Kraftig brann i trehus i Fredrikstad

3 weeks ago 28



Ein person er frakta til sjukehus, medan fire personar sjekka på legevakta for å ha fått i seg røyk.

Politiet har framleis ikkje oversikt over alle bebuarane enno, men dei jobbar med å finne ut av det.

– No er brannvesenet inne med røykdykkarar i bygget for å sjå om det er folk inne, seier operasjonsleiar Terje Nordang til NRK rett etter klokka 01.30.

Trehuset har fleire leilegheiter og ligg i Bydalen-området i Fredrikstad sentrum.

Politiet meldte om brannen klokka 00.27 natt til laurdag.

en person i gul hjelm som jobber med en brannhydrant

Det brenn kraftig i bygget.

Foto: Rahand Bazaz / NRK

Brannvesenet er på staden med store ressursar. Det opplyser vaktleiar Leif Høyland i 110-sentralen Øst.

– Det brenn framleis godt i bygget. Vi har starta med sløkking. Vi har røykdykkarar som jobbar med å få søkt gjennom bygget, seier Høyland til NRK.

Brann i Fredrikstad

Politiet seier at dei jobbar med å få oversikt på staden.

Foto: Rahand Bazaz / NRK

Publisert 12.04.2025, kl. 00.43 Oppdatert 12.04.2025, kl. 01.48

Read Entire Article