– Vi er svært bekymra og fryktar for framtida til kinobransjen dersom ei slik samanslåing finn stad.
Det seier Espen Pedersen, som er administrerande direktør for Film & Kino.
Salet av Warner Bros. Discovery
Warner Bros. Discovery (WBD) er eit stort, amerikansk og multinasjonalt mediekonsern. Hausten 2025 starta ein bodkrig om konsernet, og Netflix ligg no an til å gå seigrande ut som kjøpar.
Pedersen fryktar at samanslåinga av Netflix og Warner Bros. Discovery (WBD) vil føre til at færre filmar går på kino.
WBD stod bak ei rekke av dei mest lønnsame filmane i 2025, blant dei «Superman», «A Minecraft Movie» og «F1».
Espen Pedersen
Administrerande direktør i Film & Kino
Skeptiske til Netflix
Netflix-sjef Ted Sarandos har lova at Warner Bros-filmane ikkje skal forsvinne frå kinoane.
Deadline skreiv i desember at Netflix vurderte å redusere perioden filmane er på kino til 17 dagar.
I eit nyleg intervju med The New York Times, avkreftar Sarandos dette. Han seier at kinoane skal få vise filmane eksklusivt i 45 dagar.
– Dersom vi skal operere i kinomarknaden, som er planen, så er vi konkurranseorienterte – vi vil vinne. Eg vil vinne premierehelga. Eg vil vinne ’box office’-kampen, sa Sarandos til NYT.
Foto: Jordan Strauss / AP / NTBPedersen tør ikkje å stole på Netflix-sjefen.
– Vi er skeptiske til Netflix sitt løfte om framtidige kinolanseringar, da selskapet i over ti år har uttrykt skepsis til kino. Dette har vore del av forretningsmodellen deira.
– Høgare prisar
Han er ikkje den einaste som er negativ til Netflix sitt oppkjøp. Det er også Forbrukarrådet, ved fagdirektør Finn Myrstad.
Finn Myrstad
- Fagdirektør i Forbrukerrådet.
Myrstad peikar på at oppkjøpet svekkjer konkurransen.
– Det kan gi høgare prisar, dårlegare utval og færre reelle val for forbrukarane, seier han.
– Meir makt hos selskapa betyr mindre makt hos publikum.
Trump skal involverast
Netflix anslår at det vil ta mellom 12 og 18 månader før oppkjøpet er ferdigstilt.
Transaksjonen skal gjennom mange instansar før han kan bli sett til livs.
Antitrustlovgivinga i USA skal verne konkurransen i den frie marknaden, ved å forhindre danninga av såkalla trustar og kartell.
Det er usikkert om oppkjøpet er i tråd med denne lovgivinga.
Presidenten skal ha ein finger med i spelet.
Foto: Dado Ruvic / Reuters / NTBUSA sin president Donald Trump har lova å sjå nærare på den eventuelle samanslåinga.
– Eg vil vere involvert i den avgjerda, sa Trump i desember.
Han sa ikkje om han var for godkjenning av avtalen, men peika på at den kunne vere problematisk.
– Det er ein stor marknadsdel. Det er ingen tvil om at det kan vere eit problem.
Kollaps av avtalen vil koste dyrt
Ketil Wig har jobba med fusjonar og oppkjøp i over 40 år – ti av dei i USA.
Han seier at begge sider i eit oppkjøp vurderer nøye om det kjem til å oppstå problem ved godkjenning av avtalen.
Ketil Wig
- Assisterande professor ved NMBU
- Over 40 års erfaring med fusjonar og oppkjøp.
– Noko av det første partane vurderer, før det i det heile blir lagt inn bod, er om det er mogleg at konkurransetilsynet grip inn, seier Wig.
Viss avtalen blir stoppa av amerikanske styresmakter, må Netflix betale WBD heile 5.8 milliardar dollar.
Dette brotgebyret er blant tidenes største av sitt slag, skriv Fortune.
Dersom aksjonærane i WBD stemmer imot avtalen med Netflix, må WBD betale eit brotgebyr på 2.8 milliardar dollar.
Netflix-sjef Ted Sarandos (til venstre) poserte saman med Warner Bros-sjef David Zaslav under Golden Globes tidlegare i januar.
Foto: Chris Pizzello / AP / NTB– Undervurdert strategi
Wig ser ikkje så negativt på avtalen, frå eit forbrukarperspektiv.
– Eg veit ikkje kva dei tenker, men eg ser for meg at Netflix kan tilby kundane sine ei slags pakkeløysing med HBO Max.
Han seier at dette hadde vore ein god idé for å behalde eksisterande kundar.
– Det er dyrt å skaffe seg nye kundar. Det er ein undervurdert strategi å heller sikre dei eksisterande kundane sine. Til det formålet, kan ein tilby dei rabatt, seier Wig.
Publisert 22.01.2026, kl. 20.51















English (US)