Køyrer vidare på med planar trass kjernekraft-pessimisme

3 days ago 18



– Dette er jo ikkje ein beskjed om å stansa arbeidet. Me køyrer på vidare så lenge me ikkje blir stansa, seier Austrheim-ordførar Morten Sognnes frå Høgre til NRK.

Kjernekraftutvalet la onsdag fram sin rapport, som viser at det ikkje er realistisk med kjernekraft i Noreg før på midten av 2040-talet.

Utvalet peiker mellom anna på det tek lang tid å planleggja sikker drift, og at det ikkje er lønsamt med kjernekraft slik kraftsituasjonen er no.

Dette er argument som Sognnes seier han ikkje kjøper.

– At det er dyrt å byggja ut veit me jo, men me får også store verdiar tilbake. Det er straum me manglar, og behovet vil berre bli større, seier han, og held fram:

Me må starta å møta dette behovet no, elles skyt me oss sjølv i foten.

Har alt tomt og planar

NRK fortalde tysdag at Austrheim er ein av fleire kommunar som har inngått avtalar med selskapet Norsk Kjernekraft AS.

Der har kommunen alt peika på tomt.

en gruppe mennesker som står på en stein (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

TOMTA: Ola Borten Moe og Jonny Hesthammer (begge frå Norsk Kjernekraft AS), Sara Hamre Sekkingstad, ordførar i Alver, Morten Sognnes, ordførar i Austrheim og Steffen Sæle, sjefingeniør i Norsk Kjernekraft AS på synfaring på ei tomt det kan bli kjernekraftverk.

Foto: Ronald Hole Fossåskaret / NRK

Sognnes er klår på at kommunen ikkje har tenkt å stansa samarbeidet, trass konklusjonane i rapporten. Han peiker på at det er Stortinget som skal avgjere.

– Det er moglegheiter her også, så me må berre jobba vidare. Så får me håpa at stortingspolitikarane bruker vit, og høyrer med nabolanda våre Sverige og Finland om kva dei har gjort, seier han.

Alver kommune: – Går vidare med planane

Alver kommune er ein annan kommune som vil gå vidare med planane.

Ordførar Sara Hamre Sekkingstad frå Senterpartiet seier rapporten ikkje endrar noko no.

Sara Sekkingstad

GÅR VIDARE: Alver kommune og ordførar Sara Hamre Sekkingstad seier dei ønskjer å gå vidare med planane om kjernekraft i kommunen.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Kommunestyret har gjort eit vedtak om å utforska kjernekraft uavhengig av regjeringa. Me går vidare med planane, og så vil tida visa om det er mogleg med kjernekraft i Noreg, seier ho.

Skal på høyring

Energiminister Terje Aasland (Ap) seier regjeringa vil følgja opp rapporten med ein gong. Onsdag vart han sendt ut på høyring i seks månadar.

– Eg trur det er viktig å ikkje forhasta seg i arbeidet. For dette arbeidet har perspektivet til mange generasjonar i seg, seier Aasland.

Dette må du vite om kjernekraft

  • Kva er eit kjernekraftverk?

    Tenk på det som ein gigantisk og avansert vasskokar. I staden for å brenne kol eller gass for å lage varme, deler ein atomkjernar (fisjon) av metallet uran. Denne prosessen frigjer enorme mengder energi som varmar opp vatn til damp. Dampen driv ein turbin som lagar straum.

  • Kor mykje straum kan små kjernekraftverk lage?

    Kjernekraftverka som Norsk Kjernekraft AS ønskjer å byggje i Noreg, er såkalla små modulære kjernekraftverk (SMR). Ifølgje selskapet kan eit anlegg med fire slike reaktorar produsere 10 TWh i året. Kvar av reaktorane treng eit område på storleik med ein fotballstadion. Til samanlikning: Alle dei 1400 vindturbinane i Noreg, fordelt på 65 vindkraftverk, produserer i dag 14 TWh i året Kjelde: SSB

  • Er kjernekraft trygt?

    Kjernekraft er blant dei tryggaste energikjeldene i verda, målt i tap av menneskeliv iht energimengd. Det kjem fram i rapporter frå EU og FN. FN har berre sett på erfaringa til no, og ikkje vurdert framtidig ulukkesrisiko. EU reknar risikoen som svært låg, men seier følgjene kan verte store. Samstundes reknar EU dambrudd for vasskraft som meir sannsynleg, med minst like alvorlege følgjer. Konklusjonane frå EU føreset at det raskt kjem løysingar for trygg og varig lagring av radioaktivt avfall. Det manglar idag. Kjelde: EU, FN

  • Er dei nye små kjernekraftverka tryggare?
  • Kan kjernekraftverk løyse klimakrisa?

    Kjernekraft gjev svært låge utslepp av klimagassar, og FNs klimapanel viser at teknologien kan spele ei viktig rolle for å hindre at temperaturen stig meir enn 1,5 grader. Samstundes påpeikar dei at nye kjernekraftverk, særleg i Europa og Nord-Amerika, ofte har blitt mykje dyrare og teke langt lengre tid å byggje enn fornybare alternativ som sol og vind, som no har falle kraftig i pris. Utan kjernekraft krevst det ein endå raskare utbygging av fornybar energi, meir energilagring, og store kutt i energiforbruket for å nå klimamåla. Kjelde: IPCC (AR6, WGIII) .

  • Kvifor har vi det ikkje i Noreg i dag?

    Noreg har hatt rikeleg med rimeleg vasskraft, og kjernekraft har politisk sett vore uaktuelt i tiår. No har krav om meir energi og naturvernomsyn gjort at debatten er tilbake for fullt. Snart kjem Kjernekraftutvalet sin rapport, frå eit utval sett ned av regjeringa.

Publisert 09.04.2026, kl. 20.13

Read Entire Article