Kashafali sprang inn til uoffisiell verdsrekord: – Det var ikkje varsla at eg skulle springe så fort

10 hours ago 3



19. mai 2026 kl. 18:38

Ny storsiger for Noreg – slo Italia i ishockey-VM

Noreg slo Italia 4-0 i gruppespelet i ishockey-VM i Sveits.

Noreg tok kontroll tidleg i kampen og sette det første målet etter 11 minutt, då Eskild Bakke Olsen sette pucken i krysset.

I andre periode skåra Noah Steen 2-0-målet for Noreg, før Chirstian Kasastaul sette inn 3-0 etter 39 minutt.

Også i tredje periode viste Noreg form. Med fem minutt att på klokka sette 18 år gamle Tinus Luc Koblar inn 4-0-målet.

– Eg må trekkje fram arbeidsmoralen og offerviljen. Me blokkerte vel 25 skot i dag. Me blei trykte tilbake både i andre og tredje periode. Me fekk mange skot mot oss, men tenk på alle me blokkerte, sa landslagssjef Petter Thoresen til Viaplay.

Etter siger over Italia ligg Noreg på ein fjerdeplass i gruppe B. Dei fire øvste laga kjem til kvartfinale.

Noreg tapte 1–2 for Slovakia i opningskampen, men sidan har det blitt overtydande 4–0-siger mot Slovenia og Italia.

Det norske laget har i dei fleste VM måtte konsentrere seg om å berge plassen, men med seks poeng på tre kampar kan ein byrje å drøyme om Noregs første VM-kvartfinale sidan 2012.

Seinare i turneringa ventar tøffe oppgjer mot blant anna Canada og Tsjekkia.

Ishockeyspillere i hvite drakt med norsk flagg feirer på isen. En spiller med nummer 49 på ryggen går forbi reklamebandet. Andre spillere sitter på benken i bakgrunnen. Spillerne har hjelmer og hansker. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Foto: Anthony Anex / Keystone,NTB
Read Entire Article