Korleis ønsker du at politiet skal vera i framtida?

7 hours ago 1



DEBATT: Politiet er ein av dei mest sentrale institusjonane i samfunnet. Politiet er det sivile maktapparat vårt og skal medverka til tryggleik og rettstryggleik. Korleis politiet løyser sitt samfunnsoppdrag, handlar difor ikkje berre om dei som jobbar i etaten – det vedkjem oss alle.

Korleis skal politiet møte framtidas utfordringar i regionen? Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
  • Geir Sverre Braut

    Geir Sverre Braut

    Leiar av Politirolleutvalet

Publisert: Publisert:

For mindre enn 30 minutter siden

iconDebatt

Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

No skal eit nytt politirolleutval staka ut kursen for korleis politiet skal vera i framtida. Vi står overfor vanskelege, men spennande og viktige diskusjonar. Ønskjer vi oss eit Politimester Bastian-politi, som trur det beste om folk og hjelper til med stort og smått? Eller vil vi ha eit meir actionprega politi, som brukar vald i det godes teneste? Dette er ytterpunkt på ein skala, og truleg er svaret «ingen av delane!». Men kor på denne skalaen ønskjer vi at det norske politiet skal vera?

Politiet si rolle angår ikkje berre fagmiljø og offentlege instansar. Politiet si rolle angår alle som bur i Norge.

Det kanskje viktigaste resultatet av den førre politirolleutgreiinga var formuleringa av politiet sine grunnprinsipp. Desse har hatt stor tyding for korleis politiet er organisert, løyser oppgåvene sine og utøver makt. Prinsippa innebar blant anna at politiet skulle vere eit desentralisert, einskapleg politi med sivilt preg. Det førre utvalet meinte at prinsippa i sum skulle medverka til det dei kalla eit nærpoliti. Politiet skulle kjenneteiknast av små einingar, lite spesialisering, mange ulike typar oppgåver og med førebygging som hovudmål. Politiet skulle spegla befolkninga, vera integrert i lokalsamfunna, samarbeida med publikum og i liten grad bruka makt.

Eit nytt politi for ei ny tid?

Mykje har endra seg sidan 1980-talet, som teknologi, kriminalitet, befolkningssamansetninga og organiseringa av politiet. Endringstakten vil halda fram med å auka, og det blir forventa at politiet klarer å følgja utviklinga. Samtidig må politiet oppretthalda legitimitet i befolkninga. Utan brei tillit er det vanskeleg for politiet å løysa oppgåvene sine. I ei tid med raske endringar, ein spent tryggingspolitisk situasjon og mogelege nye truslar, blir tillitsdimensjonen både viktigare og samstundes stadig vanskelegare å oppretthalda.

Politirolleutvalet har fått eit omfattande mandat, frå å vurdera framtidige prinsipp for politiet, oppgåveporteføljen, kompetanse og samarbeid med andre aktørar, til å sjå nærare på korleis politiet kan løysa oppgåvene meir effektivt. For å lukkast må utvalet byggja råda sine på solid kunnskap. Det inneber forskingsbasert innsikt og erfaringar frå dei som kjenner politiet både frå innsida og utsida. Vi har allereie besøkt og snakka med politi, Hovudredningssentralen og samarbeidspartnarar i Rogaland tidlegare i år. Men ein ting er viktig å understreka: Politiet si rolle angår ikkje berre fagmiljø og offentlege instansar. Politiet si rolle angår alle som bur i Norge.

Vil ha innspel frå Rogaland

Rogaland er eit fylke med stor variasjon, men der folk både i byar og på bygder opplev samfunnsendringar som påverkar kvardagen. Utvalet fekk ved vårt besøk til Rogaland orienteringar om eit regionalt og globalt kriminalitetsbilete i endring. Korleis skal politiet møte framtidas utfordringar i regionen? Eg oppmodar alle til å dele erfaringar. Still spørsmål. Løft fram dilemma. Diskuter politiet si rolle rundt middagsbordet, i klasserommet, på arbeidsplassane og i offentlegheita. Eit politi som skal tena alle, må òg formast av alle! Send dine innspel til politirolleutvalget@jd.dep.no, eller via nettsidene våre

Publisert:

Publisert: 27. mars 2026 17:14

Read Entire Article