– Det viktigaste er å førebyggje. Halde det varmt, og ikkje spare på straumen.
Røyrleggar Kenneth Fagerlid i Førde veit kva han snakkar om. No er han nedlest i arbeid på grunn av frosne røyr.
NRK har kontakta dei største forsikringsselskapa for å høyre kor mykje varme folk bør ha på.
Kenneth Fagerlid i Dale Rør AS seier det er tidkrevjande å tine frosne røyr.
Foto: Magnus Vattekar Sandvoll / NRKSvaret er: Minst 10 grader.
Dette gjeld hovudsakleg rom kor det går vassrøyr – og særleg rom med røyr i ytterveggane.
Auke i skademeldingar
Førebels er det ingen flaum av skademeldingar til forsikringsselskapa.
For Gjensidige har det vore rundt 50–60 meldingar dei siste to vekene.
– Men det går relativt bratt oppover no, seier Bjarne Aani Rysstad i Gjensidige.
I sprengkulda i januar 2024 var det meir enn 7600 skademeldingar på grunn av frosne røyr. Det er 10 gongar meir enn januar i 2025.
Uff da.
Foto: Gunnar ArntsenDen er lei.
Foto: Stian KallestenNoko dritt.
Foto: Foto: GjensidigeLykke til.
Foto: If Skadeforsikring
Forsikringsselskapet Frende trur talet på skademeldingar vil auke kraftig til helga.
– Då vil mange dra til hytta og sjekke korleis det står til der, ifølge Marius Solberg Anfinsen i Frende.
Og apropos hytta: Her gjeld det å skru av hovudkrana når ein reiser vekk. Er det ikkje på stell, risikerer du å få att mindre pengar på forsikringa ved skade.
Eit sprokke vassrøyr kan fort ha ei utgift på 50.000 til 100.000 å fikse, ifølge Anfinsen i Frende.
Foto: Agnieszka Iwanska / NRKIkkje bruk gassbrennar
Viss røyra først er frosne, gjeld det å tine dei opp langsamt. Elles kan det gå frå vondt til verre. Her gjeld det å høyre med røyrleggaren.
Ein metode som ikkje er for amatørar, er å sette straum på røyret, ifølge Fagerlid i Førde.
Forsikringsselskapa har erfart fleire husbrannar etter uforsiktig opptining av røyr.
– Da har det ofte vore bruk av open flamme, ein gassbrennar til dømes, inni veggen. Det kan få fatale konsekvensar, seier Sigmund Clementz i If.
Mange blir først klar over skadar når mildvêret kjem.
Det gjeld mellom røyret som går til utekrana (som du burde ha huska å stenge av i haust).
– Når frosne og sprokne røyr tinar, kjem all elendigheita til syne, seier Rysstad i Gjensidige.
Dale Rør AS har ei innretning som set straum på vassrøyra.
Foto: Magnus Vattekar Sandvoll / NRKSå sjølv om det er trasig å bruke pengar på dyre straumrekningar, er det enda verre med sprokne vassrøyr.
Å skru av varmen no er å «spare på skillingen og la dalaren gå», som det heiter.
Så husk: Sett varmen på minst 10 grader.
Publisert 08.01.2026, kl. 05.54













.jpg)





English (US)