Krev over ein halv million etter at eiketreet hans fall

3 days ago 12



– Det er først og fremst trist at treet er borte. Eg skulle helst sett at treet stod der.

Det seier Øystein Leth frå Horten og viser oss det gapande holet i hekken der det store eiketreet vaks inntil i fjor haust.

I gata der han bur har dei fleste store eiketre på eigedommane sine, men Øystein meiner treet som stod på tunet hans var det aller finaste.

– Det var eit enormt stort eiketre, med ei krone som var særs stor og omfangsrik. Det var kanskje det aller flottaste eiketreet på Tveiten i Horten, seier Leth.

På varme sommardagar var det fint å kunne sitte i skuggen av det store treet, men under stormen «Amy» i oktober fall treet ned.

Et eiketre i Horten som falt ned i stormen Amy

Det store eiketreet var 110 år gammalt og gatas flottaste, meiner Leth.

Faksimile: Google maps

Mangla røter

Leth kontakta arborist Stian Antonsen for å få fjerna treet.

Han reagerte straks på at dette var eit underleg fall. Eit frisk tre av denne størrelsen skal normalt kunne tole ein storm, forklarer Antonsen.

– Når noko dett ned er årsaka ofte menneskeleg påverknad, så eg har alltid litt ekstra skarpe briller på når tre fell i urbane strøk.

  • Arborist Stian Antonsen

    Stian Antonsen

    arborist, Harpix Heartwood Empire AS

Han forklarer at tre av denne størrelsen er avhengig av eit stort og friskt rotsystem for å stå oppreist, men at røtene på dette treet var kappa av.

– Dei store forankringsrøttene gjer at tre kan stå oppreist i uvêr, men dei mangla på sida mot aust, som var den retninga vinden kom frå. Og det er jo ikkje naturleg.

Vegarbeid nær treet, utført av kommunen nokre år tidlegare, er truleg årsaka til at røtene blei kappa.

–Det var vegarbeid utanfor hekken min i 2017. Dei grov ein meter frå stammen, seier Leth.

Han fortel vidare at dei fann raud maskingrus langt nede i bakken, etter at treet fall.

– Det er i heilt klart grave i rotsona der, i nyare tid, seier arboristen.

Eiketre falt ned i storm
Et eiketre med jord og røtter, etter at det falt ned i en storm

Eiketreet etter at det fall under stormen "Amy".

Stian Antonsen, Harpix

– Ein høg sum

Også arborist og trepleiar Kristin Moldestad hos selskapet Trekontoret blei kontakta for å gjere ei vurdering av det 110 år gamle treet.

Verdivurderinga av treet er utarbeidd etter Norsk Standard og sett til 569.000 kroner.

Både størrelsen og alderen på treet ligg bak verdivurderinga, seier Moldestad.

– Det er ein høg sum i verdivurderingssamanheng. Og det heng saman med at treet var eit stort tre. Det var ein stor stamme og eit veldig godt og vitalt tre.

  • Planteviter og arborist Kristin Moldestad

    Kristin Moldestad

    planteviter og arborist, Trekontoret AS

Moldestad forklarer at det aktuelle treet hadde ein stammeomkrets på over 260 centimeter og dermed fell innanfor kategorien utvald naturtype – hole eiker etter naturmangfaldlova §52.

Ved inngrep i eller i nærleiken av slike naturtypar gjeld det ei særskild aktsemdplikt etter naturmangfaldlova.

Der meiner Leth at kommunen har svikta. Derfor krev han erstatning.

– Det vil overraske meg viss saka blir avvist, seier han.

Veiarbeid ved eiketreet på Tveiten i Horten

Det var vegarbeid rett utanfor tomta i 2017.

Foto: Øystein Leth / privat

– Ei uvanleg sak

Horten kommune har aldri opplevd eit liknande krav. Dette er ei uvanleg sak, seier Thomas Kirkhus, tenesteleiar for kommunalteknikk.

– Dette er ikkje ei vanleg sak for vår del. Og sikkert ikkje for forsikringsselskapet vårt heller, seier han.

Han fortel at dei nå jobbar med å finne dokumentasjon om tidlegare vegarbeid i området, men at det er for tidleg å svare på korleis denne saka endar.

– Å anslå noko vidare om saka i forhold til saksbehandlingstid og resultat, er per nå veldig vanskeleg å seie noko om.

Publisert 16.04.2026, kl. 12.01

Read Entire Article