Kraftig storm på veg: – Alle faregradane er på bordet

5 hours ago 4



Sør-Noreg står overfor eit vêrsystem som er uvanleg kraftig for årstida.

Eit stormsenter som i Storbritannia har fått namnet «Dave» feiar over Skottland laurdag, og vil treffe Sørvest- og Sørlandet med full tyngde søndag føremiddag.

– Det er sjeldan vi ser så kraftig vind så seint på våren i Sør-Noreg. Vi tek dette svært alvorleg, seier statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid.

Vurderer det høgaste farenivået

Sjølv om dei endelege farevarsla er under utarbeiding, er meteorologane ikkje i tvil om alvoret. Dei følgjer tett med på utviklinga.

en side i en bok

Statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid og kollegaene følgjer tett med på stormen som ser ut til å treffe Sør-Noreg første påskedag. – Det er sjeldan kraftig storm for årstida i Sør-Noreg, seier han.

Foto: Eskil Byrkjeland / NRK

Meteorologisk institutt vurderer no om delar av kyststrekninga frå Stavanger til Lindesnes skal settast på raudt nivå – det høgaste varslingsnivået vi har.

Prognosane fredag føremiddag fortel om oppi sterk storm på kysten, kanskje orkan, og kraftige vindkast over land.

– Alle faregradane er på bordet, seier Fagerlid.

Vindretningen startar sør-sørvest, men dreier og er vest-nordvest på det sterkaste. Det følgjer også nedbør med.

– Det betyr at det er ganske låg snøgrense mange stadar. Det kjem ein god del snø, særskilt i sør i fjellet i Sør-Noreg, seier han.

I løpet av tidleg ettermiddag vil meteorologane i Noreg ha konkludert.

– Vi er i vurderingsfasen. Det kan fort bli raudt i delar av kyststrekninga. Det er snakk om sterk storm på kysten og svært kraftige vindkast over land, forklarer Fagerlid.

Åtvarar mot heimreise søndag

Statsmeteorologen seier stormsenteret er uvanleg kraftig for årstida.

– Nord-Noreg har hatt fleire tilfelle med ganske kraftig vind i april. I Sør-Noreg skal du leite litt i historiebøkene for å finne såpass kraftig vind i april, seier Fagerlid.

Det som gjer situasjonen ekstra spesielle er at uvêret treffer midt på ein av dei største utfartsdagane i året.

Meteorologen ber folk vurdere nøye før dei set seg i bilen første påskedag:

– Det er ikkje gunstig å reise midt på dagen. Då er det venta å vere på sitt sterkaste, frå føremiddagen til ettermiddagen søndag. Det er lurt å tenke på om ein skal reise før eller etter stormen.

Fagerlid peikar på fleire kritiske faktorar for dei som skal ferdast ute:

  • Stengde fjellovergangar: Særleg Langfjella vil få ein kombinasjon av snø og kraftig vind.
  • Innstilling av samferdsle: Ferjer kan bli liggjande til kai, og bruer kan bli stengde.
  • Farlege gjenstandar: Kraftig vind kan føre til trevelt og lause gjenstandar i vegbana.

«Brå avslutting på ferien»

Det er fylka Rogaland og Agder som ligg an til å bli hardast råka, men også Vestland, Telemark, Vestfold og Østfold vil merke dei kraftige vindkasta.

Sidan uvêret treffer midt i høgtida, innrømmer meteorologen at timinga er krevjande – både for folk på ferie og for beredskapsapparatet.

– Folk er i feriemodus på hyttene sine. No blir det kanskje ei brå avslutting for mange. Vi må også kalle inn folk på jobb i ei tid der mange har teke fri, seier Fagerlid.

Meteorologisk institutt vil konkludere om faregrad og nøyaktige område i løpet av kort tid.

Publisert 03.04.2026, kl. 10.59 Oppdatert 03.04.2026, kl. 11.52

Read Entire Article