Kor kjem narkotikaen i USA frå?

15 hours ago 1



Verdas auge er retta mot Venezuela og USA.

Det etter at USA angreip fleire mål i Venezuela, og tok president Nicolás Maduro og kona Cilia Flores til fange.

USA hevdar at Maduro, kona og sonen har deltatt i omfattande narkotikaverksemd.

En person i en beige dress blir ført mot en svart helikopter av en annen person i militæruniform. Helikopteret står på en plattform, delt av et reflekterende vann. Bakgrunnen viser en lysende himmel, antagelig fra soloppgang eller solnedgang. Situasjonen kan tyde på en arrestasjon eller overføring. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Nicolás Maduro blei frakta frå fengselet Metropolitan Detention Center i Brooklyn til ein føderal domstol i bil og helikopter.

Foto: ADAM GRAY / Reuters / NTB

Dei peikar på det som ei hovudårsak for angrepet.

Men kva rolle speler eigentleg Venezuela i den latinamerikanske narkotikahandelen?

Transittland for kokain

– Venezuela er først og fremst eit transittland, slår Latin-Amerika-forskar Benedicte Bull fast.

Det vil seie at narkotika blir frakta gjennom landet. Det blir i liten grad produsert narkotika i Venezuela, ifølgje Bull.

Bull peikar på at både småfly, småbåtar og båthamner blir brukte for å frakte narkotikaen gjennom landet.

  • Statsviter og Latin-Amerika-forsker Benedicte Bull og generalsekretær i Caritas Norge Ingrid Rosendorf Joys

    Benedicte Bull

    • Latin-Amerika-forskar
    • Professor i statsvitskap ved Universitetet i Oslo

Av ulovlege stoff er det i hovudsak kokain, fentanyl, marihuana og heroin som blir smugla inn i USA frå Latin-Amerika.

– Politisk er fokuset mest på fentanyl og kokain, seier statsvitar Hilmar Mjelde.

Kokainen kjem frå Colombia, Peru og Bolivia, medan fentanyl kjem i hovudsak frå Mexico, ifølgje Mjelde.

– Fentanylet blir laga i Mexico med ingrediensar frå Kina, og blir smugla gjennom Mexico, legg han til.

Kartet viser landa som er involvert i narkotikaverksemda inn til USA. Det meste av narkotikaen blir produsert i Colombia, Peru, Bolivia og Mexico. Desse landa er markert i raudt. Ecuador er ein viktig eksportør og Venezuela eit transittland. Dei er markert i gult.

Narkotikaen blir i hovudsak smugla inn i USA til lands over grensa frå Mexico, men frakta nordover frå produsentlanda involverer også båtar og fly, ifølgje Mjelde.

– Venezuela speler ei viss rolle som transittland for kokainen, men ikkje for fentanylet. Landet er ikkje eit produsentland for nokon av stoffa, forklarar statsvitaren.

Bull peikar på Ecuador som ein viktig eksportør.

– Mykje av kokainen blir sendt ut frå Ecuador, men kjem frå nabolanda, seier ho.

Dette må du vite om situasjonen i Venezuela

  • Kvifor gjekk USA til angrep?

    USA sin president Donald Trump har sagt at målet med angrepet var å få kontroll over Venezuela sin president Nicolás Maduro.

    I USA er Maduro mellom anna tiltalt for «narkoterrorisme», og Trump hevdar at Maduro leier eit narkokartell som er terrorstempla i USA.

    Maduro avviser skuldingane, og har tidlegare sagt at Trump sin «krig mot narkotika» er eit påskot for å få kontroll over Venezuelas olje og for å avsetje han som president.

  • Har USA lov til å gjere dette?

    Nei, meiner alle ekspertane som NRK har snakka med i etterkant av angrepet.

    Folkeretten, som alle FN-land er plikta til å følge, slår fast at bruk av væpna makt mot ein annan stat ikkje er lov. Det finst to unntak: ved sjølvforsvar eller ved å få løyve frå FN sitt tryggingsråd.

