Thunberg og opptil 200 demonstrantar frå aktivistgruppa Extinction Rebellion sperra inngangar ved Mongstad oljeraffineri i Nordhordland denne veka.
Dei krev at Noreg presenterer ein plan for utfasing av olje. Tysdag kveld pakka dei ned og drog mot Oslo og Stortinget.
– Me har kome her frå heile Europa for å senda ein tydeleg bodskap om at me står bak kravet til den norske klimarørsla. Og at me har augo på dette valet, som kjem til å bli avgjerande for heile verda, sa Thunberg til NRK.
Aktivistar samla på Mongstad denne veka. Ti personar blei måndag meldt til politiet etter å ha brote tryggingssona rundt oljeraffineriet.
Foto: Sissel Rikheim / NRKUtsleppa frå fossil energi gjer som kjent klimaet varmare, våtare og villare. På heile jorda, så som i Noreg.
Valkampen fram mot stortingsvalet 8. september har starta i ein slik sommar: Mange stader i landet var det først uvanleg varmt lenge, før vêret vart vått og vilt.
Den «deilige» hetebølga har prega sommaren, men nasjonale og globale klimaendringar pregar ikkje den norske valkampen i liknande grad.
Mange medium har fortald at klimapolitikk er blitt mindre viktige for nordmenn dei siste åra.
Det er både sant og ikkje sant, ifølge landets mest omfattande meiningsmåling.
Norsk medborgarpanel er ei spørjeundersøking der over 10.000 tilfeldig utvalde svarer skriftleg på ei lang rekke spørsmål om politikk og samfunnsliv. Dette er blitt gjort to-tre gonger i året sidan 2013.
Klima er framleis blant nordmenns viktigaste politiske saker, men mindre enn i 2020. Endringane i «hjartesakene» våre kan bli avgjerande for om Stortinget får raudt eller blått fleirtal.
Foto: Ismail Burak Akkan / NRKLike bekymra, men mindre viktig
Den siste spørjerunden – frå juni 2025 – viser mellom anna følgande:
- Klima er på «topp tre» i det nordmenn peikar på som si hjartesak: 12 prosent seier klimaendringane er det viktigaste samfunnsspørsmålet for dei personleg.
- Berre to andre tema kjem høgare på lista: 20 prosent har helse som si hjartesak, medan 13 prosent svarer økonomi.
- Men talet på dei som prioriterer klimatematikk høgast, har gått markert ned dei siste åra. I toppåret 2020 hadde 22 prosent klima som viktigaste hjartesak.
- Sjølv om klima no har falle til tredjeplass, svarer 45 prosent av oss at dei er litt eller svært bekymra for klimaendringane og konsekvensane. Det er akkurat like mange som i 2014. Talet har vore nesten heilt stabilt i elleve år.
NRK har spurd alle partia om desse resultata frå medborgarpanelet og i kva grad partia vil prioritera klimapolitikk i valkampen (sjå alle svara lenger nede).
I mars i år starta produksjonen på oljefeltet Johan Castberg i Barentshavet. Feltet sender no to tanklastar i veka – kvar med ein verdi på rundt ein halv milliard kroner.
Foto: Lars Morken«Hjartesak nummer tre»
Talet på nordmenn som har klima som viktigaste politiske hjartesak, er altså nesten halvert på fem år – frå 22 til 12 prosent.
Men at klimaspørsmålet er blitt mindre viktig for veljarane no, kallar Lars Haltbrekken (SV) likevel «ei etablert sanning som ikkje heilt har rot i verkelegheita».
– Det at klima framleis er på topp tre, viser at det er veldig høgt oppe i hovuda til veldig mange, meiner han.
Slik kommenterer partia at klima ikkje lenger er nordmenns politiske hjartesak nummer to, men at klima framleis er nummer tre:
Simon Elias Bogen / NRK
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap):
At mange framleis har klima som hjartesak, synest eg er bra. Ein ser tydelegare konsekvensane av klimaendringane rundt oss i form av auka temperaturar og meir ekstremvêr. Men det skjer andre store ting rundt oss. Krigen i Ukraina, tryggleik for god helsehjelp og krevjande økonomiske tider er det forståeleg stort engasjement for. Samtidig er klimapolitikken viktig både for folk og for oss.
