Kanskje treng me at medie­oppslag om norsk­oppgåvene til eksamen igjen blir ein offentleg snakkis?

1 day ago 6



GJESTEKOMMENTAR: Interessa for norskeksamen er ikkje det ho ein gong var.

Om me skal dømma etter talet på medieoppslag dei seinaste åra, har den offentlege interessa for norskeksamenen kjølna kraftig, skriv Åse Wetås. Foto: Shutterstock
  • Åse Wetås

    Åse Wetås

    Direktør, Språkrådet

Publisert: Publisert:

For mindre enn 10 minutter siden

iconKommentar

Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Forsommaren er her, og som alltid på denne tida av året er avgangselevane i den vidaregåande skulen oppe til skriftleg eksamen i norsk hovudmål. Eg er gammal nok til å hugsa tida då oppgåvene til norsk hovudmålseksamen var nyhendesak i NRK – som ei stadfesting av statusen til norsk som skulens og samfunnets viktigaste danningsfag.

Medieoppstusset kring eksamensoppgåva våren 2001 er også stadig friskt i minnet. Det året fekk avgangselevane frå generasjon X – sjølvaste ironigenerasjonen – i oppgåve å tolka den ironiske teksten «Ikkje Amerika, men Amerika» av Kjartan Fløgstad. Strykprosenten blei tre gonger så høg som vanleg, fordi mange av elevane feiltolka teksten. Dei forstod ikkje at han eigentleg handla om norsk språkpolitikk, og ikkje om geografi.

Om me skal dømma etter talet på medieoppslag dei seinaste åra, har den offentlege interessa for norskeksamenen kjølna kraftig. På Utdanningsdirektoratets nettsider må ein nå oppgje passord for å få tilgang til oppgåvesettet, og eg har forgjeves søkt etter medieomtale av kva oppgåver dei håpefulle fekk å bryna seg på i 2025.

Mange elevar strevar med å konsentrera seg om skriveoppgåver, og lærarane opplever at spriket i kunnskapen elevane har med seg inn i klasserommet, er blitt større.

Meir enn lesing og skriving

Nå om dagen går det mest i nyhendesaker om leseferdigheitene til norske skuleelevar. Nasjonale prøvar i lesing viser at pilene peikar nedover, og stadig fleire elevar presterer på dei lågaste meistringsnivåa. For å gjera det heile endå verre, viser undersøkingar at norske barn og unge les mindre i fritida enn barn i andre land. I tillegg har dei lågare leseglede enn jamaldringane sine i andre delar av verda. Dette er dårleg nytt også for skrivekompetansen deira. For det er ein klar samanheng mellom å vera ein god lesar og å kunna uttrykkja seg godt og korrekt i skrift.

Lærarar i den vidaregåande skulen ropar nå varsku om elevar som formulerer seg skriftleg på barneskulenivå, og som kjenner til kva ting heiter på engelsk, men ikkje på norsk. Ein del elevar tek også snarvegen om ChatGPT eller andre praterobotar for å få «hjelp» med tekstarbeidet.

I sum gjev dette grunn til sterk uro. Norskfaget har nemleg ei heilt særleg rolle i skulen. Faget skal setja elevane i stand til å forstå og skapa tekstar – kort sagt, gje elevane praktisk språk- og skrivekunnskap og verktøy til bruk i vidare studiar og arbeidsliv. I tillegg er norskfaget eit heilskapleg kultur- og danningsfag der elevane gjennom å bli kjende med skriftkultur og språk få kunnskap om seg sjølv og verda. Innsikta dei får, skal utrusta dei til å bli aktive deltakarar i samfunnet.

Kvifor buttar det?

Det kan vera mange grunnar til at det buttar med lesing og skriving for mange elevar. Somme har peika på mangel på fysiske lærebøker, mykje vekt på skjermbruk i skulen og lite øving i å skriva for hand som moglege årsaker. Andre meiner at ungane i for liten grad møter norsk språk og kultur i sosiale medium, i dataspel og i TV-seriar, og at dette bidreg til å svekkja språkets og dermed også norskfagets status. Seigliva mytar om at den høgare utdanningssektoren og arbeidslivet har meldt overgang til engelsk, bidreg kanskje òg til at somme har svak motivasjon i møte med det store norskfaget.

Samstundes er det viktigare enn nokon gong at skulen utstyrer alle med kunnskapen og danninga faget skal gje. Alternative mediekjelder, falske nyhende og ei stadig aukande mengd KI-generert tekst med uviss sanningsverdi gjer det maktpåliggjande at ungane våre lærer å vurdera tekstar kritisk.

Alle kan vel norsk?

I skulen har norsklæraren eit særleg ansvar for det heilskaplege kultur- og danningsfaget norsk, medan alle lærarar har medansvar for at elevane utviklar grunnleggjande lese- og skrivekompetanse. Det sistnemnde burde vera eit godt argument for at alle lærarstudentar blei utstyrte med nokre studiepoeng i norsk. Likevel har norsk dei seinaste 15 åra berre vore obligatorisk fag for studentar som utdannar seg til å undervisa på 1.–7. trinn i grunnskulen. Faget er ikkje lenger fast del av utdanninga for 5.–10. trinn. Likevel seier rammeplanen for lærarutdanninga at også dei som underviser dei eldste barna skal kunna bruka norsk (bokmål og nynorsk) på ein kvalifisert måte i yrkessamanheng.

Grunnskulelærarutdanninga er dessutan berre éin av vegane inn i skulen. I dag har fleirtalet av dei nyutdanna lærarane anten bakgrunn frå femårig lektorutdanning, eller dei har ein universitetsgrad med praktisk-pedagogisk utdanning. I desse utdanningsløpa er norsk ikkje obligatorisk, og universiteta har inga standardisert testing av formalkompetansen studentane har i norsk.

Fast vårteikn

Kva fortel lærarane sjølv om skulekvardagen?

I ei undersøking Språkrådet gjorde i 2024 skildrar norsklærarane ein skulekvardag der det er vanskeleg å driva med skriveopplæring. Mange elevar strevar med å konsentrera seg om skriveoppgåver, og lærarane opplever at spriket i kunnskapen elevane har med seg inn i klasserommet, er blitt større. Det blir krevjande å laga tilpassa undervisningsopplegg som kan få alle med inn i tekstarbeidet, og som motiverer til innsats.

Kunnskapen frå norskfaget skal setja elevane i stand til å delta aktivt i utdanning, arbeidsliv og samfunnsliv. Når det nå kjem meldingar frå skulen om at faget og elevane står i store utfordringar, bør det vera ei viktig sak for oss alle. Kanskje treng me at medieoppslag om norskoppgåvene til eksamen igjen blir eit fast vårteikn og ein offentleg snakkis?

Publisert:

Publisert: 1. juni 2025 21:00

Read Entire Article