    I tillegg krenker militæroperasjonen folkerettsprinsippet om immuniteten til statsoverhovud. Dette prinsippet inneber at ein sittande statsleiar er verna mot rettsleg forfølging og arrestasjon av andre land.

    USA argumenterer med at dei ikkje ser på Nicolás Maduro som den rettmessige statsleiaren, og at han dermed ikkje har immunitet, men det er framleis eit brot, ifølgje ekspertane.

    USA forsvarar handlinga som ein legitim politiaksjon støtta av militære middel, og hevdar at presidenten har konstitusjonell myndigheit til å handle mot truslar mot rikets tryggleik.

  • Kva vil USA med Venezuela?

    Trump har varsla at USA vil styre landet «inntil vidare» og at amerikanske selskap skal ta kontroll over oljeressursane slik at dei «flyt som dei skal».

    Venezuela sin visepresident Delcy Rodríguez meiner utsegna om olje beviser at angrepet aldri handla om demokrati, men om eit reint ressursran, og seier at «alt no er avslørt».

    Ekspertar peikar på at målet til Trump er å forme ei ny regjering som sikrar amerikanske interesser og fjernar russisk og kinesisk innverknad i regionen.

  • Kva skjer vidare?

    Trump har trua fungerande president Delcy Rodríguez med at ho vil betale ein «enda høgare pris» enn Nicolás Maduro dersom ho ikkje gir etter for amerikanske krav.

    Ho har på si side bedd folket om å samle seg for å forsvare Venezuela og landet sine naturressursar. Ekspertar peikar på at Trump potensielt har forplikta USA til ein langvarig krig.

    Midt i maktkampen er den humanitære uroa akutt; etter ti år med økonomisk kollaps og åtte millionar på flukt fryktar ein at auka vald og politisk kaos vil føre til ei forverra humanitær krise.

– Langvarig konfliktfylt forhold

Sjølv om Venezuela ikkje er ein stor eksportør av narkotika, held USA fast på at narkotikaverksemda er blant årsakene til angrepet.

Men Trump har også retta skuldingar mot fleire andre land i samband med narkotikaproduksjon, skriv BBC.

  • Han har skulda kinesiske selskap for å selje kjemiske stoff til kriminelle gjengar.
  • Han har skulda både Canada og Mexico for å «tillate store mengder folk og fentanyl» bli frakta inn i USA.
  • To menn i synlege sikkerhetsveste står framfor ein containerhamn, omringet av stablede fraktcontainere. Rundt dei er det sekker med et ukjent materiale stablet på paller. Omgivelsene tyder på ein lager- eller havnesituasjon. I bakgrunnen er det ein vegg med et logo- eller sponsorbanner. (Bildebeskrivelsen er laget av ein KI-teneste)

    Beslag av store mengder kokain på eit lasteskip i Colombia i 22. januar 2025.

    Foto: HANDOUT / AFP / NTB
  • Bildet viser fleire pakker med innhald av ukjent art, plassert på ein asfaltoverflate. Kvar pakke er innpakka i sølvfarget folie og merket med et nummer innanfor ein sirkel. Numrene varierer frå R1 til R35, og pakkene er ordna i rader. Omgivelsene er ikkje synlege utover den mørke asfalten. (Bildebeskrivelsen er laget av ein KI-teneste)

    Innhaldet i pakkane var truleg fentanyl og heroin. Biletet er frå eit beslag i Mexico, 14. mars 2025.

    Foto: HANDOUT / AFP / NTB
  • Ein person går mellom store mengder pakket materiale i ein lagerhall. Dekka består hovudsakleg av nye pakker, nokon mørke, de fleste lyse. Området ser organisert ut, med klar inndeling av pakkene i rektangulære seksjonar. Belysningen i rommet er dempa. (Bildebeskrivelsen er laget av ein KI-teneste)

    10. mars 2024 blei det gjort funn av 2.5 tonn marihuana på ein båt i Colombia.