Ismail Burak Akkan / NRK
Nestleiar Hans Andreas Limi (Frp):
Fleire veljarundersøkingar viser at klima har falle langt ned veljarane si prioritering av dei viktigaste sakene. Dette blir bekrefta av søkkande oppslutning for klimapartia. Vi trur at det hovudsakleg kjem av at veljarane har gjennomskoda dommedagsprofetiar og symbolske klimatiltak som er svært kostbare utan dokumenterbar effekt.
ISMAIL BURAK AKKAN / NRK
Stortingsrepresentant Mathilde Tybring-Gjedde (H):
Verda har endra seg mykje sidan 2020, med store prisstigningar for folk, handelskriser og stor uro i verda og krig i Europa. Det er kanskje ikkje så rart at klimapolitikk, som kan kjennast fjernare enn dårleg økonomi og krig, blir noko mindre viktig for folk akkurat nå. Men dette er ei stor global utfordring som eg trur mange veljarar framleis ser og er opptatt å løysa, sjølv i ei meir uroleg tid.
Terje Pedersen / NTB
Nestleiar Lars Haltbrekken (SV):
Vi lever i ei svært uroleg tid. Sidan 2020 har fleire viktige saker kjempa om merksemda: Ein global pandemi, Russland invaderte Ukraina, og Israel driv folkemord i Gaza. Men folk gløymer ikkje klimakrisa. Det ser ein også tydeleg på at klimabekymringa i befolkninga har vore stabil sidan 2014. Det hastar å få på plass ei reell klimaomstilling i Noreg og verda.
Ole Berg-Rusten / NTB
Nestleiar Sofie Marhaug (Raudt):
Sjølv om mange tema som påverkar folk i kvardagen – som prisvekst, inflasjon, ein konfliktfylt verdssituasjon og nedlegging av velferdstilbod – har fått meir merksemd, er klimapolitikken framleis viktig for veljarane.
Ina Marie Sigurdsen
Energipolitisk talsperson Gro-Anita Mykjåland (Sp):
Det er naturleg at folks bekymringar blir endra når verda blir endra. Dei siste åra har mange kjent på økonomisk usikkerheit, og usikkerheit og krig i verda. Det pregar kva saker folk oppgir som viktigast. Samtidig er tydeleg at mange framleis er veldig opptatte av kva klimapolitikk vi skal ha i Noreg.
William Jobling / NRK
Stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn (Venstre):
Verdsbildet er meir uroleg no – med krig i Europa og Midtausten, aukande geopolitisk uro og dyrtid. At veljarane òg er opptekne av tryggleik, økonomi og andre pressarande kriser, er forståeleg. Men klimaengasjementet lever framleis, og det merkar me godt når me møter folk. Det er gledeleg at klimapolitikk framleis er blant dei tre viktigaste sakene for folk.
Stian Lysberg Solum / NTB
Klimapolitisk talsperson Kjell Ingolf Ropstad (KrF):
I eit demokrati er det veljarane som avgjer kva saker som skal prioriterast. Klimautfordringane vil framleis vere aktuelle i lang tid framover, og det pregar også folks prioriteringar, sjølv om temaet har falle noko på lista dei siste åra. Klima og naturforvaltning framleis er viktige politiske område, og vi fortset å løfte dette.
Fredrik Varfjell / NTB
Partileiar Arild Hermstad (MDG):
Det er kjempebra at klima held seg på topp som ei av sakene som engasjerer flest folk i Noreg, trass i krigar i Gaza og Ukraina, Trumps inntog i Det kvite hus, høgrepopulismens frammarsj og dårlegare økonomi for folk. Det er berre tull å påstå at folk ikkje bryr seg om klima berre fordi andre saker også er viktige. Folk klarer å ha meir enn ein tanke i hovudet samtidig.
Nøgde med innsatsen sin
Alle partia bortsett frå Frp seier dei har og skal jobba hardt for utsleppskutt.
Både SV, MDG, Venstre og Raudt ser på seg sjølve som den drivande krafta i norsk klimapolitikk.
Både dei og andre parti trekker fram ulike klimatiltak og politiske sigrar som dei sjølve tar æra for.
