Kommunane skal få 4,2 milliardar meir i 2026: – Vi er svært skuffa

1 day ago 4



Det har ikkje stått dårlegare til med kommuneøkonomien på 40 år, ifølgje kommunesektorens organisasjon (KS).

No har regjeringa lagt fram forslaget til statsbudsjettet. Der har dei sett av 4,2 milliardar meir til norske kommunar i frie inntekter.

Det endelege budsjettet blir vedteke av eit fleirtal på Stortinget seinare i haust.

Styreleiar i KS, Gunn Marit Helgesen, er ikkje imponert over forslaget.

– Vi er svært skuffa og veldig overraska over at det nødropet frå kommunane og fylkeskommunane ikkje er høyrd frå regjeringa. Vi har dokumentert kor stramt det er i kommuneøkonomien, og dette får konsekvensar for tenestene til innbyggarane.

Gunn Marit Helgesen

Gunn Marit Helgesen i KS seier at kommuneøkonomien er stram.

Foto: William Jobling / NRK

Må ikkje kommunane sjølv effektivisere sektoren?

– Jo, og det gjer vi kontinuerleg, vi omstiller og effektiviserer med store beløp. Men det er noko med at tenestene som innbyggarane forventar må bli finansiert. Og det som er situasjonen no, er at dei kuttar tenester som fritidsklubbar eller helse- og omsorgstenester.

Heller ikkje forbundsleiar i fagforeininga Delta er overvelda av budsjettforslaget.

– Kommune-Noreg står i ein alvorleg økonomisk skvis. Oppgåvene veks mens budsjetta blir kutta. Stadig fleire varslar om ein kriseprega økonomi. Det trengst ei mykje kraftigare satsing frå regjeringa, meiner forbundsleiar Trond Ellefsen.

Regjeringa foreslår også i statsbudsjettet at staten skal få ein større andel av formuesskatten, medan kommunane skal få mindre.

Dårleg økonomi over heile fjøla

27 av 357 norske kommunar er per 15. oktober 2025 på den lite ettertrakta Robek-lista.

Robek er eit register over kommunar og fylkeskommunar som er i økonomisk ubalanse, der staten trer inn og tar kontroll over økonomien.

Det er inga fullstendig oversikt over kommunar som står i risikosona til å hamne i Robek, men KS har laga ei liste over norske kommunar som har lite økonomisk handlingsrom.

Områdedirektør for samfunn, velferd og demokrati i KS, Helge Eide, seier at mange kommunar slit med å få økonomien til å gå rundt.

– Det er ein veldig krevjande situasjon. Dei fleste kommunane gjorde i fjoråret opp rekneskap med underskot, og veldig mange kommunar var i raud sone. Dei har kombinasjon av høg gjeld, svake disposisjonsfond og negative driftsresultat.

Helge Eide

Helge Eide påpeiker at mange kommunar har høg gjeld.

Foto: Benyamin Farnam / NRK

Han seier at det er ein kombinasjon av ulike årsaker som gjer at kommunane slit.

– Ein viktig grunn er rentene. Veldig mange kommunar har høg gjeld, og då stig utgiftene til å betale renter på avdrag og lån. Ein annan grunn er presset i helse- og omsorgssektoren, der utgiftene har vakse på grunn av utviklinga i antal eldre.

Vidare påpeiker han viktigheita av at kommunane har frie inntekter, slik at dei sjølv kan disponere pengane ut frå behova til innbyggarane.

Vurderer samanslåing på grunn av økonomi

Av dei 180 kommunane i raud sone på KS si oversikt, finn vi mellom anna Ørsta og Volda på Sunnmøre.

Begge kommunane slit økonomisk, og tanken om samanslåing er ikkje framand.

Heilt tilbake til 2016 blei dei to kommunane samde om å slå seg saman, men ei folkeavstemming sette ein stoppar for det.

Snart ti år seinare har dei nok ein gong tatt opp samtalen, for å sjå om det kan gi kommunane betre økonomi.

I Volda kommune har kommunedirektør Rune Sjurgard ikkje vore borti større økonomiske utfordringar i heile si karriere.

– Så store utfordringar som det er no, har eg ikkje vore borti på mine 24 år som rådmann og kommunedirektør.

Han seier at innbyggarane kan vente kutt framover.

– No var statsbudsjettet littegranne meir positivt kom i kommuneproposisjonen. Men likevel må vi gjere ein skikkeleg jobb for å få ned utgiftene og for å få ein økonomiplan i balanse.

Han kunne ønske dei hadde større rom for frie inntekter.

Rune Sjurgard er kommunedirektør i Volda

Rune Sjurgard seier han aldri har vore borti så store utfordringar.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Og samanslåinga med Ørsta kan vere nærmare enn forventa.

– Det er vi positive til å jobbe vidare med, men det er ikkje bestemt at det blir ei samanslåing.

Også Ørsta-ordførar Per-Are Sørheim er open om utfordringane kommunen no står overfor.

– Vi er på terskelen til Robek. Vi slit med å få balanse i budsjetta våre, så det er ei stor utfordring.

Han er skuffa over budsjettforslaget til regjeringa.

– Det er ikkje tvil om at vi er skuffa over at regjeringa ikkje har gjort noko med signala sendt av Kommune-Noreg. Denne summen er i nedre del av det vi forventa.

Per-Are Sørheim (H) ordførar i Ørsta

Per-Are Sørheim seier kommunen er på terskelen til Robek.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Småpengar

I hovudstaden har Høgre- og Venstre-byrådet lagt fram eit budsjettforslag der dei kuttar ein milliard kroner neste år.

Finansbyråd i Oslo, Hallstein Bjercke (V), er kritisk til summen regjeringa har lagt fram.

– 4 milliardar er småpengar sett i lys av den situasjonen Kommune-Noreg står i. Oslo åleine har opplevd ei inntektssvikt på 3 milliardar dei siste åra. Det er tydeleg at regjeringa ikkje har tenkt å ta det på alvor.

en mann som sitter ved et bord

Byråd Hallstein Bjercke (V) meiner summen regjeringa har lagt fram er for låg.

Foto: Hallgeir Braastad / NRK

Publisert 15.10.2025, kl. 11.25 Oppdatert 15.10.2025, kl. 12.16

Read Entire Article