    Foto: JOAQUIN SARMIENTO / AFP / NTB
  • Bildet viser ein mann som står blant store stablar av farga sekker og pakker. Mannen har på seg ein rutete skjorte og holder ein gjenstand i handa. Bakgrunnen er fylt med fleire lag av sekker i ulike fargar, plassert på paller. Omgivelsene ser ut til å vere et lager eller ein hamn. (Bildebeskrivelsen er laget av ein KI-teneste)

    17. februar 2022 gjorde amerikanske kystvakter eit stort beslag av kokain og marihuana i Det karibiske hav.

    Foto: Rebecca Blackwell / AP / NTB

Men tal frå amerikanske grensemyndigheiter sjølv viser at berre om lag 0,6 prosent av fentanylbeslag i USA i 2025 blei tatt på den kanadiske grensa.

– I Trump sitt hovud er alskens problem i Latin-Amerika sausa saman, seier Mjelde.

– Trump har snakka om illegal innvandring til USA, narkotika, terrorisme og olje som motiva for å angripe Venezuela, legg statsvitaren til.

  • Hilmar Mjelde, professor i statsvitenskap ved HVL.

    Hilmar Mjelde

    • Professor i statsvitskap ved Høgskulen på Vestlandet

Trump har også antyda at han kan komme til å angripe Colombia og Mexico.

– Colombia er også svært sjukt, styrt av ein mann som likar å lage kokain og selje det til USA. Han kjem ikkje til å gjere det særleg lenge, sa Trump måndag.

En person står ved et podium med mikrofon, iført mørk dress og rød slips. I bakgrunnen er flere amerikanske flagg synlige. Personen ser ut til å tale eller presentere noe. Omgivelsene er mørke og del av en scenebelysning. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Donald Trump har antyda angrep mot Colombia og Mexico.

Foto: ALEX WONG / AFP / NTB

Det er likevel lite truleg med eit liknande angrep mot Colombia og Mexico, ifølgje Bull.

– Eg trur ikkje det kjem til å bli den type intervensjon som vi har sett i Venezuela. Der var det veldig mange faktorar som samanfall. Det har vore eit langvarig konfliktfylt forhold mellom landa, seier Bull.

– Men det kan komme enkeltangrep. Han har lenge trua med å bombe kartell i Mexico og Colombia, legg ho til.

Maduro i retten

– Den illegitime diktatoren Maduro var narkotikabaronen i eit omfattande kriminelt nettverk, ansvarlege for smugling av enorme mengder ulovlege narkotiske stoff inn i USA.

Det sa USA sin president Donald Trump under ein pressekonferanse 3. januar.

I USA er Maduro, kona og sonen tiltalt for «narkoterrorisme», og for å ha hatt ulovlege våpen i sitt eige.

I bildet står flere personer i en rettssal. To av dem er kledd i blå drakter med oransje detaljer, mens tredje person er iført en dress. Flere tilskuere er synlige i bakgrunnen. Hendelsen ser ut til å være en rettslig prosess. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Teikninga viser Nicolás Maduro og Cilia Flores i retten i New York måndag.

Foto: Elizabeth Williams / AP / NTB

Ifølgje tiltalen har leiarar i Venezuela i ei årrekke misbrukt sine stillingar for å importere store mengder kokain til USA.

Maduro nektar straffskuld og i retten sa han fleire gonger at han er uskuldig.

– Eg er ein krigsfange, sa Maduro ifølge New York Times, og held fast på at han er bortført av USA.

– Akkurat kva Maduro har gjort har vi ikkje noko informasjon om utover det som ligg i tiltalen, seier Bull.

Følg utviklinga i Venezuela her:

Interessert i det som skjer i verda? Høyr podkasten til utanriksredaksjonen her:

Publisert 09.01.2026, kl. 10.53

Read Entire Article