Kraftige reaksjonar etter kroppskontroll: Måtte kle seg naken og spreie beina framfor mannleg lege

5 hours ago 3



– Vi var nøydde til å ta av oss undertøyet og stå der mens legen inspiserte oss i tre til fem sekund med beina spreidd.

Det seier den amerikanske skihopparen Paige Jones i podkasten «Good Game with Sarah Spain».

Det som gjorde det ekstra ubehageleg ved denne undersøkinga var at det berre var ein mannleg lege til stades.

– Når dei har bede oss om å skifte undertøyet tidlegare, har vi alltid hatt ein kvinneleg lege til stades. I år, da vi kom, var det ein mannleg lege. Han sa at han jobba som gynekolog, som eg trur det gjorde det greitt i deira auge, fortel Paige i podkasten.

Paige Jones midt i et skihopp.

VM-HOPPAR: Paige Jones deltok i VM i Trondheim

Foto: Matthias Schrader / AP / NTB

Line Jahr er assistenttrenar for Jones og resten av det amerikanske landslaget, og beskriv hendinga som «ubehageleg».

– Det er ikkje noko hyggeleg å kle seg naken framfor ein ukjent person, uansett. Det er jo litt nedverdigande på ein måte. Det ville i alle fall eg kjent på, òg. Du er ikkje så veldig høg i hatten når du går til ein gynekolog, heller, seier Jahr.

Undersøkinga er obligatorisk. Om dei ikkje stiller opp til kroppskontroll, får dei ikkje hoppe.

Ein føler at ein ikkje har noko val, for ein har lyst til å hoppe, så ein må berre gjennomføre det. Men det hadde absolutt vore ei betre oppleving for utøvaren om det hadde vore ein kvinneleg lege, seier Line Jahr.

Line Jahr iført en rosa jakke

REAGERER: Line Jahr, her avbilda under tida ho var i trenarapparatet på det norske landslaget.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

For tre år sidan innførte Det internasjonale skiforbundet (FIS) 3D-skanning av utøvarane. Dette er eit verktøy for å kontrollere at utøvarar ikkje juksar med utstyret.

Hopparane presiserer at dei ikkje er kritiske til kontrollen, men at det berre er mannlege legar til disposisjon.

For to år sidan måtte kvinnene på det norske kombinertlandslaget stå nakne framfor ein mannleg kontrollør.

I sommar blei kvinnelege hopparar først testa av ein mannleg lege i starten av august. Førre helg skjedde det igjen.

– Det var for lite tid til å løyse det. Men framover vil ein kvinneleg lege alltid vere til stades på førespurnad frå utøvarane. Vi respekterer kjenslene til utøvarane og forstår at nærværet til ein mannleg lege kan vere ukomfortabelt for kvinnelege utøvarar skriv pressetalsmann Horst Nilgen i ein e-post til NRK.

– Rett og slett for dårleg

Eirin Maria Kvandal har gjennomført tilsvarande kontroll tidlegare, men hevdar sjølv at ho ikkje blei like grundig sjekka som sine amerikanske rivalar.

– Var det da litt som Jones beskreiv; at ein rett og slett såg på underlivet?

– Nei, på ingen måte. Altså, dei såg jo at ein tok av trusa og ikkje hadde noko under. Men det var ikkje noko anna som var ubehageleg. Eg synest det gjekk veldig fint for min del, seier ho.

en person som har på seg jakke

KONTROLL: Eirin Maria Kvandal har gått gjennom tilsvarande kontroll tidlegare.

Foto: Terje Pedersen / NTB

– Kva tenker du om at FIS ikkje kunne sørge for at det var ei kvinne som gjennomførte undersøkinga?

– Det synest eg rett og slett er for dårleg. Det burde ikkje vere noko vanskeleg å få tak i ein kvinneleg lege. Det er jo helsepersonell, og skal det jo ikkje ha noko å seie om det er mannleg eller kvinneleg. Men det er klart, det har jo mykje å seie for tryggleiken til folk, og det vil vere veldig individuelt kva ein synest er greitt. Eg reknar med dei fleste vil følge seg betre om det er ein kvinneleg lege til stades, seier Kvandal.

Fleire under 18 år

Blant kvinnelege skihopparar er fleire av verdas beste under 18 år. Fleire fryktar at hopparar ned til 15-årsalderen kan bli utsette for liknande kontrollar og situasjonar.

Det er også ein av grunnane til at Paige Jones valde å fortelje historia si:

– Eg er på ein måtte redd for kva slags situasjonar dette kan sette mindreårige utøvarar i. Det finst både dårlege menneske og overgriparar der ute, og eg synest ikkje ein skal normalisere for mindreårige å vere naken i ein idrettskontekst. Det er ikkje trygt.

Nå håpar ho på ei endring, men Det internasjonale skiforbundet ønsker ikkje å sleppe opp på krava sine.

«Protokollen anbefaler for eksempel at den eine forelderen eller ei utnemnd verje er til stades når undersøkinga finn stad. Dersom dette ikkje er mogleg blir det anbefalt ein medlem av laget – helst av same kjønn som utøvaren – som er gitt løyve frå forelderen eller verja», skriv FIS i eit svar til NRK.

På dette området er Jahr også heilt tydeleg på at skiforbundet er nøydd til å utvikle gode rutinar:

– Om du skal hoppe i ein internasjonal konkurranse, så går dei yngste deltakarane i 10.-klasse. Eg skjønar at det kan vere ein veldig kinkig situasjon, i alle fall dersom det er ein mann som skal stå og sjå på deg mens du skiftar truse. Der har FIS absolutt eit forbetringspotensial når det gjeld rutinar, og at det i alle fall er ein av same kjønn som står og følger med, seier ho.

Publisert 22.08.2025, kl. 23.20 Oppdatert 22.08.2025, kl. 23.31

Read Entire Article