Klatrar fleire meter opp for å feste eit klistremerke: – Ikkje oppførsel Rosenborg ønsker

1 hour ago 2



Den strabasiøse klatreturen blei fanga på ein video som seinare har blitt delt på X.

Videoen viser ein svartkledd Rosenborg-supporter som klatrar på ein stålbjelke høgt over bortefeltet på Aker Stadion.

– Kom ned!, roper nokon på videoen.

Etter at han har plassert eit klistremerke på bjelken jublar fleire av bortesupporterane.

Rosenborgs supportere under eliteseriekampen i fotball mellom Molde og Rosenborg på Aker Stadion.

Omtrent 1500 trønderar tok turen til Molde i helga.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB

– Ikkje oppførsel Rosenborg ønsker

Hendinga fann stad da Molde tok imot erkerivalen på laurdag.

Kampen enda 2–0 til heimelaget og dei omkring 1500 tilreisande bortesupporterane måtte dra heim til Trondheim utan poeng i serieopninga.

– Vi jobbar med å identifisere kven dette er, så skal vi følgje opp direkte med personen det gjeld, seier dagleg leiar i Rosenborg, Tore Bjørseth Berdal, til NRK.

Han fortel at også Rosenborg har sett video av hendinga i sosiale medium.

– Dette er ikkje ein oppførsel Rosenborg ønsker.

Leiar i Rosenborg supportergruppa Kjernen, Inge Braa, har ikkje svart på NRK sine førespurnader måndag.

Rosenborgs Dino Islamovic og Moldes Birk Risa under eliteseriekampen i fotball mellom Molde og Rosenborg på Aker Stadion.

Dino Islamovic og Rosenborg fekk ikkje ein god start på den nye sesongen.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB

Kommunikasjonsdirektør i Noregs Fotballforbund, Ragnhild Connell, viser til dei involverte klubbane.

– Vi ventar eventuelt på ein delegatrapport, men gjer ikkje noko no, skriv ho i ei tekstmelding.

– Sikkerheit for publikum er svært viktig for oss

– Vi er kjent med hendinga som er delt i sosiale medium, fortel arrangementsansvarleg i Molde Fotballklubb, Per Lianes.

– Det dreier seg om ein enkeltperson som opptredde uforsvarleg ved å klatre i ein konsentrasjon på stadion.

Lianes fortel at hendinga blei handtert av arrangementsapparat og blir følgt opp internt i ettertid.

– Sikkerheit for publikum er svært viktig for oss og vi har etablerte rutinar for å handtere slike situasjonar.

Publisert 16.03.2026, kl. 15.15

Read Entire Article