter siden

iconDebatt

Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

DEBATT: Nokre av oss er gamle nok til å hugsa julebåten, MS Stavangerfjord koma seglande inn Byfjorden i advent med julegrana lysande høgt oppe i masta, med hornmusikk og forventningsfullt publikum som tok i mot slekt og vener frå Amerika.

Det er fordoms barndomsminne med jeans, rocken roll og Wrigleys tyggjegummi. Nærare kom ein ikkje himmelrike på jord. Respekt for landet med uavhengighetserklæringa, dokumentet som har hatt stor betydning for andre lands kamp for sjølvråderett, fekk etter 2017, ein knekk.

«Make America great again» og storminga av Kongressen og etterspelet, braut med alle desse ideala. Budsjettkrise nå, gjer at storparten av offentlege tenester ligg nede. Då Margaret Atwood sin dystopiske fiksjon og feministiske roman kom i 1985 og seinare blei filmatisert og vist som fjernsynsserie i NRK, handlar om eit religiøst og totalitært regime som i nær framtid, har overteke kontrollen av USA.

Handlinga er lagt til New England, men kunne like gjerne ha vore Washington eller kor som helst. Nyleg kalla Krigsminister Pete Hegseth inn fleire høgtståande militære til ein militærbase i Virginia. Ministeren ville stansa «tiår med forfall» og woke, gjenoppretta dødligheten Det er heilt uakseptabelt å sjå feite generalar og admiralar i gangane i Pentagon. Heller ikkje skjegg skulle tolast.

Så kom presidenten og snakka om «ein indre fiende», bruka demokratisk styrte byar som «treningsfelt» for militære. Begynner me å sjå ein likskap med «kommandantane» i Atwoods roman? Ting i tida tyder på eit meir fristilt Europa som nå har teke mål av seg til å verta ein realitet i 2030. Eg begynte artikkelen med ein feministisk roman og fortset med sterke kvinner som har og vil påverka utviklinga i Europa. Eg hadde stor sans for «Mutti Merkel». Nå set eg min lit til to andre sterke kvinner i Europa og Norden: EU-sjef Ursula von der Leyen og Danmarks statsminister Mette Fredriksen. Nyleg møttest dei i København.

Publisert:

Publisert: 14. oktober 2025 16:16

Read Entire Article