– Kvart einaste år har me klart å kutta norske utslepp på Arbeidarpartiets vakt, og me har lansert det nest mest ambisiøse klimamålet frå eit industriland, seier klimaminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap).
Det nye klimamålet for 2035 er på minst 70–75 prosent utsleppskutt frå referanseåret 1990. Det er klart etter at eit forslag frå Venstre sikra fleirtal på Stortinget i sommar.
– Og me fekk med oss Ap og Høgre på at regjeringa skal planlegga for å nå dette målet utan å bruka tvilsame kvotekjøp i utlandet, seier Sveinung Rotevatn (V).
«Og dine konkrete klimatiltak er...?»
Medan den norske befolkninga, ifølgje medborgarpanelet, prioriterer helse føre økonomi og klima, er partia ikkje alltid villige til å rangera desse tre.
Det varierer også kor konkrete klimasaker partia svarar at dei vil trekka fram i valkampen.
Johan Mihle Laugaland / NRK
Eriksen (Ap) og Tybring-Gjedde (H):
– Kvart einaste år kuttar vi utslepp som tar oss nærare målet om å vera eit lågutslippsamfunn i 2050. Skal vi styrka norsk konkurransekraft framover, må vi leia an i den grøne omstillinga og levera framtidsløysingane til Europa og verda, seier Eriksen.
Tybring-Gjedde vil ha «effektive klimaløysingar som verkar».
– Meir fornybar energi, eit grønt skatteskifte og energi- og klimasamarbeid med EU.
Fredrik Varfjell / NTB
Ropstad (KrF), Hermstad (MDG) og Rotevatn (V):
– Klimainvesteringsfondet, som bidrar til store utsleppskutt i land som blir hardt ramma av klimakrisa, seier Ropstad.
– Eit nasjonalt månadskort til 499,- for buss, tog, ferje og T-bane i heile landet, og å fasa ut oljenæringa, seier Hermstad.
– Billigare kollektivtransport, frukt/grønt og gjenbruk. CO₂-fangst og -lagring, produsere meir fornybar energi og mindre fossil energi, seier Rotevatn.
Terje Pedersen / NTB
Marhaug (t.v.) og Haltbrekken (t.h.):
– Stans utbygging av motorvegar, hyttefelt og store energianlegg som raserer natur og aukar utslepp. Bruk straumen til verdiskaping og utsleppskutt, ikkje kryptofabrikkar/datasenter og elektrifisering av sokkelen. Forby privatfly, og gjer bruken av forureinande luksusyachtar dyr, meiner Marhaug (R).
– Det viktigaste Noreg kan gjera for klimaet, er å stansa ny oljeleiting, meiner Haltbrekken (SV).
– Hjartesaker kan avgjera valet
Professor Elisabeth Ivarsflaten ved Institutt for politikk og forvaltning på Universitetet i Bergen er leiar for Norsk medborgarpanel.
Ho forklarer at dei som har klima som «største hjartesak» både kan vera folk som er for eller mot klimatiltak. Det handlar om at klimaspørsmål er viktige for dei.
Men kva av funna i undersøkinga er politisk mest vesentleg?
- At klimatema framleis er på «topp tre»?
- Eller at temaet har gått ned frå andre til tredjeplass?
- Eller at klimabekymringa i befolkninga er like høg som før?
– For den som vil mobilisera på klimasaka i valkampen, er det jo uheldig at folk er mindre opptatte av saka. Det gjer det vanskelegare å få merksemd. Men etter valet kan det at veldig mange er bekymra for klimaendringane og ønsker at noko skal bli gjort, gjera det lettare for politikarane å ta tak i det, seier Ivarsflaten.
Elisabeth Ivarsflaten og kollegaer på Universitetet i Bergen har sidan 2013 undersøkt nordmenns haldningar innan politikk og samfunnsliv i Norsk medborgarpanel.
Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRKHo peikar også på at folks hjartesaker kan få mykje å seia i valet.
Små marginar kjem til å avgjera kva parti som kjem over og under sperregrensa, og dermed om venstre- eller høgresideblokka får fleirtal i Stortinget.
– Det blir jo truleg eit veldig tett val, dette. Kva som er dominerande hjartesaker, kan då spela inn og bli avgjerande, seier Ivarsflaten.
Publisert 20.08.2025, kl. 10.58